Hopp til innhold

PST er bekymra før pridemarkering i Oslo

Trusselnivået i Noreg er framleis høgt før helgas pride-markeringar i Oslo. PST seier dei har registrert at ekstreme miljø har blitt inspirert av masseskytinga i sommar.

Dagen derpå etter skyting ved London pub i Oslo natt til 25. juni

To blei drepne og fleire skadde i masseskytinga i Oslo sentrum i juni. Ein av utestadane som blei ramma var London Pub, som er ein populær utestad for skeive.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Laurdag er det venta at tusenvis av menneske i gatene i Oslo som skal delta i den utsette pride-markeringa i Oslo. Tryggingstiltaka rundt arrangementet er skjerpa etter at toget blei avlyst i sommar etter masseskytinga i Oslo sentrum natt til 25. juni.

Ein av utestadane dei blei skote mot var London Pub, som er ein kjent utestad for homofile.

Etter angrepet sa PST at dei trudde skeive var målet, og at homofile kan vere meir utsette for terror i tida framover.

Trusselnivået i Noreg er framleis høgt i Noreg, og er no på nivå fire, seier assisterande sjef i PST, Hedvig Moe, til NRK.

– For oss vil det seie at vi meiner det er fleire aktørar som både har evne og vilje til å gjennomføre terror.

Miljø støttar masseskytinga

Ein viktig grunn til at mange arrangement blei avlyst i sommar, var at situasjonen var uoversiktleg. PST er framleis bekymra på grunn av trusselbiletet i Noreg, men dei har betre oversikt.

I løpet av sommaren har dei blant anna registrert at det finst grupper som støttar det masseskytaren gjorde i sommar.

– Vi har sett både på den høgreekstreme sida og blant ekstreme islamistar at det er personar og miljø som har blitt inspirert og har kome med støtte. Dette er ein viktig årsak til at vi framleis er på nivå fire, seier Moe.

Assisterende PST-sjef Hedvig Moe

Assisterande PST-sjef Hedvig Moe.

Foto: Olav Døvik / NRK

Det er politiet i Oslo som avgjer om det er forsvarleg å gjennomføre arrangement. PST har delt all relevant informasjon dei har, slik at politiet skal ha eit så godt grunnlag for ei avgjerd som mogeleg.

– Det er dei som har det beste biletet til å vurdere om ein kan gjennomføre eit arrangement, og om ein eventuelt må intensivere tryggingstiltaka. Dette har politiet god erfaring med å gjere, også med eit så høgt trusselnivå som vi har i dag.

Har sett inn tiltak

Ifølge arrangørane kan det bli 100.000 menneske i regnbogetoget som skal gå gjennom gatene i Oslo. I tillegg reknar politiet med at det er mange som vil følge med frå fortauet eller som sluttar seg til solidaritetsmarkeringa på Kontraskjæret etterpå.

Stabssjef Harald Nilssen i Oslo politidistrikt seier dei saman med arrangørane og Oslo kommune har dei prøvd å gjere arrangementet så trygt som mogeleg. Det blir blant anna mykje synleg politi i gatene.

Norway Cup sikkerhet

Stabssjef Harald Nilssen i Oslo politidistrikt.

Foto: Kristoffer Steffensen Lenes / NRK

Grunnen til at det er tryggare å gjennomføre no enn i sommar er at dei har fått meir tid på seg, seier Nilssen.

– Vi har kunne planlegge å sette inn dei tiltaka vi meiner er fornuftige. Og det har gjort at vi meiner det kan bli gjennomført innanfor dei rammene vi har i dag.

Kan endre seg

Sjølv om det no er gjeve grønt lys for regnbogetog gjennom gatene i Oslo laurdag, kan dette endre seg dersom trusselbildet skulle endre seg.

Politiet i Oslo har tett kontakt med PST for å vurdere situasjonen.

– Vi må vurdere dette fortløpande. Det kan framleis komme inn informasjon eller oppstå situasjonar som gjer at vi må sette inn andre tiltak eller komme med andre råd om gjennomføringa av arrangementet, seier Nilssen.

Pride-flagg utenfor politihuset i Oslo

Politiet i Oslo har heist regnbogeflagget utanfor politihuset.

Foto: Olav Døvik / NRK

Samtidig er det viktig er det for politiet at det blir tog denne gongen, etter avlysingane i sommar.

– Det er spelereglane i demokratiet at ein skal kunne ytre seg og at ein kan vise fram eit mangfald i hovudstaden. Dette er veldig viktig, og politiet har sett inn mange ressursar for at det skal bli mogeleg å gjennomføre.

Les også Dørvakten Saman hjalp flere skadde: – En kom for å drepe, en annen kom for å redde

Dørvakten Saman

AKTUELT NÅ