Hopp til innhold

Nærkontakt med festdeltakar: – Vanskeleg å få kontakt med kommunen

Ho hadde nærkontakt med ein smitta etter festane på Oslo vest, og meiner oppfølginga frå kommunen har vore for dårleg. Kommunen seier dei ikkje var førebudde på utbrotet.

Utsikt mot vestkanten fra Ekeberg i Oslo

VANSKELEG: Ein nærkontakt av ein festdeltakar frå Oslo vest opplever at det har vore vanskeleg å få kontakt med Oslo kommune.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Fleire har slite med å kome gjennom på koronatelefonen til Oslo kommune den siste veka. Laurdag fekk berre 360 av over 5000 som ringde svar, ifølgje Aftenposten.

NRK har vore i kontakt med ei kvinne som har vore i nærkontakt med ein av festdeltakarane på Oslo vest førre helg. Kvinna har valt å vere anonym, men NRK kjenner identiteten hennar.

Festdeltakaren fekk påvist koronasmitte tysdag, og tok kontakt med kvinna med éin gong. Etter dette forsøkte ho i to dagar å kome i kontakt med Oslo kommune for å ta ein test.

– Det var veldig vanskeleg å få kontakt med dei, seier kvinna, som forsøkte å ringe både koronatelefonen, legevakta og fastlegen.

– Då eg til slutt fekk det, fekk eg beskjed om at eg måtte ta testen privat om eg ville teste meg.

– Veldig frustrerande

Nærkontakten til kvinna gav ho òg beskjed om at alle som hadde vore i nærkontakt med festdeltakarar skulle i karantene, utan å få teste seg.

– Eg reknar med at kommunen har hatt mykje å gjere, men eg synest dei som har vore i nærkontakt med dei på festane burde prioriterast til testing.

Sidan ho fekk beskjeden om at nærkontakten var smitta har kvinna sete i karantene i kollektivet ho bur i. Ho fortel at det har vore vanskeleg for romkameratane å ikkje vete om ho er smitta.

– Det er veldig frustrerande. Det har vore vanskeleg for dei eg bur med å vite korleis dei skal stelle seg til meg. Eg har berre sagt dei må gå utifrå at eg er smitta.

– Har auka kapasiteten

NRK har spurt Oslo kommune om svar på kritikken frå kvinna. I ein e-post skriv kommunikasjonssjef Christian Ekker Larsen i Helseetaten følgjande:

«Vi veit det har vore veldig stor pågang på koronatelefonen den siste tida, og at altfor mange ikkje har fått svar. Vi har allereie auka kapasiteten på telefonen, og jobbar vidare med å betre den. Vi jobbar òg med ei løysing der ein kan registrere seg på nettsida for å bestille test. Dette vil gjere det lettare for innbyggjarar å bestille testing, samt redusere behovet for å ringe koronatelefonen. Vi ønskjer ikkje å kommentere enkeltsaker i media, men oppmodar heller personen om å ta direkte kontakt med oss viss ho ikkje er nøgd med kommunen sin oppfølging.»

– Tok veldig mykje tid

Vidare fortel kvinna at ho har haldt seg inne sidan ho fekk beskjeden om at nærkontakten var smitta. Dagen etter ho fekk vite om smitten vart ho kontakta av Vestre Aker bydel for smittesporing. Sine eigne nærkontaktar måtte ho ta kontakt med sjølv.

– Eg måtte til dømes ringe til treningssenteret mitt og fleire vennar. Det tok veldig mykje tid.

Ifølgje kvinna har alle hennar nærkontaktar fått testa seg for korona. Alle desse har testa negativt. Kvinna veit framleis ikkje om ho sjølv er smitta.

– Det er kjipt å måtte halde seg inne når eg ikkje veit om eg er smitta eller ikkje, seier ho.

Kraftig auke i pågangen

I eit lesarinnlegg i Aftenposten skriv fungerande direktør Truls Baklid i helseetaten i Oslo kommune at festane på Oslo vest har generert eit stort smittesporingsarbeid. Dette var dei ikkje førebudde på, skriv han.

«Det er veldig krevende, og vi er veldig lei oss for at vi ikke har klart å håndtere pågangen slik vi kunne ønsket.»

Baklid skriv også at koronatelefonen har opplevd ei kraftig auke i pågangen. I sommar har mellom 700 og 800 ringt kvar dag. I løpet av nokre dagar førre veke mangedobla dette seg, og laurdag ringde 5000.

«Dette var vi ikke bemannet for, og vi må innrømme at vi ikke har forutsett denne utviklingen etter en ganske rolig sommer.»

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger