Data- og IKT-kriminalitet er ein stor trussel i samfunnet, og den aukar stadig, men i årsrapporten frå Samordningsorganet kjem politiet med kritikk av seg sjølv.
«Til tross for at IKT-kriminalitet har vært utpekt som et prioritert område av Samordningsorganet for 2014, ble det ikke mottatt søknader om støtte til prosjekter om dette. Dette er bekymringsfullt», står det i rapporten.
– Kan ikkje anna enn å ta sjølvkritikk
Samordningsorganet har ansvar for organisert og alvorleg kriminalitet som går på tvers av fleire politidistrikt. I fjor delte organet ut 25,3 millionar kroner til politiaksjonar og etterforskingar i totalt ni politidistrikt.
- LES OGSÅ:
Vidar Refvik er ass. politidirektør og sjef for Samordningsorganet.
Ingen søkte om pengar til satsingar mot datakriminalitet i fjor. Dette uroar assisterande politidirektør Vidar Refvik.
– Vi kan ikkje anna enn å ta sjølvkritikk. Datakriminalitet er noko vi ønskjer å satse på og å bruke meir tid på. Dette er noko vi må løfte fram, seier Refvik til NRK.
– Vi etterlyser søknader frå politidistrikta. Vi ber dei om å prioritere dette i 2015, seier Refvik.
Etterlyser strategi
I politirapporten etterlyser Refvik «en nasjonal strategi for å bekjempe cyberkriminalitet».
– Datakriminalitet er eit aukande problem. Det skjer mykje kriminalitet på nett. Til dømes kjøp og sal av narkotika, hacking og pedofile som spreier bilete av barn, seier Refvik.
– Det er viktig at politiet blir flinkare til å bekjempe denne forma for kriminalitet. Vi er definitivt ikkje gode nok. Det er eit stort forbedringspotenisale, seier han vidare.
Refvik seier at Politidirektoratet er i gang med å lage ein strategi, og at han håpar at den kjem på plass om ikkje så lenge.
- LES OGSÅ: