Hopp til innhold

Ein mann i 20-åra er sikta for drap etter funn av ei død kvinne på Hellerud

I samband med ei trafikkulukke på E6 i Eidsvoll, fekk politiet informasjon som medførte at dei fann ei død kvinne i ein bustad på Hellerud i Oslo. Sikta sit i avhøyr tysdag kveld.

Bilen bærer store skader etter kollisjonen

Politiet fekk etter ei trafikkulukke på E6 informasjon som medførte at dei fann ei død kvinne i ein bustad på Hellerud.

Foto: Martin Benedikt Sjue / Eidsvoll Ullensaker blad

Ein mann i 20-åra er sikta for drapet på kvinna, og for drapsforsøk etter kollisjonen på E6.

– Oslo politidistrikt starta drapsetterforsking etter ei kvinne blei funnen død aust i Oslo, nærare bestemt på Hellerud, seier leiaren for drapsseksjonen, Anne Solem, på pressekonferansen.

Politiet har fastslått sikker id på avdøde, seier dei.

– Dette er ei kvinne som var i 20-åra. Det er ikkje oppnemnd bistandsadvokat enno. Vi har per no ikkje begynt på avhøyr av sikta, men det er framleis politiet sitt ønske å avhøyre han i kveld, seier Anne A. Solem, politioverbetjent Oslo politidistrikt til NRK tysdag kveld.

– Sikta er i avhøyr hos politiet nå. Vi går ikkje ut og kommenterer meir før det er avslutta – truleg ikkje før i morgon tidleg, seier Solem.

Anne Solem

Anne Alræk Solem, leiar for drapsseksjonen i Oslo politidistrikt.

Foto: Tonje Grimstad / NRK

Den døde kvinna blei funnen rundt klokka sju tysdag morgon.

Solem opplyste tysdag morgon at det har tatt ei tid for politiet å få varsla pårørande i denne saka.

Ser saka i samband med frontkollisjon

Øst politidistrikt fekk rett over klokka seks tysdag morgon melding om ein frontkollisjon mellom Morskogen og Espa på E6 i Eidsvoll.

Bilen som køyrde nordover, køyrde i feil fil.

Det var store materielle skader på staden. Dei involverte hadde lettare skader. Alle blei køyrde til sjukehus.

– Det var to personar som var involvert i bilen som køyrde sørover, og ein person som køyrer i motgåande felt, nordover E6, opplyser Solem.

– På staden får politiet informasjon, som medførte at vi på morgonen i dag fann ei død kvinne i ein bustad på Hellerud i Oslo. Eg kjem ikkje til å kommentera nærare kva denne informasjonen går i, konkret, legg Solem til.

Personen som køyrde i motgåande køyrefelt er sikta for drap.

Politiet ser også alvorleg på hendinga på E6.

– Øst politidistrikt har oppretta sak på drapsforsøk for den hendinga. Saka blir overført til Oslo politidistrikt så fort Øst politidistrikt har avslutta innleiande undersøkingar, seier Solem.

Politiet held pressekonferanse om saka.

Relasjon mellom sikta og avdøde

Politiet seier at den sikta er ein mann i 20-åra.

– Han er ikkje kjend for politiet frå før. Han blei formelt pågripen på staden, men er som sagt til medisinsk behandling på sjukehus, fortel Solem.

Politiet seier at dei har starta etterforsking og at kriminaltekniske undersøkingar går for fullt. Dei håpar på å få avhøyra sikta i løpet av ettermiddagen.

– Per no er vi tidleg i etterforskinga. Det er for tidleg å seia noko om motivet til hendinga i Oslo, og vi undersøker som sagt også vidare hendinga på E6.

Solem seier at desse hendingane blir sentrale tema når dei skal avhøyra den sikta mannen. Han skal i varetekt frå onsdag eller torsdag.

Politiet fekk etter ei trafikkulukke på E6 informasjon som medførte at dei fann ei død kvinne i ein bustad på Hellerud.

– Det er ein relasjon mellom sikta og avdøde, men vi vil ikkje seia noko om kva slags relasjon, seier Solem.

Det er fleire vitne som politiet kjem til å avhøyra i samband med saka. Politiet vil også koma tilbake til om det var fleire personar på adressa.

De har sikta han også for drapsforsøket i tilknyting til trafikkulukka. Tenkjer de at dette også var eit forsøk på å skada seg sjølv?

– Det er for tidleg å seia, men det er undersøkingar som vi har i mente når ein gjer den vidare etterforskinga. Men Øst politidistrikt opplyser at dei har oppretta drapsforsøkssak på det forholdet.

Kjell Ivar Hole

Kjell Ivar Hole, som bur i Hellerud-området, tykkjer det som har skjedd er heilt forferdeleg

Foto: Tonje Grimstad / NRK

– Og de har overtatt heile etterforskinga fordi de ser på alt i samanheng?

– Ja.

– Forferdeleg

Kjell Ivar Hole bur i området og fekk vita av naboar at ei kvinne blei funnen drepen.

– Det er helt forferdeleg det som har skjedd. Dette er jo den tryggaste plassen, seier Kjell Ivar Hole til NRK.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger