Politiet i Oslo frustrert over manglande smittevernomsyn i natt: – Folk har stått som sild i tønne

Folk på byen i Oslo tok lite omsyn til smittevern natt til søndag. I Trøndelag melder politiet om over 190 hendingar knytte til fest og bråk.

Lørdag kveld viste gradestokken 30 i hovedstaden - og det var lite som tydet på at vi er inne i en verdensomspennende pandemi.

Laurdag kveld viste gradestokken 30 i hovudstaden. Svært mange hadde tatt turen ut for å nyte kvelden. FOTO: Martin Hansen Bakaas/NRK

– Folk har stått som sild i tønner utanfor utestadane, seier operasjonsleiar André Kråkenes i Oslo politidistrikt.

Han fortel at det har vore meir folk på byen i Oslo natt til søndag enn natt til laurdag.

Natt til laurdag fortalde Kråkenes at politiet hadde loggført rundt 170 hendingar i Oslo, Asker og Bærum. Der av kring 70 prosent knytte til ordensforhold, slagsmål og bråk.

Håkon og Max

Håkon og Max var to av mange som var ute på byen i Oslo laurdag kveld. FOTO: Martin Hansen Bakaas/NRK

Natt til søndag var ei betydeleg rolegare natt med tanke på slåsting og aggressivitet mot politiet, fortel Kråkenes.

– Det har for så vidt vore ei betre natt samla sett. Det har og vore mindre meldingar om privatfestar og ordensuro. Så det har generelt vore meir behageleg for politiet. Men vi hadde ei alvorleg knivstikking på Tjuvholmen som kravde veldig mykje ressursar, seier Kråkenes.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Med tanke på folk sitt omsyn til smittevern har Kråkenes derimot lite positivt å seie om natta.

– Det var veldig mykje folk samla i Sofienbergparken tidleg på natta. Det var og rundt hundre personar som støya veldig mykje på Tjuvholmen, men vi fekk ikkje gjort noko med det på grunn av knivstikkinga i ei leilegheit på same stad, seier han.

– Kor stort omsyn har folk på byen i Oslo vist med tanke på smittevern i natt?

– Det var som i går, folk har stått som sild i tønne. Så det er litt synd at folk ikkje tar omsyn til det. Vår oppfordring er framleis at folk må følgje råda som er gjevne. Men det er opp til kommunen å følgje opp utestadane, svarar Kråkenes.

Torggata i Oslo

Politiet fortel at det har vore meir folk på byen i Oslo natt til søndag enn natt til laurdag. Her i Torggata laurdag.

Foto: Øyvind Rønning Nyborg / NRK

– Vil ikkje nøle med å innskrenke skjenketida

Byrådsleiaren i Oslo, Raymond Johansen, seier til VG at dei kan innskrenke opningstidene for skjenkestadene igjen. Han seier byrådet ikkje vil ta nokon sjansar med helsa eller liva til befolkninga i byen.

– Byrådet følgjer situasjonen nøye, har tett kontakt med politiet og våre eigne kontrollørar. Vi vil ikkje nøle med å innskrenke skjenke- og opningstider igjen viss reglane konsekvent blir brotne. Dette kan vi gjere på nokre timar varsel, skriv byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) i ein e-post til VG søndag etter festbråket denne helga.

Byrådsleder Raymond Johansen (Ap).

Byrådet vil ikkje ta sjansar med liva til befolkninga eller helsa deira, seier byrådsleiar Raymond Johansen.

Foto: Anders Fehn / NRK

Ingen grove brot

Victoria Marie Evensen er byråd for næring og eigarskap i Oslo. Ho seier at utvidinga av opningstidene ikkje berre er ei tillitserklæring til bransjen, men også til befolkninga.

– Kontrollørane våre har ikkje funne veldig mange grove brot hos utestadene. Problemet er opphopning av folk og at mange som er ute oppfører seg som at det ikkje føregår ein pandemi, seier Evensen til NRK.

Inntrykket av jobben utestadene har gjort i helga, seier ho er godt.

Byrådet ønskjer ikkje å straffe ein heil bransje. Først og fremst kan det vere aktuelt å stengje enkeltstader, dersom dei ikkje klarer å handtere smittevern slik dei skal.

– Så må vi vurdere om det er nødvendig med meir skjerpa tiltak, seier Evensen.

Victoria Marie Evensen

Byråd for næring og eigarskap i Oslo, Victoria Marie Evensen, seier det ikkje er funne veldig mange grove brot hos utestadene.

Foto: Oslo kommune

– Utruleg travel natt

I Trøndelag vart det laurdag kveld og gjennom natta loggført over 190 hendingar, knytte til fest og bråk.

– Det har vore ei utruleg travel natt med veldig mange loggførte hendingar, og veldig mykje å gjere for patruljane i heile distriktet, seier operasjonsleiar Ellen Maria Brende.

På Heimdal hadde mange ungdommar samla seg. Då politiet arresterte ein person skal ungdommane ha gått til angrep på dei.

Kort tid etterpå skreiv politiet på Twitter at foreldre må hente dei fulle barna sine.

Laster Twitter-innhold

Relativt travel natt i Vest politidistrikt

– Det har vore ei relativ travel natt til søndag. Vi har hatt ein del oppdrag som går på ordensforstyrringar og støy frå privatfestar. Det har spreidd seg rundt i heile politidistriktet, men det var mest i Bergen, seier Stein Rune Halleraker.

Operasjonsleiaren fortel at var mange personar på byen i Bergen.

– Vi ser generelt at ein del ikkje følgjer smittevernråda når folk er rusa, seier han og følgjer opp.

– Det er naturleg at fleire folk trekk saman når det er fint vær. Det vert fleire festar og meir støy. VI ønskjer å oppmode folk om å vise omsyn både når det gjeld støy, men og når det gjeld smittevernomsyn med tanke på at vi har ein pågåande pandemi.

Laster Twitter-innhold

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger