Svært hektisk natt for politiet i Oslo: – Slagsmål på nærast kvart einaste gatehjørne

Oslopolitiet ber folk om å gå i seg sjølve etter det dei beskriv som den mest hektiske festkvelden sidan før koronakrisa: – Folk gjev openbert blaffen i smittevernråda, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad.

Assisterende helsedirektør Espen Nakstad

FRUSTRERT: Assisterande helsedirektør Espen Nakstad ber folk om å skjerpe seg etter uroa i natt.

Foto: Vidar Ruud

– Det har vore veldig krevjande i natt, vi har hatt ekstremt mange ordensoppdrag i sentrum, seier operasjonsleiar i Oslo politidistrikt, André Kråkenes.

Natt til laurdag var den første helgekvelden der utestadene i Oslo fekk ha normale opningstider sidan 12. mars. Det var merkbart, fortel Kråkenes:

– Det har vore særleg krevjande i Klingenberggata og Stortingsgata. På eit tidspunkt i natt hadde vi slagsmål på nærast kvart einaste gatehjørne, det har vore veldig krevjande, seier han.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Operasjonsleiaren fortel at den travle kvelden deira byrja med at svært mange ungdommar samla seg i Grünerhagen i sentrum av Oslo.

– Og så tok det seg opp med vaksne menneske som var ute på byen. Frykteleg mange menneske var ute, det var veldig uroleg, seier han.

– Kor mange festrelaterte oppdrag har de hatt i natt?

– Eg har ikkje teljinga på det. Men vi har loggført rundt 170 hendingar i Oslo, Asker og Bærum i natt og 70 prosent av dei er nok knytte til ordensforhold, slagsmål og bråk. For det meste i Oslo sentrum, svarer Kråkenes.

– Kan du hugse sist de hadde ei så hektisk natt?

– Vi har nok ikkje hatt ei slik natt tidlegare i vår. Det verkar som om ting er i ferd med å ta seg veldig opp igjen no. Folk oppfører seg som før koronakrisa. Og så har vi varmen og normale opningstider i tillegg. Så det er mange ting som speler inn, svarer Kråkenes og følgjer opp:

– Eg håpar at ein del av dei som vaknar på glattcelle eller med ein blåveis i dag går i seg sjølv og tenkjer litt på korleis ein skal oppføre seg på byen.

z-8_RoWX

Sofienbergparken i Oslo sentrum. Fleire hundre ungdommar skal ha vere samla i bydelen Sofienberg tidleg i natt, opplyser politiet.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Kråkenes samanfattar kvelden:

– Det byrja i området Sofienberg med fleire hundre unge menneske som var samla. Det var veldig mykje bråk og støy. Dei forsvann etter kvart. Men etter midnatt tok det seg opp i området Stortingsgata, Karl Johans gate, Klingenberggata og Rådhusplassen. Der var det veldig, veldig uroleg og frykteleg mange menneske.

– Kva inntrykk har du av osloborgarane si handtering av smittevern i natt?

– Nei altså dei som har vore på byen trur eg ikkje har brydd seg i det heile tatt. Det er jo trist. Vi er tilbake til der vi var før koronakrisa, seier Kråkenes oppgitt.

Laster Twitter-innhold

Nakstad: – Folk gir blaffen

– Det som er uheldig er at folk openbert ikkje held avstand til kvarandre og openbert gir blaffen i smittevernråda.

Det seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad. Han fryktar at eit fåtal smitta personar skal smitte mange andre.

– Smitta personar på byen kan ende opp med å smitte veldig mange andre slik som folk no oppfører seg i Oslo, seier Nakstad.

Assisterende helsedirektør Espen Nakstad

FRUSTRERT: Assisterende helsedirektør Espen Nakstad er frustrert over nattens uro.

Foto: Vidar Ruud

Stille før stormen

– Eg tenkjer på smitterisikoen, innrømmer Lars (34), som NRK treffer utanfor Bislett stadion fredag kveld.

Der speler han basketball saman med fleire kameratar. Ingen får noko gratis når dei speler tre mot tre.

– Vi har jo nærkontakt når vi speler. Eg har med meg Antibac som eg spritar meg med, men eg skjønner at vi tar ein risiko, seier han.

På ein tur gjennom Oslo fredag kveld, observerte NRK mange som hadde teke turen ut i sola. Det var likevel relativt roleg samanlikna med korleis kvelden seinare skulle bli.

Ikkje alle følgde rådet om å halde 1 meter avstand til kvarandre.

Kameraten til Lars, Ulfar (40), har forståing for at folk er ute og nyt det gode vêret no som sommaren for alvor har kome til Oslo.

– No som pubane og kinoane er opne, og flya går, seier han og slår ut med armane, før han held fram:

– Ein må stole på at folk er ærleg og tek ansvar. Å spele PlayStation er gøy, men ærleg talt, seier Ulfar, som heller vil spele basketball.

Mykje feststøy i fleire politidistrikt

Operasjonsleiar ved Sør-aust politidiskrikt, Marianne Mørk, fortel om ein travel fredagskveld, og natt i distriktet.

– Det har vore mykje ordensforstyrringar og feststøy gjennom natta, seier Mørk.

Mange folk trekkjer ut i det fine vêret, og politiet i Sør-aust har eit inntrykk av at folk tenkjer mindre på smittevern no, fortel Mørk.

Laster Twitter-innhold

Også i Aust politidistrikt har det vore mange meldingar om støy i natt. Det fortel operasjonsleiar Terje Marstad.

– Som vanleg her på ei god sommarnatt, så blir det ein del støy. Vi har fått veldig mange støymeldingar frå heile distriktet, det går på musikk og høglydt skråling, men det har ikkje vore nokon stor dramatikk, seier han.

Frå midnatt og fram til klokka ni om morgonen har politidistriktet registrert 160 meldingar, fortel Marstad.

– Ein god del av det går på støy og typiske sommarlege aktivitetar, seier han og legg til:

– Fleire bør kanskje ha litt meir toleranse for støy frå naboen på slike sommarkveldar. Vi rekk ikkje over alle meldingane, seier Marstad.

Laster Twitter-innhold

I Nordland politidistrikt er ein mann arrestert, for å ha kasta ein annan mann i havet utanfor ein utestad i Sortland.

Laster Twitter-innhold

Troms politidistrikt har registrert cirka 15 oppdrag knytte til feststøy og ordensforstyrringar i natt. Det fortel operasjonsleiar Karl-Erik Thomassen.

– Nokon har hamna i drukkenskapsarrest. Fleire blir melde for ordensforstyrringar i natt, seier han og følgjer opp:

– Oppdragsmengda har auka dei siste vekene. Det tyder på at vi er meir tilbake til der vi var før koronapandemien.

Vest politidistrikt melder og om mykje festrelatert bråk i natt.

– Det har ikkje vore nokon alvorlege hendingar eller ulykker, men natta har vore prega av svært mange ordensforstyrringar og meldingar om høg musikk. Politiet har ikkje hatt kapasitet til å rykkje ut til alle meldingane, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker til Bergens Tidende.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger