NRK Meny
Normal

Politiet åtvarar mot digital mobbing: – Det vi les er hjarteskjærande

Ungdomspatruljen Asker og Bærum politidistrikt oppmodar foreldre til å snakke med borna sine om bruk av sosiale medium, etter fleire tips om grov digital mobbing. – Dette er straffbart, skriv dei.

Oppmodar på facebook

Ungdomspatruljen Asker og Bærum politidistrikt går ut på Facebook og oppmodar foreldre om å ta grep.

Foto: Skjermdump frå facebook

– Dette er ikkje eit eineståande døme. Det er grovt, men absolutt ikkje unikt, seier politioverbetjent og førebyggande koordinator ved Asker og Bærum politidistrikt, Ole Magnus Jensen.

Ungdomspatruljen Asker og Bærum politidistrikt la måndag ettermiddag ut ein status på si facebookside der dei oppmodar foreldre til å snakke med ungdommane sine om bruk av sosiale medium.

– Vi gjer dette fordi vi ser at det er naudsynt. Vi synest det er forferdeleg at enkelte vert utsett for dette. Vi såg moglegheita til å nå foreldre der ute når vi fekk inn eit så konkret døme, seier Jensen.

Du er stygg, dum, upopulær, kler seg merkelig og helt skutt i hodet. Gå og drep seg selv.

Utdrag frå eit tilfelle av digital mobbing
Kommentarar

Fleire har engasjert seg i kommentarfeltet til Ungdomspatruljen Asker og Bærum politidistrikt.

Foto: Skjermdump frå Facebook

– Eit tema som må haldast varmt

Kristin Oudmayer byline

Kristin Oudmayer seier at dei digitale flatene lokkar til seg dei som ikkje tør å mobbe ansikt til ansikt.

Foto: Nevruz Ebru Aksu

– Det kjennest trygt å sitje bak ein skjerm, eller med telefonen i handa utan å måtte ta stilling til andre menneske sine kjensler og reaksjonar, fortel Kristin Oudmayer, ho jobbar i UNICEF og er ekspert på mobbing. Ho har også skrive fleire bøker om temaet.

– Der og då opplever mange at det dei gjer ikkje får reelle negative konsekvensar. Tvert i mot kan dei kjenne seg modige, smarte og tøffe, særleg når dei greier å danne ein opinion og får andre meg seg, seier Oudmayer.

Ho håper at ei slik melding frå politiet kan minne vaksne om kor viktig det er å snakke om det som skjer i sosiale medium, og at dette er eit tema som må haldast varmt heime.

– Enkelte foreldre følgjer ikkje godt nok med

Jensen i politiet meiner at foreldre har det største ansvaret for at slikt ikkje skjer, og fleire følgjer ikkje godt nok med på kva barnet deira gjer på sosiale medium.

Kommentarfelt

Kommentarfeltet på statusen til Ungdomspatruljen Asker og Bærum politidistrikt.

Foto: Skjermdump frå Facebook

– Når ein let unge bruke sosiale medium så har ein eit ansvar for å diskutere kvifor og korleis slike plattformer skal brukast, og kva spelereglar som gjeld her. Dette er heilt klart eit foreldreansvar, seier han.

På få timar hadde over 200 brukarar delt innlegget til Ungdomspatruljen i Asker og Bærum politidistrikt.

Du er stygg og upopulær. Ingen liker deg på skolen, tro meg. Alle i klassen din snakker om hvor stygg og dum du er.

Utdrag frå eit tilfelle av digital mobbing

Mobbing på nett har fleire uttrykksformer

Det er stor variasjon når det gjeld mobbing på nett, ifølgje Oudmayer i UNICEF. Ofte handlar der om å legge ut eller sende rundt bilete utan samtykke, andre gonger kan det dreie seg om spydige eller latterleggjerande kommentarar, eller utestenging, seier ho.

Ho nemner døme på arenaer som Instagram, Facebook, Go Supermodel, Snapchat, bloggar, Tumblr og Kik, og sms, mms og epost.

– Og så finnast det altså enkelttilfelle som vippar over til truande og direkte sjikane som i dette tilfellet, legg ho til.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger