Hopp til innhold

Petter fryktar regjeringa sitt nye forslag vil forverre skulekvardagen hans

Skular og barnehagar kan få sleppe unna krav om å synstolke videoar på nettsider og applikasjonar. Forslaget møter sterk kritikk frå Blindeforbundet.

Petter Smestad sit i ein PC-stol på rommet sitt. Han sit ved skrivebordet sitt, kor det står ein PC. På senga sit Petters mamma, Siri Smedsrud. Ho ser på Petter frå sida og smiler.

Petter Smedsrud er blind og synest skulekvardagen vert meir slitsam jo meir digital den blir. Han og mamma, Siri, håper regjeringa vil stille krav til meir synstolking.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Det tar omtrent dobbelt så lang tid, og i tillegg er det dobbelt så slitsamt fordi eg må navigere rundt på så rare måtar.

Det seier Petter Smedsrud når han blir spurt om korleis det er for han å leite seg fram til ei nettside, samanlikna med ein klassekamerat som kan sjå.

Når Petter først har fått opna ei nettside er det framleis utfordrande å skaffe seg ei oversikt for den blinde 8.-klassingen. Datastemma les opp absolutt alt som står på skjermen, og det er mykje, slik som menyknappar og reklameannonsar, som ikkje er så interessant.

Petter er glad i skulen, men dei siste åra har han brukt stadig meir tid på å venne seg til ein kvardag kor digitale verktøy tek stadig meir plass.

Han synest det er dumt at han ikkje har lik tilgang på læremiddel som andre elevar.

– Når eg skal vurderast på lik linje som dei, så er det dumt at eg ikkje har like føresetnader, seier ungdomsskuleeleven.

Ny læreplan skapte nye utfordringar

Skulebøker har lenge hatt krav om å legge til rette for blinde. Men etter at nye læreplanar trådde i kraft i fjor er ikkje pensum berre avgrensa til slike skulebøker. Lærarane står meir fritt til å bruke andre læringsverktøy, slik som appar og video.

Slikt gjer skulekvardagen endå vanskelegare for elevar som allereie har ein god del utfordringar, seier Petters mamma, Siri Smedsrud.

– Allereie no er det derfor vanskeleg for blinde elevar å få likestilt tilgang på undervisningsmateriell. Eg meiner at det må vere eit krav at all undervisningsmateriell som vert brukt i norsk skule er laga slik at også blinde elevar har lik tilgang, seier Smedsrud.

Petter Smedsrud

Petter Smedsrud klarer seg godt når han får hjelp frå ei leselist og nokre høgtalarar. Men han bruker likevel lengre tid enn sine medelevar når ein video skal sjåast eller ei nettside skal lesast.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Regjeringa vil ha unntak for synstolking

Men i regjeringa sitt ferske forslag til såkalla «universell utforming av IKT-løysingar», så skriv dei i eit avsnitt at barnehage- og opplæringssektoren kan få behalde eit unntak for synstolking.

Dette står i kontrast til det regjeringa skriv i avsnittet før: «Med økende grad av digitalisering av opplæringen blir universell utforming stadig viktigere for å gi barn like muligheter for deltakelse, for å hindre at elever blir ekskludert fra obligatorisk undervisning, og for å unngå unødvendig individuell tilrettelegging.»

Blindeforbundet er sterkt kritiske til at regjeringa opnar for unntak for synstolking.

– Det er heilt uforståeleg. Dette vil få veldig stor betyding for synshemma barn sin kvardag. Det er så mange område kor ein vil møte lite tilrettelagde løysingar. Om det er video, film eller spel, eller kva enn det måtte vere, så vil ein møte løysingar som ikkje er gode, seier Sverre Fuglerud, seksjonsleiar for samfunnskontakt i Blindeforbundet.

Sverre Fuglerud smiler til kamera. Han er seksjonsleder informasjon og samfunnskontakt i Norges Blindeforbund.

Sverre Fuglerud, seksjonssjef i Blindeforbundet, meiner forslaget om unntak frå synstolking er uforståeleg.

Foto: Blindeforbundet

Regjeringa meiner det blir for dyrt

Grunnen til at synstolking ikkje blir eit krav handlar om pengar, seier statssekretær i Kulturdepartementet, Emma Lind.

– Dei samfunnsøkonomiske utgreiingane me har på synstolking av video viser at krava er veldig kostbare å innføre. Denne regjeringa er opptekne av at krava som vert innført faktisk kan bli gjennomført, og at me kan forsikre oss om at krava som blir stilt også blir etterlevd.

– Er det mindre kostbart for samfunnet å sende ansvaret vidare til kvar enkelt skule og lærarassistent?

Det er først og fremst knytt kostnader til det å lære opp folk, og ta i bruk desse verktøya. I tillegg er det løpande kostnader knytt til nytt materiell og nye ting som skal innførast. Så det er store kostnader knytt til synstolking, seier Lind.

Statssekretær i Kulturdepartementet, Emma Lind, ser inn i kamera. Ho representerer Venstre.

Statssekretær Emma Lind seier at regjeringa har vurdert det slik at eit krav om synstolking i skule og barnehage blir for kostbart.

Foto: Ilja C. Hendel / Kulturdepartementet

Statssekretæren peiker til at det allereie eksisterer lovverk som seier at læringsinstitusjonar har eit ansvar for å ha universell utforming av IKT-utstyr.

Sjølve lovforslaget skal opp til behandling i Stortinget 7. juni. Fuglerud i Blindeforbundet, håper at unntaket for synstolking vil forsvinne når saka skal opp i Stortinget.

– Eg håper veldig at dette får eit anna resultat, for dette er uakseptabelt, seier Fuglerud.

AKTUELT NÅ