Hopp til innhold

Sel piller for balansert vagina: – «Kvinnehelsevasking»

Papaya sel kosttilskot laga for å førebygga plager i underlivet. – Ingen dokumentert effekt, seier lege Ellen Støkken Dahl.

For 399 kroner i månaden kan abonnentar av Papaya melkesyrebakterier få tilsendt piller med probiotika i posten.

Ved å ta ein kapsel dagleg kan produktet hindra ulike plager kvinner har i underlivet, hevdar dei.

Produktet blir reklamert for på Facebook, Instagram og TikTok, og fleire influensarar har fronta tablettane.

«Papaya melkesyrebakterier, spesielt laga for å førebyggje symptom på bakteriell vaginose, soppinfeksjonar eller urinvegsinfeksjon», står det på selskapet sine nettsider.

Papaya

BV står for bakteriell vaginose, som er ein infeksjon i skjeden.

Foto: Skjermdump / Papyaya/Instagram

– «Kvinnehelsevasking»

– Dette er misvisande. Det er ingen studiar som viser at det er bra å ta éin kapsel om dagen over lang tid.

Det seier lege Ellen Støkken Dahl. Ho har skrive fleire bøker om kvinner si underlivshelse, og er kritisk til sal av probiotika som ein form for behandling mot ulike plager i underlivet.

– Desse pillene er «kvinnehelsevasking» av noko som eigentleg er eit kommersielt produkt. Og det bør forbrukarar ta med ei klypa salt, seier ho.

Ellen Støkken Dahl, lege Sex og samfunn

Lege Ellen Støkken Dahl er skeptisk til lovnadane som selskapet gjer.

Foto: Anne Valeur

Dahl meiner studiane Papaya sjølv viser til på eigne nettsider ikkje kan brukast til å konkludera slik selskapet gjer.

Når ein ser på forskinga Papaya viser til, så kan ein ikkje seie at dette har ein førebyggande effekt, seier ho.

– Studiane er for små, det dei viser er at probiotika kan hende kan forbetre effekt av tradisjonell behandling og at ein kan gjenfinne melkesyrebakterier i underlivet kort tid etter å ha tatt probiotika. Det er ikkje det same som å seie at probiotika førebyggjer eller hjelper mot sopp, bakteriell vaginose og urinvegsinfeksjon.

Papaya: – Stemmer ikkje

Payaya kom ut på marknaden i 2023, og er eigd av gründer Sarah V. Brusselmans og digitalbyrået Simpleness, som også står bak sengesettmerket Myyk.

I ein e-post til NRK skriv Brusselmans at ho starta Papaya i frustrasjon over manglande tilgang på eit førebyggjande alternativ for problem i underlivet.

Ho er ikkje einig i Dahls kritikk.

– Det stemmer ikkje at det ikkje finst dokumentasjon. Me valde dei to spesifikke bakteriestammene i våre produkt nettopp fordi leverandøren har god dokumentasjon og kliniske studiar på desse stammene, skriv ho.

Men lege Ellen Støkken Dahl er òg kritisk til at selskapet «utnyttar» unge kvinner på jakt etter eit produkt som kan hjelpa mot reelle plager.

– Kvifor må produktet kosta 400 kroner?

– Det er heilt enkelt fordi me har utvikla eit kvalitetsprodukt. Som bevisst forbrukar er eg meir bekymra når eit produkt er billig, då veit eg at nokon har tatt kostnaden ein stad i verdikjeda eller at kvaliteten er lav, svarar Brusselmans.

Ber om meir forsking

Studentane Jenny Floen og Frid Danielsen meiner det er for mykje fokus på produkt, og for lite fokus på forsking, i kvinnehelsedebatten.

– Nokon synest det fungerer, nokon synest ikkje. Det burde bli betre forsking på kvinnehelse, så ein slepp å proppe i seg ting som kanskje fungerer. Det er sikkert mange som bruker sjukt mykje pengar på det, for det er noko dei slit med. Og så blir dei ruinerte av firma som skal tene pengar på det, seier Danielsen.

Frid og Jenny på Majorstua

Frid Danielsen og Jenny Floen vil heller ha meir forsking enn meir produkt å putte i kroppen.

Foto: Julia Thommessen / NRK

Dei er opne for at tablettane til Papaya kan fungere for nokon. 400 kroner i månaden synest dei likevel er ein stiv pris for noko som berre kanskje fungerer.

– Om det er nokon som slit med det i kvardagen, at dei ofte opplever det, så er det sikkert veldig greitt for dei å ta det om det faktisk gjeld. Men for alle dei som kanskje får det éin gong i livet, eg tippar dei ikkje kjem til å betale for det, seier Floen.

Sissel May på Majorstua

Sissel May Berntsen meiner kroppen naturleg ordnar opp sjølv – og at viss uhellet er ute, kan ein heller kjøpe medisin på apoteket.

Foto: Julia Thommessen / NRK

Sissel May Berntsen er i Oslo for å besøke dottera som bur i byen. Ho meiner kroppen ordnar opp sjølv.

– Så viss du skulle vere så uheldig å få ein infeksjon, ein soppinfeksjon eller liknande, så finst det medikament på apoteket. Eg synest kanskje ikkje det er naturleg å ete førebyggjande tablettar kvar einaste dag. Kor mange år skal du gjere det, og kva vil det eventuelt koste?

Ho meiner tablettane vitnar om ein industri som har sett sitt snitt til å tene pengar på eit tema som er i vinden om dagen, nemleg kvinnehelse.

Les også Mange gjer feil i dusjen: Gynekolog åtvarar mot såpevask

Vulva på lilla bakgrunn med såpebobler rundt.

Berntsen trur det gjerne er unge jenter som lèt seg påverke, og at dei kanskje ser på tablettane som ei rask og enkel løysing.

– Dette er jo ikkje «kvikkfiks», det handlar jo om levemåten din. Og eg tenker sånn økonomisk sett for desse som da bit på det, så vil det bli ganske kostbart for dei etter kvart.

– Hovudsakleg handlar det om at nokon ser sitt snitt til å få økonomisk vinning av det. Dessverre.

Vil ikkje påføra skade

Gynekolog Johanne Sundby har forska på kvinnehelse i mange tiår. Ho har ikkje lese studiane Papaya viser til, men seier inntak av probiotika i seg sjølv ikkje er farleg.

Johanne Sundby, en dame i 50-årene, sitter foran en mørk bakgrunn. Bildet er fra brystet og opp. Hun har mørk, åpen jakke i tweed, en mønstret lys bluse under. I halsen har hun et blått, gult og rødt-mønstret sjal. Hun har blondt hår løst festet bak, med noe løst hår som faller ned rundt ansiktet, og en tjukk, litt rufsete lugg ned i pannen. Hun har blå øyne og smiler inn i kameraet.

Gynekolog Johanne Sundby meiner ein bør vera skeptisk til dyre produkt utan dokumentert effekt.

Foto: Universitetet i Oslo

Ho meiner også at ein ikkje kan utelukka at det kan ha positiv effekt på enkeltpersonar.

– Men å ta ei pille kvar einaste dag, og betale 400 kroner i månaden, er nok litt «overkill».

Ho meiner det er mange kvinner som trur dei luktar vondt, eller har unormal utflod, utan at det faktisk er tilfelle.

– Gå til lege om du ser endring i utfloden, anbefaler ho.

Les også Reagerer sterkt på Volvat sitt «juni-tilbod» for kosmetiske inngrep

Skjermbilde av Volvats kampanje med tilbud på fillere og injeksjonsbehandlinger.

Også gynekolog ved Universitetssjukehuset Nord-Norge (UNN), Kristine Amundsen, anbefaler å oppsøke lege om ein har plager i underlivet.

Ho har heller ikkje lest forskinga Papaya viser til, og uttalar seg på generelt grunnlag.

– Som gynekolog kan me ikkje anbefala dyre produkt med få eller ingen studiar som viser effekt. Som forbrukar bør ein vera varsam, og søke faglege råd, før ein eventuelt bruker mykje pengar på for eksempel kosttilskot, seier ho.

AKTUELT NÅ