Hopp til innhold

Volvat fjernar reklame for kosmetiske inngrep

Volvat lokka kundar med 20 prosent rabatt på fillerar og injeksjonar. – Kynisk måte å drive marknadsføring på, seier lege. No legg selskapet seg «flat».

Skjermbilde av Volvatreklame.

Slik reklamerte Volvat på Facebook for rabatt på fillere og injeksjonar.

Foto: Volvat

Slik reklamerte Volvat på Facebook for rabatt på fillere og injeksjonar.

Foto: Volvat

«Juni-tilbod».

«Kampanje!».

Slik reklamerte Volvat på Facebook og eigne nettsider denne månaden.

Tilbodet gjaldt kosmetiske inngrep hos ein av deira mange klinikkar i Sør-Noreg.

– Spelar på folk si usikkerheit

At Volvat har reklamert for fillerar og injeksjonar, reagerer lege, spesialist i allmennmedisin og forfattar, Kari Løvendahl Mogstad, sterkt på.

– Dette er ein tilslørt og etter mi meining kynisk måte å driva marknadsføring på. Den spelar på usikkerheita til folk.

Ho har skrive boka «Kroppsklemma», som blant anna handlar om kroppspresset blant unge.

Ho meiner alle har ei plikt til å betra den veldige påverknaden mot barn og unge, som gjer at dei slit med kroppsbiletet.

– Ein stor og seriøs helseaktør som Volvat bør tenke seriøst gjennom korleis dei bidreg, seier ho.

Kari Løvendahl Mogstad

Lege og forfattar Kari Løvendahl Mogstad reagerer på at ein stor og seriøs aktør reklamerer for fillerar og injeksjonar på denne måten.

Foto: Nikol Herec

– Ei rynke er ikkje ein sjukdom

Mogstad reagerer spesielt på bruken av ordet «behandle» i kampanjen.

– Du treng ikkje behandla ei rynke. Det er ikkje ein sjukdom. Den ordbruken er berre provoserande, seier ho.

Samtidig forstår ho at dei marknadsfører akkurat dette:

– Det er ein stor industri med mykje pengar, som dei tener godt på, seier Mogstad.

Legen presiserer at kva enkeltpersonar vel å gjera og bruka pengar på er heilt opp til dei sjølve.

– Men eg er kritiske til at aktørane pådyttar oss slik reklame anten me vil det, eller ei.

Reklame fra Volvat for filler og injeksjonsbehandling.

Ein Facebook-brukar fekk opp denne reklamen frå Volvat onsdag ettermiddag.

Foto: Skjermdump Facebook

– Ikkje okei

Også Norsk plastikkirurgisk forening reagerer.

– Me synest ikkje dette er okei. Denne typen behandling skal ikkje vera reklame- og kampanjeprega slik me ser her, seier leiar i Norsk plastikkirurgisk forening, Lars Frich.

Frich understrekar at han kommenterer dei konkrete Facebook-annonsane NRK har sendt, ikkje Volvat si marknadsføring elles.

– Ein skal vere meir tilbakehalden når ein reklamerer for slike inngrep, meiner han.

Han meiner ein prisreduksjon eller kampanje kan vere i konflikt med Legeforeningens etiske reglar.

Der står det blant anna:

«Legetenester skal berre marknadsførast åleine eller som del av andre helsetenester. Ved marknadsføring av legetenester skal ein ikkje tilby tilleggsfordelar eller mogelegheit for å oppnå slike fordeler, eksempelvis i form av rabattar, gåver eller gratis konsultasjonar».

– Om dette er direkte ulovleg, må myndigheitene eventuelt vurdera, seier Frich, som er overlege og spesialist i generell kirurgi og plastikkirurgi.

Lars Frich, leder i Norsk plastikkirurgisk forening.

Lars Frich i Norsk plastikkirurgisk forening.

I mars blei reglane for kommersiell marknadsføring av kosmetiske inngrep stramma inn med ei ny forskrift.

– Forskrifta blei endra slik at det no kjem klart fram at ikkje berre kirurgiske operasjonar, men også injeksjonar med fillerar og liknande kjem inn under denne forskrifta, opplyser Frich.


Volvat «legg seg flat»

Volvat-gruppa er det største private helseføretaket i Noreg. Dei har private sjukehus over heile landet og tilbyr ei lang rekke helsetenester.

Staten kjøper også tenester frå Volvat, blant anna for å unngå lange køar ved dei offentlege sjukehusa.

Etter at NRK tok kontakt, har Volvat onsdag kveld fjerna rabattilbodet. Selskapet skriv til NRK:

«Når det gjelder kampanjen dere viser til, så legger vi oss flate. Rabattering for denne type tjenester kan virke uheldig, og det ønsker vi ikke å bidra til

Volvat har i ettermiddag hatt dialog med mediebyrået sitt, og dei har no stadfesta at rabattilbodet er fjerna.

«Vi beklager at denne har gått ut, og setter pris på at dere har tatt kontakt,» skriv selskapet.

Vidare undertrekar Volvat at dei har eit «hudtilbud med et primærfokus på medisinsk hud. Kosmetisk hud utgjør en svært liten del av vår virksomhet

Dei skriv at marknadsføringa deira rettar seg mot eit vakse publikum, og det blir styrt gjennom dei segmenteringsverktøya som er tilgjengelege, mellom anna på Facebook.

«Vi bruker aldri før/etter bilder og har et fokus på å bruke bilder, ord og uttrykk som ikke bygger opp under økt kroppspress.»

– Klare grenser for korleis ein kan marknadsføra

– Reklame for kosmetiske inngrep med medisinsk utstyr, som for eksempel fillerar til leppene, er lovleg. Men det er klare grenser for kva slag påstandar og verkemiddel det er lov å bruka, seier seniorrådgjevar Helen Vikdal Thorbjørnsrud i Legemiddelverket.

Dei opplyser i ein e-post til NRK at dei ikkje «kan saksbehandle i media», men at dei tek med seg tipset vidare.

– Det er ikkje noko konkret i regelverket for medisinsk utstyr som definerer at bruk av rabatt og prisavslag som del av marknadsføringskampanjar er ulovleg, skriv Legemiddelverket i e-posten.

Helen Vikdal Thorbjørnsrud

Helen Vikdal Thorbjørnsrud i Legemiddelverket.

Foto: Legemiddelverket

I mai vart det kjent at Helsetilsynet, Legemiddelverket og Forbrukertilsynet hadde hatt ein felles tilsynsaksjon kor dei avdekka eit stort omfang av marknadsføring av kosmetiske klinikkar.

Totalt 40 klinikkar fekk brev frå ein eller fleire av tilsynsmyndigheitene om at dei måtte retta opp ulovleg reklame.