Kvar tiande innbyggjar i denne kommunen er i karantene

10 er smitta av koronaviruset og kring 160 personar er sette i karantene i Hyllestad i ytre Sogn.

Hyllestad

HARDT RAMMA: Leiinga i Hyllestad kommune har framleis ikkje kontroll på det store smitteutbrotet i den vesle kommunen. Rådhuset er blant bygningane som er blitt stengde for besøkande.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Berre torsdag dukka det opp seks nye smittetilfelle i Hyllestad kommune som tel 1.316 innbyggjarar.

– Vi ventar svar på fleire prøver som vart tekne i går, så talet kan stige. Og i dag har det vore testa veldig mange, kring 150 på legekontoret og hos Havyard, seier ordførar Kjell Eide.

Han vedgår at dei ikkje har kontroll på smitteutbrotet.

– Nei, i ein pandemi er det ikkje mogeleg å ha kontroll, men vi meiner vi er godt rigga.

Har ikkje kontroll på utbrotet

Ordføraren stadfestar at fleire av dei smitta jobbar ved hjørnesteinsbedrifta Havyard, skipsverftet i Leirvik.

– Men vi veit ikkje kvar smitten kjem frå. Det vert jobba med å finne av det no, seier Eide.

Kjell Eide, ordførar i Hyllestad (Ap)

UROLEG: Ordførar Kjell Eide utelukkar ikkje at det kan dukke opp fleire personar med koronasmitte.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Han seier at situasjonen er krevjande for den vesle kommunen.

– Det krev mykje ressursar, men vi har vore heldige og fått hjelp frå nabokommunen Fjaler, seier Eide.

Kva treng de hjelp til?

– Vi treng folk som blant anna kan hjelpe til med å ta testar. Og viss dette vert langvarig, er det behov for avlasting, seier han.

Smittesporing i Hyllestad

SMITTESPORINGSTEAM: Tilsette frå Fjaler kommune hjelper Hyllestad kommune i arbeidet med smittesporing.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Stengjer ned kommunen

Det store smitteutbrotet har fått store konsekvensar i Hyllestad. Både skulen, idrettshallen og barnehagen i kommunen er stengde inntil vidare. Det er også innført strenge besøksrestriksjonar på sjukeheimen og kommunehuset. Også den største arbeidsplassen i bygda, skipsverftet til Havyard i Leirvik, har valt å stengje.

– Verftet vel å stanse aktiviteten som eit strakstiltak slik at ein kan få kartlagt situasjonen og sette i verk ytterlegare tiltak for å stoppe smittespreiing, skreiv Havyard i ei pressemelding onsdag.

Dei tre første smittetilfella er også knytte til verftet, fortel ordføraren.

– Slik vi kjenner til det, har dei eit arbeidsforhold ved Havyard. Men om dei har fått smitta derfrå eller andre stader, veit vi førebels ikkje, seier Eide.

Har testa halvparten av dei tilsette

Dagleg leiar Erlend Hatleberg hos Havyard Ship Tecknology stadfestar at sju av dei 460 tilsette ved verftet er smitta av koronaviruset.

– Vi har sett i gang eit omfattande testprogram, og så langt er vel halvparten av dei tilsette testa. Berre i dag har vi testa 88 personar, seier Hatleberg til NRK torsdag kveld.

Han fortel at dei elles testar alle utanlandske arbeidarar to gonger før dei får byrje i jobb ved verftet.

Havyard i Hyllestad

STOGGAR AKTIVITET: Verftet Havyard stoggar aktiviteten inntil vidare.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Kan vere større omfang

I helga blei det kjent at ein utanlandsk arbeidar ved verftet Havyard i Hyllestad hadde testa positivt på covid-19. Mannen kom frå Polen torsdag og testa seg då han landa på Flesland.

Onsdag blei meldt at to familiar i Hyllestad var sette i isolasjon etter at det var registrert tre nye smittetilfelle. Smittekjeldene er ukjende og for alle tre tilfella vart det sett i gang smittesporing.

Tom skuleplass i Hyllestad

STENGT: Skulen og barnehagen i Hyllestad held stengt inntil vidare.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det klart at det kan vere eit større omfang enn vi håpar på, legg ordføraren til.

– Unngå sosiale samlingar

Ordføraren ber innbyggjarane om å vere forsiktige.

– Unngå helst større sosiale hendingar, ha gjerne heimekontor om du kan og følg dei nasjonale smittevernråda, oppmodar han.

Han minner og om at dei tre matbutikkane i kommunane køyrer ut varer til dei som ikkje kan eller ønskjer å handle fysisk i butikkane.

Kommunehuset i Hyllestad

STENGT: Det er innført besøksrestriksjonar på sjukeheimen og kommunehuset inntil vidare.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Status Norge

Sist oppdatert: 31.10.2020
2 313
Siste uke
61
Innlagt
281
Døde