Hopp til innhold

Over 100 tilfelle av hjartebetennelse etter koronavaksine

105 personar har fått betennelse i hjartet etter koronavaksine. Statens legemiddelverk følgjer nøye med, men meiner folk ikkje treng å vere bekymra.

BioNTech-Pfizer

Det er flest tilfelle av hjartebetennelse hos dei som er vaksinerte med Pfizer og Moderna.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Til no er over 5,6 millionar dosar koronavaksine blitt sette i Noreg, og stadig fleire blir vaksinerte.

Det har blitt rapportert om forskjellige biverknadar, og nye tal viser at somme har fått betennelse i hjartet.

– Det meldt om 80 tilfelle av hjarteposebetennelse og 25 tilfelle av hjartemuskelbetennelse, opplyser medisinsk fagdirektør ved Statens legemiddelverk, Steinar Madsen.

Kan vere fleire symptom

Det er mest vanleg å få ulike biverknadar av vaksinen dei første tre døgna etter stikket. Men symptoma på betennelse i hjartet kjem ofte seinare, som regel etter 14 dagar.

– Folk skal ikkje vere bekymra, men viss dei merkar symptom som kan ha med hjarteposebetennelse eller hjartemuskelbetennelse å gjere, så må dei sjølvsagt ta kontakt med helsevesenet, seier Madsen.

Steinar Madsen, medisinsk fagsjef i Statens legemiddelverk.

Steinar Madsen i legemiddelverket, som også er kardiolog, seier auken i tilfella kan ha samanheng med at den yngre aldersgruppa no blir vaksinerte i Noreg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Dei fleste som får denne biverknaden er unge menn rundt 30 år. Hjartespesialist Wasim Zahid ved Drammen sjukehus seier det kan vere fleire symptom.

– Symptoma er i hovudsak ubehag i brystet, brystsmerter, og sidan det er ein betennelse kan det også vere feber, seier Zahid.

– Spesielt det som har med brystsmerter, hjartebank, pustevanskar og svimmelheit å gjere, det skal ein vere obs på, legg han til.

Ingen alvorlege tilfelle

Betennelsen kan oppstå i sjølve hjartemuskelen eller i hjarteposen, og er stort sett lett å behandle. Som regel blir ein sett på betennelsesdempande medisin.

Wasim Zahid

Wasim Zahid er spesialist i indremedisin og kardiologi.

Foto: Christina Oppelstrup Juelsen / NRK

– Det vi har sett så langt tyder på at folk får milde forløp med desse tilstandane, og at i løpet av dagar og veker er dei fleste blitt friske igjen med korrekt behandling, seier Zahid.

Hjartespesialisten meiner folk ikkje bør bekymre seg for å ta koronavaksinen.

– Vi likar jo ikkje at folk får biverknadar, men vi tenker det er ein del av dette. Når vi vaksinerer så mange, vil nokon få biverknadar, seier Zahid.

Det er ikkje rapportert om alvorlege tilfelle av hjartebetennelse i Noreg, men Legemiddelverket følgjer situasjonen nøye.

– Dette er veldig milde tilfelle som går over av seg sjølv. Vi har ikkje hatt nokon alvorlege tilfelle i Noreg, understrekar Madsen.

AKTUELT NÅ