Hopp til innhold

Oppskrifta på den perfekte koronajula

Ribbesvoren treng ikkje vere perfekt, og du må ikkje ha bakt sju slag julekaker. Men det er ein del andre julereglar som er viktigare å følge i år. Her er ei oversikt.

Julefeiring i familien

Slik feirar vi jul i korona.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

«Viss ingen får korona, og passar seg for det, så skal alle saman snart få feire jul igjen.»

Det var sånn omtrentleg det som var bodskapen til statsminister Erna Solberg i starten av desember.

Då var smitta på veg ned etter ein ny smittetopp i november, og regjeringa la fram sine første råd for julefeiringa i håp om å unngå ein ny smitteoppgang på nyåret.

Etter den tid har det kome fleire råd, og det kan vere vanskeleg å få oversikt.

Men, det viktigaste er som alltid at alle må vaske hender, halde avstand og halde seg for seg sjølv om ein føler seg litt pjusk.

Kva så me alle dei andre reglane? NRK har forsøkt å samle dei viktigaste råda og reglane som Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet og regjeringa har kome med før jula tek til.

Om du ikkje vil lese alle kan du trykke på temaet du lurer mest på og hoppe direkte dit:

  1. Reglane for jule- og nyttårsarrangement i heimen
  2. Sosiale reglar gjennom juleferien
  3. Besteforeldre og andre som kan vere i risikogruppa
  4. Julegudsteneste og andre offentlege arrangement
  5. Spesielle reglar for Oslo
  6. Reisa heim til jul, og tilbake igjen
  7. Hytteturen
  8. Krysse landegrenser før jul

Jul og nyttår i heimen

Gjestelista di bør ikkje ha meir enn ti namn. Dette kjem i tillegg til dei som allereie bur i husstanden, og eventuelle studentar som er heime på juleferie.

Anbefalinga er at du anten kan arrangere eller vere med i eit selskap to gonger i løpet av juleferien. Med andre ord bør du til dømes ikkje arrangere to selskap med ti gjester, for deretter å delta i andre selskap i tillegg.

Det bør vere ein meter mellom alle gjestane som ikkje er frå same husstand. Om det er ikkje er plass til det, så bør du ha færre gjestar.

Folk som er i risikogruppa skal ein halde to meter avstand til. Avstandsregelen gjeld heile tida, både ved middagsbordet, rundt juletreet og utover julenatta. Du bør vurdere å ha færre gjestar om du inviterer nokon i risikogruppa.

Ikkje drikk for mykje alkohol. Det er eit generelt eit godt råd i jula, men ekstra viktig når smittevernråd skal følgast. Jo meir alkohol, jo mindre tenker du på å halde avstand.

Julefeiring

På julaftan kan litt vere meir enn nok.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Kor sosial kan ein vere i jula 2020?

Du bør nesten prioritere. Det generelle rådet er å avgrense sine nærkontaktar over tid. Difor bør du forsøke å unngå sosiale settingar der du kjem i kontakt med ulike grupper med folk. Om du ønsker å feire jul med familien, så hald deg for det meste til dei gjennom jula.

Om du ikkje klarer å unngå ein fest eller sosialt lag i romjula, så bør du i det minste ha eit slikt arrangement ute. Der er det enklare å halde avstand, og mindre fare for smitte.

Kjem du reisande frå ein stad med mykje smitte, så bør du vere ekstra obs på avstand, handvask og moglege symptom på sjukdom.

Og om du føler deg litt dårleg, så må du halde deg for deg sjølv. Sjå ein julefilm, et litt julekaker, men dropp brettspelinga og middagen med familien. Ha ein plan B for jula i tilfelle du blir sjuk rett før avreise, eller nokon i husstanden skulle bli sjuk.

Barn bør ha faste leikekameratar gjennom jula. Og om foreldra bur i kvar sin husstand, så er det lov for barn å ha normalt samvære med foreldra gjennom jula. Men om det blir smitte i ein av foreldra sine heimar, så må begge heimane følge smitte- og karanteneråd.

John Fredriksens årlige julelunsj på Theatercaféen

John Fredriksen måtte avlysa si årlege julelunsj.

Foto: Oleberg Rusten / NTB

Korleis feire jul med nokon som er i risikogruppa

Dette kan vere eit sårt og vanskeleg dilemma. Les gjerne ekspertane sine råd for korleis ein best kan finne ut kven som skal få feire jula saman.

I utgangspunktet er det ingenting i vegen for at heile familien kan feire jul saman, så sant det er færre enn ti gjestar på besøk hos husstanden som har invitert til julefeiring.

Men det er viktig at alle som er i risikogruppa tenker nøye gjennom kor viktig det er å feire jul på vanleg måte. Og jo fleire personar, jo større er sjansen for smitte. Uansett må alle halde to meter til personar i risikogruppa.

Kjem det ein student heim til jul frå ein by med mykje smitte, så aukar sjansen for at eit anna familiemedlem i risikogruppa kan bli alvorleg sjuk. Snakk saman for å finne gode løysingar, er det beste rådet til ekspertane.

Kanskje kan alle vere einige om at alle andre i familien skal droppe å møte andre i ti dagar før jul, slik at alle kan kjenne seg trygge på at personen i risikogruppa kan feire jul utan risiko?

Jente som ser på juletre.

Pass på dei rundt deg.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Julegudsteneste og andre offentlege arrangement

Rundt omkring i landet kjem norske kyrkjer til å ha ulike måtar å arrangere julegudstenesta på. I Meråker i Trøndelag har dei til dømes planar om å halde julegudstenesta ute på kyrkjebakken, og dermed kan 250 vere med på gudstenesta i staden for 50 personar.

Og i Kristiansand kjem kyrkjedøra til å stå open, og så lenge det er færre enn 50 personar inne i kyrkja kan ein gå inn for å lytte til juleevangeliet og julemusikk.

I Vår Frelsers kyrkje i Haugesund pleier det å vere rundt 2.300 på julegudsteneste. I år skal dei ha fire julegudstenester, med 200 gjestar til saman. Det blir påmelding og førstemann til mølla.

I Oslo vert det berre lov med 20 gjestar i benkane på julaftan, uavhengig av kor stor kyrkja er. Også der skal ein del kyrkjedører stå opne slik at folk på tur kan gå innom for å tenne ljos, høyre julesalmar og anna.

Sjekk nettsidene til din lokale kyrkjelyd for å få vite meir om korleis julaftan vert der du skal feire jul. Kanskje er påmeldingsfristen allereie ute, eller kanskje rekk du akkurat å sikre deg ein stol.

Julegudstjeneste i Holmenkollen kapell

Julegudstenesta blir annleis i år.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Spesielle reglar for Oslo

For alle som skal feire jul i Oslo er det spesielle reglar. For dei som reiser ut av Oslo med jul er det lokale reglar som gjeld, men det er likevel viktig å bruke sunt bondevett også utanfor storbyen. Hald to meter til andre om du kjem frå Oslo eller andre stader med mykje smitte.

Skal du feire jul i Oslo kan det totalt vere ti personar til stades. Andre stader i landet kan dei vere ti personar i tillegg til husstanden som inviterer.

Det er ikkje lov å arrangere offentlege arrangement, og alle fritidsaktivitetar for vaksne vert stengde.

Oslo har gjort nokre unntak for å sikre at færre vert einsame i jula. Alternative julefeiringar for folk i vanskelege livssituasjonar vil vere lov om det er ein ansvarleg arrangør. Og fritidsklubbar kan halde opne og ha opptil 20 personar mellom 13 og 19 år innom.

Her kan du lese endå meir detaljerte reglar for Oslo.

Nye koronatiltak i Oslo fram til jul

Raymond Johansen må ha andre reglar i Oslo enn andre byar.

Foto: Heiko Junge / NTB

Reisa heim til jul, og tilbake igjen

Om du kan, så er det best å ta bil heim til jul. Då bør du helst ikkje sitte for tett på andre som ikkje er i din husstand. Ved kollektivtransport er det viktig å halde avstand, bruke munnbind og vise omsyn til andre.

Når det gjeld overnatting kan ein husstand ha maksimalt fem overnattingsgjester. Men om ein familie har mange barn kan ein gjere eit unntak, så lenge det til saman er snakk om to husstandar som overnattar i same hus.

Karl Johan lillejulaften

Pynta til fest, men folka må halde seg heime.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Hyttetur ved jul eller nyttår

Det er ikkje noko hytteforbod, så i utgangspunktet kan du reise til hytta når du sjølv ønskjer. Men følg reglane som fleire av fjellkommunane og skitrekka har innført.

Vis omsyn i skitrekket, på restaurantar og butikkar. Og om du skal vere sosial bør du halde deg til ski og friluft, ikkje afterski og for mykje alkohol.

Men også på hytta gjeld alle dei andre reglane som er nemnt. Hald avstand, hald deg heime om du har symptom på sjukdom og ikkje bland for mange folk frå for mange husstandar.

hytte i eggedal

Vær varsam på hytteturen i jula.

Foto: Erik Johansen / NTB

Krysse landegrenser før jul

Det som er viktig om du skal heim til Noreg på juleferie er å sitte ti dagar i karantene når du kjem frå eit raudt land. Kjem du til Noreg etter 14. desember må du altså feire julaftan i karantene. Og når du er i karantene skal du ikkje vere der saman med andre, og helst unngå å gå på butikken og alle andre ærend som fører til at du kjem nært på andre.

Du bør unngå å reise ut av Noreg. Om du likevel må til utlandet må du både følge reglane i landet du reiser til, og hugse på at du skal sitte ti dagar i karantene om du kjem tilbake til Noreg før pandemien er over.

Regjeringa varsla nyleg endringar i ordninga med karantenehotell, desse nye reglane starta å gjelde frå søndag kveld.

No kan du unngå hotellkarantene om du kan dokumentere at du eiger eller leiger ein bustad i Noreg. Eller om du kan dokumentere at du kan opphalde deg ein stad der det er eit eige toalett og kjøkken, så kan du også få unntak. Eit gjesterom er ikkje nok, men ei hytte kan gå.

Følg med på denne nettsida hos FHI for oppdatert informasjon og oversikt over raude og gule land.

Waikiki Beach surfing instructor John Kepoo wears a Santa hat as he rides the waves at sunrise on Christmas morning in Honolulu

Julesurf på Waikiki Beach.

Foto: Jason Reed / Reuters

AKTUELT NÅ