NRK har ringt alle fylkeslaga i landets største parti. Ti har vedtak som seier tydeleg ja til konsekvensutgreiing i nord. Men blant desse varslar fleire av fylkeslaga omkamp.
– Openberr meiningsendring på gang
I Vest-Agder stemte fylkeslaget ja med god margin i fjor. Men no skal sørlendingane handsame spørsmålet på ny, før dei dreg på landsmøtet. Utfallet av diskusjonen lokalt er heilt opent.
– Det har openbart vore ei meiningsendring hjå oss. Resultatet no kan fort bli noko anna enn det ja som vart vedteke i fjor, seier fylkesleiar i Vest-Agder, Bjørn Egeli.
- LES OGSÅ:
– Kan ikkje sjå bort frå eit nei
Også i Hedmark forventar fylkesleiar Per-Gunnar Sveen heftig debatt når partifellane skal diskutere Lofoten og mogleg oljeboring på sitt fylkesårsmøte. For nokre år sidan stemte dei ja.
– Men no meiner vi det er naturleg å ta debatten på ny. Det har skjedd så mykje siste åra, både innan oljeindustrien men også med tanke på klima, seier Sveen.
– Kan de ende med å endre standpunkt frå ja til nei?
– Det kan eg ikkje sjå bort frå.
- LES OGSÅ:
Nøgd i Troms
Cecilie Myrseth, leiar i Troms Ap, er fornøgd med at fleire fylkeslag i Arbeidarpartiet, som før har stemt ja kan vere i ferd med å ombestemme seg og stemme nei.
Fylkesrådsleder i Troms og leder i Troms Ap, Cecilie Myrseth.
Foto: NRKHo vil ikkje forskottere andre partis vedtak når det gjelder utgreiing, men synest nyheita i Dagsrevyen er bra.
– Konsekvensutredning er ikkje et folkekrav verken i nord eller sør, og eg synest det er bra at fleire er skeptiske, seier Myrseth.
- LES OGSÅ:
Ap kan lande på kompromiss
Fleire av fylkesleiarane seier til NRK at dei trur Arbeidarpartiet vil lande på eit kompromiss når dette skal opp til debatt på landsmøtet til våren. Det kan til dømes vere å verne delar av dei sårbare områda.
Nestleiar Hadia Tajik frå oljefylket Rogaland vil ikkje forskottere utfallet av debatten.
– Det er ikkje utenkeleg at det blir eit kompromiss som tek i seg breidda av dei standpunkta som er der, seier Tajik.