Hopp til innhold

Oljefondet passerte 10.000 milliardar kroner

23 år etter det første innskotet, er Oljefondet for første gong verdt over 10.000 milliardar kroner. Direktøren samanliknar det med å finne olje på nytt.

Oljefondet verdt over 10.000 milliarder

Verdien på Oljefondet bikka 10.000 milliardar kroner rett før klokka 11 fredag, ifølgje det offisielle teljeverket på heimesida til fondet.

Illustrasjon: Skjermdump

Det første innskotet i Statens petroleumsfond, som i 2006 skifta namn til Statens pensjonsfond – Utland, til dagleg omtalt som Oljefondet, blei gjort i 1996. Då sette Finansdepartementet inn i underkant av 2 milliardar kroner.

23 år seinare passerte verdien på fondet for første gong 10.000 milliardar kroner.

– Som land har vi vore utruleg heldige mange gonger på rad. Ikkje berre fann vi olje, men vi fekk ein høg pris for olja dei åra vi sette pengane inn i fondet. Etter det har vi fått utruleg drahjelp frå verdas finansmarknader som har stige så mykje som dei har gjort, seier Yngve Slyngstad som leiar Noregs Bank Investment Management til NRK.

Symbolsk nok nådde fondet det runde talet 10.000 milliardar på 50-årsdagen for oppdaginga av Ekofisk-feltet i Nordsjøen – som reknast som starten på det norske oljeeventyret.

– Planla du at det skulle skje denne dagen, Slyngstad?

– Nei, dette er så utruleg at vi ikkje kunne drøyme om det ein gong.

Yngve Slyngstad

I år er det 50 år sidan Noreg fann olje i Nordsjøen. Med den verdiutviklinga Oljefondet har hatt dei siste 23 åra, kan det samanliknast med å ha funne olje ein gong til, meiner Yngve Slyngstad som leiar Noregs Bank Investment Management.

Gir Stortinget æra

Ein del av verdiauken på fondet skuldast ei svak krone, men det er likevel god grunn til å feire, meiner Knut Kjær som var den første direktøren for fondet.

– Størrelsen på fondet overgår alle fantasiar vi hadde då vi starta. Det har vore fantastisk vellukka, så det er god grunn til å feire at det har gått så bra så langt, seier han til NRK.

I dag har avkasting på investeringar meir å seie for verdien av fondet enn oljeinntekter, seier Kjær, Han meiner difor det først og fremst er Stortinget som har æra for at det har gått så bra.

– Strategien som har gjeve høg avkasting, særleg etter finanskrisa, er det Stortinget som har lagt. Det er dei politiske avgjerdene, forankringane og strategien om å halde seg i marknaden med høg risiko har hittil gjeve gode resultat.

Knut Kjær og Sven Gjedrem

Tidlegare direktør for Oljefondet, Knut Kjær (t.v.), seier verdiutviklinga av fondet har overgått alle dei forventningane dei hadde då dei starta. Her er han saman med dåverande sentralbanksjef Sven Gjedrem i 2008.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

Viktig for framtida

Men Kjær åtvarar mot å tru at fondet skal kunne vekse til himmels.

– No har vi i nokre år brukt meir pengar enn det vi først såg føre oss fordi fondet også har blitt langt større. Men oljeinntektene går ned, og marknaden er høgt prisa. Difor er det meir sannsynleg med eit stor fall i marknaden som reduserer verdien av fondet no enn tidlegare.

I desember er det 50 år sidan Noreg kunne annonsere at vi hadde funne olje. I dag er Oljefondet langt større enn det vi har tent på oljeverksemda, seier Slyngstad.

– Målt i 2020-kroner er fondet større enn det staten har tent på petroleumsverksemd dei siste 50 åra. Korleis vi som nasjon forvaltar finansformuen for framtidige generasjonar vil få enormt stor betydning for velferda i Noreg.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger