Hopp til innhold

Hoel garanterer han ikkje har plagiert tekstar

Tysdag tok Oddmund Løkensgard Hoel (Sp) over som forskings- og høgare utdanningsminister. Han er sikker på at han ikkje har plagiert tekstar i sitt akademiske arbeid.

Oddmund Løkensgard Hoel og Sandra Borch

Oddmund Løkensgard Hoel fekk tysdag blomar og nøklane til statsrådskontoret i Kunnskapsdepartementet.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Det var trongt om plassen då Oddmund Løkensgard Hoel tok over statsrådskontoret i Kunnskapsdepartementet etter Sandra Borch tysdag.

Hoel har vore statssekretær sidan 2021, medan Borch tok over som minister i august, då Ola Borten Moe (Sp) måtte takke for seg.

– Eg er sikker på at du med din bakgrunn vil gjere ein utmerka jobb som minister. Du er rett mann på rett plass. Du er godt likt i sektoren og godt likt i departementet, sa Borch.

Etter utveksling av blomebukettar og nøkkelkort, forsvann Borch ut dørene utan å svare på spørsmål frå pressa. Ho går av etter at det fredag blei kjent at delar av masteroppgåva hennar er identisk med oppgåver som er levert av tidlegare elevar.

Mange journalister og fotografer står tett sammen inne på kontoret til forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Løkensgard Hoel.

Det var trongt om plassen under pressekonferansen på statsrådens kontor tysdag.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Garanterer at han ikkje har plagiert

Borch trekte seg fredag som minister etter at det blei avdekt at delar av masteroppgåva hennar var identisk med oppgåver som var levert inn av tidlegare studentar.

I tillegg er det også funne fleire tilfelle av tekstlikskapar i mastergradsoppgåva helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol og ein medstudent leverte i 2021.

Støre seier dei har spurd Hoel om det er noko som heftar ved det akademiske arbeidet hans, men at dei ikkje har undersøkt arbeida sjølve.

– Eg meiner det må ligge til grunn at når ein er professor ved ein norsk utdanningsinstitusjon, og har fått godkjent arbeida sine der, må vi kunne stole på at dei held mål, seier Støre til NRK.

Les også Jonas Gahr Støre om Kjerkol-saken: – Jeg har tillit til Ingvild som minister

Jonas Gahr Støre

Til NRK seier Hoel at han er sikker på at han ikkje har plagiert i dei akademiske tekstane han har skrive.

– Ja, det er eg rimeleg sikker på.

Korleis kan du vere så sikker på det?

– På grunn av det arbeidet eg har gjort som forskar. Eg har passa på å referere og sitere ordentleg, og følge dei akademiske reglane som er for slike ting.

Professor i historie

Oddmund Løkensgard Hoel har doktorgrad i historie frå NTNU i 2009, og var professor ved Høgskulen på Vestlandet då hann blei statssekretær i 2021.

Han har også vore kommunestyrerepresentant for Senterpartiet i Luster kommune.

Då Støre presenterte Hoel som ny minister, la han vekt på at dette er ein person som kjenner departementet godt.

I tillegg rekte han fram den akademiske bakgrunnen som ein fordel.

– Han er godt likt blant dei han skal styre. Det er godt. Men det held å bli respektert, for det kjem nokre tøffe avgjersler, sa Støre, som også gler seg til å få ein professor i historie rundt regjeringsbordet.

Hoel får med seg Ivar Prestbakmo som statssekretær i departementet. Prestbakmo var vararepresentant for Sandra Borch på Stortinget, men går han altså inn i regjeringa når Borch tek plass på Stortinget igjen.

Mange utskiftingar

Av dei 18 statsrådane som følgde statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) ut på Slottsplassen etter regjeringsskiftet i 2021, er ni no ute. Halve regjeringa er med det skifta ut på to år.

Støre seier dei mange skifta har vore strevsame, og at dette er ting som kan kome i vegen for politikken regjeringa skal gjennomføre.

– Vi har store oppgåver å gjennomføre. Vi skal føre ein politikk som tek Noreg gjennom ei krisetid.

Jonas Gahr Støre presenterer ny regjering i 2021

Halvparten av dei som kom ut på Slottsplassen i samband med regjeringsskiftet i 2021 er no skifta ut.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Han viser til at mange av sakene som har ført til skifte i regjeringa har eit opphav i ting som har skjedd i tida før ministrane kom i regjering.

– Eg skulle gjerne ha vore alle desse sakene forutan. Men eg tek mitt ansvar ved at når ei sak oppstår, tek vi tak i ho med ein gong, gå inn i ho, og trekke dei konklusjonane som er naudsynte.

Støre seier han håper det ikkje er fleire slike saker no, men at han ikkje kan garantere at det ikkje skjer.

Håper Hoel skal skape ro

Nestleiar og utdanningspolitisk talsperson i Venstre, Abid Raja, ønsker den nye ministeren lykke til i sin nye jobb, og seier han håper Hoel kan skape ro i sektoren.

– Eg håper Hoel blir ein minister som spelar på lag med sektoren, som er oppteken av dialog for å finne gode løysingar, og som rett og slett stiller opp for den sektoren han har ansvaret for.

Les også Politikerne som måtte gå

Øverst fra venstre: Sandra Borch (Sp), Anette Trettebergstuen (Ap), Odd Roger Enoksen (Sp), Ola Borten Moe (Sp), Anniken Huitfeldt (Ap) og Hadia Tajik (Ap)

MDG-leiar Arild Hermstad synest det er positivt at vi no har fått ein statsråd med bakgrunn frå akademia. Han håper dette skal gi eit løft for studentane.

– Studentane er framtida vår. Difor må Hoel jobbe for å få auka studiestøtta, bygge fleire studentbustader og nye tiltak for å betre den psykiske helsa til studentane.

Utdanningspolitisk talsperson i SV, Grete Wold, ser fram til å samarbeide med Hoel, og legg også vekt på studentøkonomi som ei viktig sak.

– SV har kjempa gjennom ein naudsynt auke i studiestøtta to gongar i budsjettforhandlingar med regjeringa. Eg håper Hoel held fram å prioritere studentane inn i budsjetta.

AKTUELT NÅ