RETTING: Grunna ein feil hos Norstat, er meiningsmålinga feil (16. februar). Les sak her:
.Det er 215 dagar til lokalvalet, og Arbeiderpartiet gjer det igjen best i det ferske kommunebarometeret som Norstat har gjennomført for NRK.
Arbeiderpartiet får 38,9 prosent oppslutnad, medan Høgre får 22,3 prosent. Partileiar Jonas Gahr Støre i Arbeiderpartiet ønskjer no å kapre Venstre og KrF, og rive dei laus frå Høgre og Frp.
– Vi klarer ikkje å vinne valet aleine. Vi må søke samarbeid med andre parti, seier Støre til NRK.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Støre: – Klarer ikkje dette aleine
SKAL SLÅSS: Statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg lovar kamp mot Støres sin plan.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix– Kva parti kan det vere?
– Det overlét eg til kandidatane sjølve.
– KrF i Bergen til dømes? Kan det vere aktuelt?
– Det kan det vere, men det veit ein best lokalt. Mitt bodskap er: Vi klarer ikkje dette aleine. Difor må vi no byrje å snakke med folk tidleg.
– Til dømes Venstre?
– Mange stader kan det vere naturleg, seier Støre.
Solberg: – Skal slåss
Statsminister Erna Solberg seier Høgre ser ikkje så alvorleg på situasjonen, men innser at kampen kan bli knallhard.
– Vi skal slåss kvar einaste dag. Det er mykje spenning framover, men eg trur vi kjem til å gjere eit godt lokalval, seier Solberg.
– Er du redd for planane til Jonas Gahr Støre?
– Vi må sørge for å ha både gode vener og gode saker lokalt, svarer Solberg.
Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Februarmåling Kommune/Storting» i nytt vindu
Jensen: – Godt samarbeid
Frp får 12,4 prosent oppslutnad, fram frå 11,4. Partileiar Siv Jensen meiner partimålinga er hyggeleg lesnad, men at dei må jobbe hardt framover.
– Gode målingar er hyggeleg, spesielt i eit valkampår, seier Jensen som har ambisjonar om å komme i posisjon fleire stader.
– Kva skal Frp gjere for å hindre at Arbeiderpartiet får sentrumspartia over på si side?
– Det er opp til kvart enkelt parti kven dei vil samarbeide med. Eg opplever at vi har eit godt samarbeid med KrF og Venstre, både i Stortinget og ute i kommunane. Klimaet er godt, og vi har ein god samarbeidsavtale, seier Jensen.
Hareide vil ikkje gi føringar
KrF-leiar Knut Arild Hareide seier han ikkje vil gi føringar for kven partiet kan samarbeide med lokalt.
– Det er skilnader frå kommune til kommune. Det er opp til våre politikarar i Bergen, Stavanger, Trondheim, Oslo og i resten av landet å forhandle. Nokre stader samarbeider vi til venstre, andre stader til høgre, seier Hareide.
- LES OGSÅ: