I ein tidlegare versjon av saka var tittelen at 47 prosent av religiøse skeive har opplevd forsøk på «homoterapi». Det riktige er at 1 av 4 har opplevd forsøk på dette, medan 47 prosent har opplevd situasjonar der nokon har forsøkt å endre eller påverke deira seksuelle orientering eller kjønnsidentitet. NRK beklagar feilen.
Konverteringsterapi går føre seg i Noreg, konkluderer den ferske rapporten. Både i religiøse og sekulære kontekstar, og av personar med ulike posisjonar og tilknyting.
Religiøse skeive har mange negative erfaringar og negative møter i religiøse samanhengar som er knytt til seksuell orientering og kjønnsidentitet, heiter det i rapporten.
Dei som blei intervjua, blei spurde om dei har opplevd situasjonar der nokon har forsøkt å endre eller påverke seksuell orientering eller kjønnsidentitet. Det svarar 47 prosent ja til.
Samstundes svara éin av fire at dei har opplevd handlingar som kan bli forstått som konverteringsterapi.
Det kan vere forbønn, sjelesorg, audmjukande samtalar, å offentleg bli irettesett eller eksorsisme.
Skildringar som bønnemøte der alle deltakarar skal bli kvitt «ureine tankar», skuldingar om å vere besett av djevelen, eller tilbod om å bli sendt på leir for å bli «kurert», kjem fram i rapporten.
I juni la regjeringa fram eit forslag om å forby konverteringsterapi.
Saman med Skeivt kristent nettverk og Salam, arrangerte organisasjonen FRI ein demonstrasjon mot konverteringsterapi framfor Stortinget i 2019.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTBTrua er framleis viktig
Trass forsøka om å endre seksuell orientering, kjem det fram at tru, religion og religiøse nettverk er viktig for mange religiøse skeive, også etter dei bryt med miljøet eller trussamfunnet.
Åtte av ti svarer at dei i dag har religiøs tilhøyrsle til kristendommen.
Seks av ti varte at dei har opplevd diskriminering, mobbing, eller blitt krenka i eit religiøst miljø no eller tidlegare.
På oppdrag frå Barne, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har Nordlandsforskning og Høgskulen på Vestlandet samarbeida om prosjektet.
NRK forklarer
Hva er homoterapi?
Endre
Konverteringsterapi, eller homoterapi, er en behandling med mål om å endre den seksuelle orienteringen og kjønnsidentiteten til en person.
Behandling
Behandlingen benytter både psykologiske og «åndelige» metoder, som samtaleterapi, praktiske og mentale øvelser, bønn, sjelesorg, håndspåleggelse, og i sjeldne tilfeller djevelutdrivelse.
Dele
Sjelesorg sikter mot å lette følelsesmessig smerte og psykologiske belastninger ved at man lar personen dele sine tanker, lengsler, drømmer, fortvilelse og tvil i samtale.
Kilde: Wikipedia, SNL
Første norske rapporten
Rapporten består av ei spørjeundersøking med 253 personar, og 17 djupneintervju med personar i alderen 19–74 år. Dei fleste er kristne. Det er også ei overvekt av mannlege, kvite, homofile cis-personar.
Dei har blitt spurde om:
- Erfaringar med å vere skeiv og religiøs
- Det å komme ut som skeiv
- Korleis konverteringsterapi blir utøva
- Bilete av gud og religiøst fellesskap
Dette er den første norske rapporten om tema.
– Rapporten er den første av sitt slag i Noreg. Den skildrar skeive sine erfaringar med konverteringsterapi, og viser til dømer på kva slags konsekvensar desse handlingane får for dei som blir utsett for dei.
Det seier avdelingsdirektør i Bufdir, Anna Bjørshol.
Anna Bjørshol, avdelingsdirektør i Barne, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), som står bak rapporten.
Foto: Ida Yasin Andersen/NRK«Synd»
Fleire av dei som har svart på undersøkinga, skildrar ein oppvekst der homofili blei omtala som «synd».
Trass det fortel fleire om positive erfaringar med «å komme ut» til familiane sine.
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) seier det er vondt å høyre om personar som ikkje får vere den dei er.
Foto: Marit Hommedal / NTB– Det er vondt å lese historier om personar som blir nekta å få vere den dei er i religiøse fellesskap.
Det seier kultur og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).
– Rapporten viser samstundes at tru, religion og religiøse nettverk er viktig for mange skeive, seier statsråden.
Fleire skildrar at dei har undertrykt eigen seksuell orientering og kjønnsidentitet. Anten i møte med homofobi eller transfobi, eller på grunn av frykt for dette.
Sterke inntrykk
Funna gjer også djupt inntrykk på Grunde Almeland i Venstre, som er saksordførar i behandlinga av forslaget om forby konverteringsterapi.
Almeland seier det er viktig å få forbodet på plass.
Grunde Almeland (V) er leiar i familie- og kulturkomiteen på Stortinget.
Foto: William Jobling / NRK– Når fleire seier at konsekvensane av å ha blitt utsett for konverteringsterapi går på alt frå angst og depresjon, til sjølvmordsforsøk, gjer det sterkt inntrykk på meg. Denne rapporten slår fast kor viktig det er at vi no får på plass eit forbod mot konverteringsterapi:
– Det kan ikkje vere slik at mange menneske skal føle at det er ei synd og umogleg å vere skeiv og religiøs på same tid, seier han.