Ny lov forbyr syntetisk cannabis

Mange nyutvikla narkotiske stoff, som syntetisk cannabis, hamnar heretter automatisk på lista over ulovlege narkotiske stoff i Noreg. – Gledeleg, seier Legemiddelverket og Tollvesenet.

Ny forskrift forenklar forbod mot nye syntetiske stoff

Ein ny forskrift skal tetta smuttholet som hittil har gjort det mogleg å unngå narkotikalova ved å endra den kjemiske formelen på syntetiske stoff.

Foto: Skjermdump / Kripos / Montasje

nina tangnæs grønvold

- Styresmaktene vil følgja utviklinga nøye og vera raske med å oppdatera lista viss me oppdagar nye forsøk på å omgå definisjonen av narkotika, seier statssekretær Nina Tangnæs Grønvold (Ap)i Helse- og omsorgsdepartementet.

Foto: Fredrikstad kommune

Ei ny narkotikaforskrift trådde i kraft torsdag denne veka. Den nye forskrifta definerer kva som er narkotika på ein meir presis måte enn tidlegare, opplyser Helse- og omsorgsdepartementet.

Forskrifta definerer kva som er narkotika på ein meir presis måte slik at det vil vere enklare for politi, toll og rettsapparat å avgjere om eit stoff vert rekna som narkotika i Norge.

Det blir no mogleg å listeføra ulike grupper av narkotiske stoff. På den måten kan styresmaktene vera tidlegare ute med å svartelista nyutvikla kjemiske russtoff som har vore på kraftig frammarsj i Noreg dei siste åra.

– Med den nye forskrifta kan me i større grad vera i forkant av utviklinga. Dette vil vera eit viktig tiltak mot narkotikaindustrien som heile tida utviklar nye variantar av kjende narkotiske stoff for å omgå regelverket, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Nina Tangnæs Grønvold (Ap) til NRK.no.

Etterlyst av Legemiddelverket

Steinar Madsen

– Å få stoffa over på narkotikalista har vore nesten håplaust slik regelverket har vore fram til no, seier Steinar Madsen i Legemiddelverket.

Foto: Statens legemiddelverk

NRK.no har i det siste sett søkjelyset på nye trender innan smugling av narkotika til Noreg. Den aukande bruken av ny syntetisk dop er ein av dei mest markante trendene.

Dei nye syntetiske stoffa er ikkje lovlege, men blir i utgangspunktet omfatta av legemiddellova som har ei strafferamme på seks månader - langt lågare enn narkotikalova.

Hittil har det berre vore mogleg å få eitt og eitt stoff over på narkotikalista, noko som har gjort at styresmaktene sakkar akterut i kampen mot dei nye syntetiske stoffa.

– Det er gledeleg at me no har fått på plass ei framtidsretta lovendring og eit betre arbeidsverk, seier medisinsk fagdirektør Steinar Madsen i Legemiddelverket, som har ansvaret for narkotikalista.

Ved enkle grep kan nemleg den kjemiske formelen endrast, og vips så har ein ein ny dop-avleggar med same effekt men som ikkje er definert som narkotika.

– Å få stoffa over på narkotikalista har vore nesten håplaust slik regelverket har vore fram til no. Av dei fleire hundre stoffa i omlaup dukkar det stadig opp nye, seier medisinsk fagdirektør ved Statens legemiddelverk Steinar Madsen.

Utifrå den kjemiske formelen på stoffet kan ein kartleggja kva stoffgruppe ein ny doptype høyrer til. Legemiddelverket har difor etterlyst eit nytt regelverk.

– Ved å føra heile grupper med stoff på narkotikalista vil nye stoffer automatisk bli definerte som narkotika og forbodne. Det blir ein langt mindre arbeidskrevande jobb for oss, seier Madsen i Legemiddelverket.

Han fortel at Noreg er relativ tidleg ute med å innføra ein slik type automatikk i lovverket, og at mange andre europeiske land vurderer liknande regelverk.

"Mona" hadde en dårlig opplevelse med syntetisk dop og advarer andre

- Eg var borte i fleire timar. Det var noko bedøvande i det eg fekk i meg, seier 'Mona'. Ho åtvarar andre etter å ha eksperimentert med syntetisk dop.

Foto: Kristine Hirsti / NRK

«Mona» åtvarar andre etter skrekkerfaring

Syntetiske stoff er kjemiske etterlikningar av kjende narkotiske stoff som hasj, amfetamin, kokain, khat og heroin. Brukargruppene er tenåringar og tunge narkomane.

I 2012 gjorde tollarane 200 beslag av slike stoff - nesten dobbelt så mange som året før. Kripos oppdaga 30 nye syntetiske stoff som ingen anar verknaden av.

– Hadde eg vore åleine kunne eg ha døydd, seier 24-åringen «Mona» til NRK etter å ha testa eit syntetisk psykedelisk festdop som er relativt nytt på den norske marknaden.

Dosen var langt sterkare enn venta, og eit anna stoff var truleg blanda inn i det kvite pulveret. Etter den skremmande erfaringa tek ho avstand frå bruk av syntetisk dop, og åtvarar andre mot å la seg lokka.

– Overdosefaren er langt større. Det er nærmast umogleg å vita kva det kvite pulveret du får i posten er. Det kan vera blandingar og styrkegraden varierer.

Fare for psykose og hjarteinfarkt

Syntetisk cannabis, Spice

Syntetisk cannabis kan vera både ti og hundre gonger sterkare enn dyrka cannabis.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK
Bjørn Røse, Toll- og avgiftsdirektør

Toll- og avgiftsdirektør Bjørn Røse er uroleg over framveksten av nye syntetiske stoff i Noreg.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Stoffa blir laga på laboratorium i Kina. Både Legemiddelverket og Folkehelseintituttet vurderer dei som livsfarlege. I tillegg til høg fare for overdose, kan bruken føra til alvorlege psykoser, hjerneskade og hjarterytmeforstyrringar

Mottakaren kjøper dei nye syntetiske stoffa over internett og det levert i posten. Pakken er ofte merka som kosttilskot eller plantemiddel, noko som gjer det ekstra vanskeleg for tollarane å ta.

Toll- og avgiftsdirektør Bjørn Røse er glad for å få på plass eit nytt regelverk.

– Me må hindra at desse stoffa får fotfeste i Noreg. Difor er det gledeleg at helsestyresmaktene vil endra reglande for oppføring av slike stoff på narkotikalista slik at Tollvesenet og politiet på ein effektiv måte kan motkjempa smugling av desse stoffa, sa Røse då beslagstatistikken for 2012 nyleg blei lagd fram.

På narkotikalista som no er vedteken, er det ført opp ti stoffgrupper. Lista dekkjer dei fleste psykoaktive stoff som er avdekt sidan 2011

– Styresmaktene vil følgja utviklinga nøye og vera raske med å oppdatera lista viss me oppdagar nye forsøk på å omgå definisjonen av narkotika, seier statssekretær Nina Tangnæs Grønvold.

SISTE NYTT

Siste meldinger