Hopp til innhold

Dette er dei nye smuglartrendene og narkorutene til Noreg

Nettshopping av nye narkotiske stoff, store hasjplantasjar i Europa og kurerar til ein slikk og ingenting. Her er dei nye smuglartrendene og rutene inn til Noreg.

I 2012 gjorde Tollvesenet rekordmange narkotikabeslag: cannabis, amfetamin, heroin, kokain og khat med ein samla gateverdi på langt over 300 millionar kroner.

Narkotikakriminaliteten i Noreg er høgare enn nokosinne, opplyser Kripos, og nyleg gjekk dansk politi til væpna aksjon då nordmenn forsøkte å smugla 250 kilo hasj til Noreg med rib-båt frå danske Ålbæk.

– Narkotikapresset mot Noreg sine grenser er høgt, slår direktøren i Toll- og avgiftsdirektoratet Bjørn Røse fast.

Dei nye smuglartrendene er ifølgje Tollvesenet ei viktig årsak til den kraftige auken i forsøk på å smugla dop inn over Noreg sine grenser:

Fleire smuglar mindre

Hasj frå Marokko, heroin frå Afghanistan og amfetamin frå Polen finn vegen inn over grensene til Noreg.

Smugling til Noreg er god butikk. Det norske prisnivået på narkotika har tradisjonelt lege langt over det europeiske gjennomsnittet, ifølgje SIRUS, Det statlege instituttet for rusmiddelforsking (sjå pristabell for nordiske land i sidespalta).

Dei gamle smuglarrutene held også stand, med berre små variasjonar og avleiingsmanøvrar frå år til år. Men måtane ein smuglar på og kva som blir smugla er i stadig endring.

(Les meir detaljert om smuglarrutene nederst i artikkelen)

Talet på beslag auka med nærmare 20 prosent, frå 2500 i 2011 til om lag 3000 beslag i fjor – fleire enn nokosinne før.

– Me ser ein global tendens til at mengda narkotika som vert smugla per smuglingsforsøk går nedover. Når dette er tendensen internasjonalt, fører det til at også tollvesenet i Noreg gjer fleire beslag, fortel tolldirektøren.

Det internasjonale tollsamarbeidet har nemleg blitt så godt at bakmennene i større grad enn tidlegare har begynt å stykkja opp leveransane og fordela dei på fleire kurerar for å minska risikoen for å tapa heile, store parti.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tolldirektør Bjørn Røse viser narkorutene til Noreg

Bruken av flyreisande 'sveljarar' aukar i smuglinga av hasj, fortel tolldirektør Bjørn Røse medan han teiknar og forklarer korleis narkotikaen finn vegen til Noreg.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Eurokrisa gir prisdumping på kurerar

Med denne nye småskala-smuglinga aukar bruken av innvendig-smuglarar eller såkalla «sveljarar» som kjem til Noreg med fly.

Bruken av kurerar som fraktar dødelege mengde narkotiske stoff i magesekken er dessutan ikkje lenger atterhaldt smugling av kokain og heroin.

No blir også opp til 1,5 kilo hasj gøymt i tarmsystemet – ofte til desperate, arbeidslause offer for den økonomiske krisa i Europa.

Prisen på ein sveljar er no heilt nede i 1000 euro.

– Denne oppstykkinga er hovudgrunnen til at talet på beslag har auka. I tillegg trur og håpar me at Tollvesenet i Noreg har gjort ein brukbar jobb, seier tolldirektør Røse.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hasj funnen i magesekken til italiensk kurer i Bergen

Ein mann frå Italia som kom med Fly til Bergen lufthamn Flesland i oktober blei avslørt av narkotikahunden Henry. Mannen sa han kom for å søkja jobb, men hadde svelgt 150 «narkoegg» med totalt 1,2 kilo hasj.

Foto: Tollvesenet

– Nye, skumle syntetiske stoff

Men sjølv om talet på beslag har gått til vêrs, er ikkje det einstydande med at det florerer meir narkotika her til lands, eller at talet på rusmisbrukarar aukar. Det er umogleg å lesa marknaden utav beslag, understrekar Tolldirektoratet.

– Talet på smuglingsforsøk har utvilsamt gått opp. Men den samla mengda narkotiske stoff som blir forsøkt smugla over grensa har ikkje nødvendigvis auka. Den samla narkotikabruken i Noreg går ikkje oppover, fortel tolldirektør Røse.

Bruken, eller misbruken, går heller stabilt nedover for tradisjonelle narkotiske stoff, med unntak av kokain.

For ny syntetisk narkotika peikar pila derimot steilt oppover.

(Artikkelen held fram under biletet)

Beslag av syntetisk cannabis gjort i Harstad

Harstad-tollarane gjorde i juni 2012 det største beslaget av syntetisk cannabis i Noreg nokosinne: 400 pakkar med 400.000 brukardosar i ei varesending frå USA.

Foto: Tollvesenet

I 2012 identifiserte Kripos heile 30 nye stoff som ikkje tidlegare var beslaglagde i Noreg. Syntetiske cannabinoider, ei kjemisk etterlikning av hasj, dominerer blant beslaga av denne type stoff dei siste tre åra.

Stoffa blir bestilte via internett, ofte frå Kina, og dumpar diskret ned i postkassa til mottakaren.

Denne «skumle framveksten av nye syntetiske narkotiske stoff» uroar Tolldirektøren.

– Desse nye syntetiske narkotiske stoffa er diverre på veg inn også i Noreg, og er årsaka til rundt halvparten av auken i beslag, fortel Røse.

Marokko får konkurranse om hasjen

Hasj gøymd i bubil avdekt på Svinesund

Tre marokkanske statsborgarar i ein tyskregistrert bubil blei stoppa i tollen i januar 2012. Ved hjelp av søkshunden Storm og skanningsutstyr fann tollarane 123 kilo hasj i eit hemmeleg rom.

Foto: Tollvesenet

I tillegg er beslaga av narkotiske tablettar dobla. Ei forklaring på det kan vera at resept-legemiddel som Subutex, Rivotril, Rohypnol og Valium ofte blir nytta som erstatning i periodar der heroinen er dårleg eller vanskeleg tilgjengeleg.

Ifølgje Kripos har heroinen i Noreg vore på sitt mest ureine dei siste åra. I tillegg har den blitt mindre tilgjengeleg, blant anna på grunn av eit soppåtak som øydela store delar av dei afghanske valmueavlingane i 2010.

Ei anna trend som kan gje tollarane eit meir fragmentert bilete å forhalda seg til i kampen mot smuglarane, er oppblominga av nye produksjonsland for hasj.

I lang tid har nærmare 80 prosent av all hasj som kjem til Noreg kome frå plantasjar i Marokko. No ser Marokko ut til å få konkurranse om den norske marknaden, både frå Afghanistan og frå plantasjar i Europa. Cannabis-dyrking i Noreg er også på frammarsj.

Målt i mengde er det utan tvil khat som toppar beslagslista til Tollvesenet. Over åtte tonn khatblad blei stoppa på grensa i fjor.

Storbritannia og Nederland har så langt vore dei viktigaste transittlanda for khat til Noreg, men den 5. januar i år innførte nederlendarane forbod mot khat. Tollvesenet ventar difor at stadig meir av khaten som kjem til Noreg vil bli slusa inn med fly frå Storbritannia, der det oppkvikkande stoff framleis er legalt.

Khat-beslag på Svinesund

25 sekkar med totalt 236 kilo khat kom til syne då tollarar på Svinesund kontrollerte ein svenskregistrert varebil den 18. februar 2012.

Foto: Tollvesenet

– Ikkje flaks

Kor ofte er det grunna flaks og kor ofte er det eit resultat av spaning og etterretningsverksemd over lengre tid når ein tek store beslag?

– Det skuldast i utgangspunktet aldri flaks. Det er tre element. Det eine elementet er internasjonal spaning og etterretning der me får konkrete tips om planlagt smugling inn til Noreg. Då er me i beredskap og kan slå til.

Det andre elementet som blir nytta til å avdekkja smuglingsforsøk er det «gode gamle tollarskjønnet».

– Tollarar har lang erfaring og veit korleis smuglarane har ein tendens til å oppføra seg. Det kan føra til kontroll som alltid startar med spørsmål og svar: kvar kjem du frå, kvar skal du hen og så vidare. Då kan svara etter kvart bli så inkonsistente at me skjønar at her er det noko som ikkje heilt stemmer, forklarar Røse

Han viser til episodar der tollarane avslørte smuglarar som skulle vitja slottet i Oslo, i håp om å få eit glimt av dronning Silvia. Ein fisketur til Moss var ein annan si dekkhistorie som ikkje heldt vatn.

Det tredje elementet er såkalla modusanalysar. Smuglinga følgjer gjerne nokre spesielle modusar eller metodar som ein improviserer rundt. Når tollvesenet kjenner att denne modusen, blir den mistenkte hanka inn til nærmare undersøkingar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Amfetamin og Ecstasy smugla med Hirtshals-ferja

Tollarane i Kristiansand avdekte 4,2 kilo amfetamin og 5 000 ecstasytablettar då dei bilen til to polakkar som kom til Kristiansand med Hirtshals-ferja den 8. september 2012.

Foto: Tollvesenet

Kappløpet

For tollvesenet og politiet er det eit evig kappløp for å halda tritt med nye trender i smuglarmiljøa.

– Me gjer alltid endringar, det er aldri to år som er like. Smuglarane endrar sine metodar nærmast kontinuerleg. Då må også me endra våre kontrollmetodar. Kontrollen vil heilt sikkert ikkje bli lik i 2013 som i 2012, opplyser Røse.

I frykt for å spenna bein for tollarane, vil ikkje tolldirektøren gå i detalj på kva slags strategiar dei vil bruka for å ta smuglarane dette året. Han lettar likevel litt på sløret.

– Me vil fokusera sterkare på prekursorar, altså råmateriale til produksjon av narkotiske stoff. Me vil også fokusera meir på desse nye syntetiske stoffa som no utviklar seg til å bli ein verkeleg risiko også i Noreg, avsluttar tolldirektøren.

Slik kjem dopen til Noreg

Smuglinga har same forretningsstruktur og følgjer dei same hovudfartsårene som vanleg handel, i håp om å forsvinna i mengda.

Rutene har ein grunnleggjande logikk – det er dei mest rasjonelle og effektive framkomstvegane som blir tekne i bruk.

Dei største beslaga blir gjort i vogntog og personbilar, medan dei fleste beslaga blir gjort frå flypassasjerar.

  • Hasjen har sitt opphav i Marokko. Spania og Portugal er innfallsporten til Europa, medan Nederland er eit vanleg transittland før hasjen blir frakta vidare til det norske Austlandet eller Sørlandet via Danmark eller Sverige.
  • Amfetaminen blir kjemisk framstilt i Polen, Nederland og i Baltikum. Herifrå har den kort veg til Noreg via Tyskland, Danmark og Sverige.
  • Kokainen som hamnar i Noreg blir produsert i Sør-Amerika (Colombia, Bolivia og Peru). Den går over Atlantaren med store skip eller med fly enten med mellomstopp i Vest-Afrika eller direkte til Europa (Nederland, Polen, Spania). Til Noreg kjem den enten med vegtransport eller med fly.
  • Khaten blir dyrka i høglandet på Afrikas Horn, sør på den arabiske halvøya og langs kysten av Aust-Afrika i land som Kenya, Jemen, Somalia og Etiopia. Storbritannia og Nederland er dei viktigaste transittlanda. Derifrå skjer frakta via vegtransport eller med fly til Norden og Noreg.
  • Heroinen følgjer i hovudsak to ruter frå produksjonslandet Afghanistan: Balkanruta og Silkevegen.

    1. Balkanruta går i første etappe via Iran og Tyrkia før den forgreinar seg i ei sørleg og ei nordleg rute. Den sørlege Balkanruta går via land som Hellas, Makedonia, Albania, Italia, Serbia, Montenegro, Bosnia og deretter vidare oppover i Europa. Den nordlege Balkanruta tek vegen gjennom Bulgaria, Romania, Ungarn, Austerrike, Tyskland og Nederland til Norden og Noreg.
    2. Silkevegen er ei gammal handelsrute som går til Tadsjikistan, Turkmenistan, Kirgisistan og Usbekistan, via Kaspihavet til Russland og vidare nordover gjennom Europa.

Marihuana er ikkje med i oversikta, fordi det blir teke beslag i svært lite av dette stoffet her i landet.