Hopp til innhold

Flyselskapa vurderer fleire avgangar til København

SAS og Norwegian følgjer marknaden nøye etter at regjeringa opnar for feriereiser til Danmark. I reiarbransjen jublar dei over at «danskebåten» kan segle igjen.

Sas- og Norwegian-fly

FLYTRAFIKK: Både SAS og Norwegian vurderer kva dei skal gjere med strekninga Oslo-København.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Kriseramma Norwegian valde å kansellere 4000 flygingar i kjølvatnet av virusutbrotet, mellom anna strekninga Oslo-København.

No fortel informasjonsdirektør i Norwegian, Lasse Sandaker-Nielsen, at dei vurderer å opne ruta til Danmark igjen etter dei nye reiseråda frå regjeringa.

– Vi vil vurdere gjenopning av ruta mellom Oslo og København i sommar, men for at det skal vere mogleg må etterspurnaden vere så stor at det gir lønnsemd, seier han til NRK.

Statsminister Erna Solberg kom fredag med gode nyheiter til dei som føretrekker Danmark som ferieland. Frå og med 15. juni blir det opna for fritidsreiser.

Dette inneber mellom anna at ein ikkje treng å halde seg i karantene etter å ha reist mellom Noreg og Danmark.

Kommunikasjonsdirektør Lasse Sandaker-Nielsen i flyselskapet Norwegian ASA utenfor en Dreamliner

Informasjonsdirektør i Norwegian, Lasse Sandaker-Nielsen.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

– Håper dette vil påverke reiselysta

Pressesjef for SAS Noreg, John Eckhoff, seier at dei vil følgje marknaden tett i tida som kjem.

SAS har i dag berre ein direkteavgang frå Oslo til København etter at koronakrisa ramma så godt som all flytrafikk.

– Kan dette føre til at SAS aukar tilbodet til Danmark?

– Ja, det håper vi sjølvsagt, seier Eckhoff.

– Vi håper at dette vil påverke reiselysta, men det vil bookingtallene vise. Førebels er det litt tidleg å seie, legg han til.

Regjeringas nye reiseråd får òg konsekvensar for reiarlagsnæringa.

Color Line og Fjord Line melder på nettsidene sine fredag at dei vil ta opp turane sine til Danmark igjen etter den 15. juni. Oslo-København hos DFDS er innstilt fram til 17. juni, ifølgje nettsida til reiarlaget. Ei avgjerd om oppstartsdato blir venta etter pinsehelga.

Stena Line valde å leggje ned linja mellom Oslo og Frederikshavn på grunn av effektane av koronakrisa.

– Vi er kjempeglad for at regjeringane har inngått denne bilaterale avtalen. Når smittesituasjonen er så lik i Danmark og Noreg, meiner vi at det var ei heilt riktig avgjerd, seier konsernsjef i Fjord Line, Rickard Ternblom til NTB.

Cruisebåt

«Danskebåten» seglar igjen frå og med 15. juni.

Foto: CHRISTIAN KRÅKENES / NRK

Nordmenn viktige turistar

Nordmenn stod for over 2,3 millionar overnattingar i Danmark i 2019, noko som gjer Noreg til den nest største marknaden for danskane etter Tyskland.

Danske styresmakter har likevel sagt dei vil ha restriksjonar når det gjeld København, der dei gjer det ulovleg å overnatte for turistar. Det er òg overnattingsforbod i Frederiksberg.

Elles krev danskane at innreisande må ha reservert minst seks overnattingar i Danmark.

– Semja mellom Danmark og Noreg betyr at danske turistar kan komme til Noreg, og norske turistar kan reise til Danmark, seier statsminister Erna Solberg.

Les òg: SAS vil ikke fly med tomme midtseter utenlands

AKTUELT NÅ