Hopp til innhold

Desse våpena har Noreg sendt til Ukraina

Ukraina skal allereie ha motteke luftvernmissil frå det norske forsvaret, opplyser Statsministeren sitt kontor. – Dei vil vera svært effektive, seier orlogskaptein i Sjøforsvaret.

Mistral-luftvernmissiler

LUFTVERNSYSTEM: Slik ser dei to Mistral-missilane ut fastmontert på eit av det norske sjøforsvaret sine skip.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Det er eit simpelt system som ikkje krever noko radarsystem eller liknande. Ein ser mål, sikter på det, aktiverer systemet og så fyrer ein.

Orlogskaptein Tom Kismul står ved Sjøforsvaret sin base i Bergen, Haakonsvern, og forklarar korleis dei to Mistral-missilane fungerer.

Våpena står montert på skipet «KNM» Otra, men hundretals av liknande våpen er allereie sendt til Ukraina.

Onsdag sendte Forsvarsdepartementet ut ei pressemelding der dei slo fast at regjeringa har vedteke å donera om lag 100 Mistral-luftvernmissil til Ukraina.

Kismul forklarar at våpena sendt til Ukraina kan berast, i motsetning til dei fastmontert på skipet.

– Desse vil vera svær effektive mot truslar i lufta, som helikopter, droner eller fly, seier Kismul.

Orlogskaptein Tom Kismul og Mistral-missil

EFFEKTIV: Orlogskaptein Tom Kismul i Sjøforsvaret seier missila er svært effektive mot luftangrep.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Allereie i Ukraina

Forsvarsminister Bjørn Aril Gram (Sp) skreiv i pressemeldinga onsdag at konflikten i Ukraina kan bli langvarig, og at landet er avhengig av internasjonal støtte for å stå imot russisk aggresjon.

– Dei driv ein heroisk forsvarskamp, og har bedt verdssamfunnet om mange våpentypar. Luftvern er ein av dei våpena dei har bedt om, som me no bidrar med, seier Gram til NRK.

Ifølge Statsministeren sitt kontor (SMK) er våpensystemet allereie i Ukraina.

I pressemeldinga opplyser departementet at våpena allereie er sende ut av landet.

Regjeringa har tidlegare vedteke å donera til saman 4000 panservernrakettar og fleire typar beskyttelsesutstyr og anna soldatutrusting.

Vil senda meir

Stortingsrepresentant Ola Elvestuen frå Venstre meiner det er bra at regjeringa sender Mistral-våpen, men at Noreg burde senda meir våpenstøtte og pengestøtte til Ukraina.

– Det er også på tide at regjeringa gjer våre mest moderne våpen, som NASAMS og NSM tilgjenglege for Ukraina.

I stortinget sin spørjetime onsdag spurte leiar i Venstre Guri Melby kva meir regjeringa har tenkte å gjera for å støtta Ukraina.

– Me har bidrege med to leveranser av M72. Me har i dag offentleggjort at det er ein leveranse framme av Mistral, og me har også andre vurderingar som no blir gjort og eg går ikkje i meir detalj på det, svara statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

I svaret seier Støre også at Noreg skal vera leiande på både militær og humanitær støtte, og peiker på at Noreg har slutta seg til EU sine sanksjonar.

Gir frå eige forsvar

Donasjonen vil gå ut frå Forsvaret si behaldning av Mistral luftvernmissil.

Forsvaret har planlagt å erstatta denne typen luftvern.

Forsvarsminister Gram seier til NRK at regjeringa har sett på kva dei kan bidra med på kort tid, utan at det skal gå ut over eigen forsvarsevne.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Då er Mistral noko me meiner me kan bidra med til Ukraina.

– Våpena er absolutt brukbare, og me trur dette blir eit bra bidrag til det som Ukraina treng no framover, seier forsvarsministeren til NRK.

Åsmund Aukrust (Ap) i forsvarskomiteen fortel at dette er ei avgjerd som blei tatt for ei tid tilbake, men at det er ei viktig støtte til Ukraina.

– Det kan vera heilt avgjerande, for dette kjem til å bli ein lang og tøff krig.

– Er Noreg si forsvarsevne viktigare enn Ukraina si akkurat no?

– Nei, det er det ikkje. Men eit kvart land må til ei kvar tid vera i stand til å forsvara seg sjølv, seier Aukrust.

Truck som laster inn panservern i fly.

I mars sende Forsvaret panservernrakettar til Ukraina. Biletet er teke i Oslo 3. mars 2022.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe

Sjølvforsvarsvåpen

Mistral-luftvernmissil er eit kortdistanse-våpen, som blir brukt frå eit køyretøy, skip eller helikopter.

Førsteamanuensis ved Luftkrigsskulen (LKS) Lars Peder Haga seier at våpenoverføringa mest sannsynleg vil hjelpa Ukraina.

– Dette er først og fremst eit våpensystem for å beskytta seg for kamphelikopter og lågthengande kampfly.

Haga seier at det også blir brukt som eit sjølvforsvarsvåpen for marine fartøy.

Nøgd med avgjerda

SPØRJETIME: Følg spørjetimen i Stortinget onsdag 20. april. Det er venta at statsministar Jonas Gahr Støre (Ap) får spørsmål om Ukraina.

Leiar i Stortinget si Utanriks- og forsvarskomite Ine Marie Eriksen Søreide (H) seier at Høgre oppfordra regjeringa til å donera luftvernsystemet til Ukraina då dei konsulerte Stortinget om saka.

– Og det måtte skje raskt. Så me er nøgde med at avgjerda er tatt og at våpenleveransen allereie er i Ukraina.

På spørsmål om Ukraina si forsvarsevne er viktigare enn Noreg si akkurat no, svarer Søreide at alle land må bidra, men også vurdera si eiga forsvarsevne.

– Noreg åleine kan ikkje gje alle våpena, men me må gje det me kan og det Ukraina har nytte av.

Ine Marie Eriksen Søreide

Leiar i Utanriks- og forsvarskomiteen i Stortinget, Ine Marie Eriksen Søreide (H).

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

– Der må regjeringa vera raske i avgjerdene, og dei skal vita at dei har Høgre si fulle støtte også på tyngre forsvarsvåpen.

Miljøpartiet dei grøne (MDG) støttar også avgjera, fortel nestleiar i partiet Arild Hermstad.

– Me har støtte regjeringa si avgjerd om å senda våpen heilt sidan starten, og me kjem til å sjå positivt på dette.

Hermstad fortel at partiet skal diskutera saka i morgon.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger