Hopp til innhold

Norsk film­fotograf har sjølv sete fast ved Titanic – trur ubåt-turistane kjenner på sinne og panikk

I 1991 var den norske filmfotografen Per-Inge Schei på botn av Atlanterhavet for å filme restane av skipsvraket Titanic. På 3800 meters djupn heldt det på å gå gale.

Per-Inge Schei, titanic

Per-Inge Schei dykka ned for å filme skipsvraket Titanic i 1991.

Foto: Privat

I produksjonen av filmen «Titanica», fekk Schei vere med i ein miniubåt ned til Titanic-vraket to gongar. Han skildrar opplevinga slik:

– Då eg var seks år gamal drukna eg nesten, og difor har eg alltid vore redd for djupt vatn. Eg hadde aldri sett for meg å skulle dukke ned dit, men det var veldig interessant.

Det går no føre seg ein stor leiteaksjon etter ubåten The Titan som skulle frakte tre turistar ned til Titanic søndag. Ubåten har enda ikkje kome til vassflata.

Sat bom fast på havbotnen

Per-Inge Schei er ein av få har fått oppleve Titanic på nært hald. Etter 36 timar under vatn måtte dei snu. Det gjekk ikkje som det skulle.

Titanic, telemotor

Per-Inge Scheie tok bilete av telemotoren til Titanic.

Foto: Per-Inge Schei/Privat

– Vi hadde brukt mykje straum då vi filma. Batterkapasiteten var difor låg, noko som vi fekk erfare i førebuingane på oppstiginga. Vi sat bom fast på botnen midt i eit område med mange vrakdelar, seier han.

Det enda med at dei skrudde av alt elektrisk utstyr. Dei sat i mørket og drakk te for å varme seg.

– Tanken var å gi batteria tid til å balansere seg. Det var stille og lite prat i ubåten.

IMAX - Titanic

3D-IMAX-filmen «Titanica»

Foto: Per-Inge Schei

Ein time seinare fekk dei endeleg liv i ubåten, og kunne starte oppstiginga, fortel Schei.

Les også Professor kritisk til ubåt-ekspedisjon til «Titanic»

Ubåt som tilhører selskapet Oceangate.

Filmfotografen meiner det er mykje å køyre seg fast i når ein er på havbotnen i nærleiken av eit skipsvrak.

– Det er så mykje grums i havet, og lite straum heilt nedst ved botn. Ein augeblink måtte vi stå heilt stille fordi vi såg ingenting, og måtte vente til vatnet blei klart igjen.

Per-Inge Schei, titanic 1995

Schei er ein av få personar som har sett Titanic med eigne auge.

Foto: Privat

Han legg til:

– Det skal lite til før ein ikkje ser noko. Botnslammet blir som tett røyk på grunn av propellane. Vi kom til overflata med noko øydelagt utstyr etter eit treff med vrakrestar.

– Dei må kjenne på panikk og sinne

Han har sterkt medkjensle med dei som er om bord i ubåten The Titan.

Les også Kamp mot klokka – far og sønn blant savnede i Titanic-dykket

Hamish Harding etter tur i verdenrommet 4 juni, 2022

Dei skulle vore tilbake same dag, men er framleis ikkje kome til vassflata. Ifølgje Jannicke Mikkelsen har dei nok luft til torsdag kl. 13 norsk tid.

– Sjølv om dei har luft i 96 timar, er det den same lufta som blir reinsa for karbon. Dermed er ikkje dette optimalt. Eg veit ikkje kor godt kledde dei er, men det vil bli ganske fuktig der nede. Med temperatur på 1–2 grader kan dette bli kaldt, seier Per-Inge Schei bekymra.

Hamish Harding la ut bilde av undervannsbåten Titan på Facebook sist lørdag.

Slik ser «The Titan» ut som er forsvunne i Atlanterhavet,

Foto: Hamish Harding

Han seier han ikkje kan førestille seg korleis dei har det.

– Dei må kjenne på sinne og panikk. I ein slik situasjon burde dei vere roleg, men det er dei nok ikkje.

AKTUELT NÅ