Hopp til innhold

Professor kritisk til ubåt-ekspedisjon til «Titanic»

Det er knytt stor risiko til operasjonen den sakna ubåten ved «Titanic» har gjeve seg ut på, seier NTNU-professor. Redningsaksjonen blir ein kamp mot klokka.

Ubåt som tilhører selskapet Oceangate.

RISIKABELT: Ubåten kan dykke ned til 4000 meters djup. Men NTNU-professor Asgeir Sørensen seier det er knytt stor risiko for menneske å gå så langt ned.

Foto: Oceangate/Facebook

Fem personar er sakna etter at undervassbåten «Titan» mista kontakt med moderskipet for to døgn sidan.

Ubåten skulle ned på 3800 meter djup for å sjå på vraket etter «Titanic» utanfor Newfoundland.

Ein storstilt redningsaksjon er i gang, der blant anna blir brukt fly, helikopter og sonar for å finne det sakna fartøyet.

Eit farleg oppdrag

Det er fleire farar som knyter seg til å gå så langt ned som det denne ekspedisjonen hadde som mål. For det første blir det eit ekstremt trykk, som kan føre til kollaps i konstruksjonen.

I tillegg er det fare for å miste kommunikasjon og navigasjon når ein går så djupt, seier professor Asgeir Sørensen ved Institutt for marin teknikk ved NTNU.

– Havet er frykteleg stort. Du skal ikkje veldig langt unna området du jobbar med, før du ikkje veit kvar du er dersom du har mista navigasjonsinstrument.

Asgeir Sørensen

Professor Asgeir Sørensen er direktør for NTNUs forskingssenter på autonome maritime operasjonar, NTNU AMOS.

Foto: Morten Andersen / NRK

På grunn av risikoen som er knytt til dette, brukar ein sjeldan bemanna fartøy på slike djupner, seier han.

– Eit av hovudpoenga med å bruke ubemanna teknologi, er at vi ikkje ønsker å ha menneske på slike djup. Det er høgrisiko knytt til den typen operasjonar.

Fryktar dei kan ha teke for høg risiko

Det er selskapet OceanGate Expeditions som eig fartøyet som no er sakna. Dei har gjennomført fleire dykk med Titanic-fans som har løyst kostbare billettar for å få sjå skipet som gjekk ned på jomfruturen i 1912.

Sørensen seier han ikkje kjenner tryggingssystema til selskapet. Men han er generelt kritisk til at ein del aktørar i opplevingsbransjen kan ta risikoar.

– Eg er uroleg for at ein del av desse aktørane tek større risiko enn det vi hadde akseptert innan olje og gass eller i sjøforsvaret.

Blant dei sakna er den britiske forretningsmannen og eventyraren Hamish Harding. Han skreiv på Facebook at dette ville vere det første, og kanskje einaste dykket til «Titanic» i år.

Eventyreren Hamish Harding før dykket ned til Titanic

Hamish Harding er blant dei sakna. Biletet er teke før dykket ned til vraket av «Titanic»

Foto: Facebook/Privat

Han skreiv også at mannskapet var rutinert, og at enkelte hadde over 30 dykk ned til vraket.

OceanGate seier til nyheitsbyrået AP at dei no prøver å få tak i eit fartøy som kan bli fjernstyrt ned mot 6000 meter for å leite etter ubåten.

Ein kamp mot klokka

Det er uvisst kva som har skjedd med «Titan». Men ein teori er at han kan ha sett seg fast, anten i vrakrestar eller i eit garn.

Men sjølv om det har gått to døgn sidan det siste livsteiknet frå ubåten, er det håp om å finne dei sakna i live, seier Jannicke Mikkelsen, som til vanleg jobbar som fotograf for NRK på Svalbard, men som no hjelper familien til Harding med å handtere media.

– Det er ikkje funne vrakrestar. Det tyder på at ubåten ikkje er øydelagt av det store trykket på 3800 meters djup. Då er det håp om at dei lever, seier ho,

Les også Kystvakten: Har sendt ubemannet ubåt ned i dypet

Men redningsmannskapa kjempar no ein kamp mot klokka. Dersom tryggingssystema sviktar, kan ubåten bli teken av straumen og bli vanskeleg å finne. I tillegg kan dei miste oksygen. Håpet er at farkosten etter kvart flyt opp til overflata, seier Sørensen.

– Då er det eit større håp, sjølv om du er på ope hav. Men det ser ikkje lovande ut. Eg er svært uroa for korleis dette utfallet kan bli.

SISTE NYTT

Siste nytt