NRK Meny
Normal

Norsk avhøyrsekspert skal lære FN politimetodar

Norske avhøyrsmetodar får internasjonal merksemd. Politioverbetjent og forskar Asbjørn Rachlew er invitert til FN for å utvikle verdsomfattande rettleiar for å førebyggje tortur og justismord.

Fns spesialrapportør mot tortur har bedt Asbjørn Rachlew, som har utviklet nye avhørsmetoder for politiet, om råd.

Asbjørn Rachlew har fått nytt, internasjonalt oppdrag.

FNs spesialrapportør mot tortur har bede Rachlew om å bidra i arbeidet med å hindre umenneskeleg eller nedverdigande behandling i avhøyr. Ekspertuvalet skal samlast i Washington i starten av juli.

– Dette er veldig inspirerande. Eg har arbeidd lenge med dette nasjonalt, og no ser vi at metodane vi har utvikla i Noreg får internasjonal merksemd. Det er givande og inspirerande, seier Rachlew til NRK.

Han jobbar for tida som forskar ved Senter for menneskerettar på Universitetet i Oslo, og har permisjon frå stillinga som avhøyrsspesialist i Oslo politidistrikt.

Rådgjevar under Breivik-avhøyra

Rachlew har doktorgrad i justisfeil, og stod i front då Noreg tok eit oppgjør med det som blir skildra som manipulative avhøyrsmetodar på starten av 2000-talet. Han var rådgjevar under avhøyra av Anders Behring Breivik, og har fleire år bak seg som drapsetterforskar i Oslo.

– Metodane vi har utvikla stammar frå England, der dei har hatt fleire rettsskandalar, men dei er også utvikla med bakgrunn i vår eigen erfaring. Vi har også gjort mange feil. Vi måtte endre metodane våre, seier Rachlew.

– Kvifor har FN invitert deg?

– Vi har fått til ein del ting, og vi har laga eit opplæringsprogram som har fått internasjonal merksemd. FN har fanga det opp og har difor invitert meg.

Avhørsekspert Asbjørn Rachlew

Avhøyrsekspert Asbjørn Rachlew hadde tidlegare i år besøk av Nguyen Xuan Yem, rektor ved Vietnam Police Academy. Han delte erfaringane sine frå rommet der Breivik vart avhøyrt.

Foto: Vietnam Police Academy

– Våre metodar byggjer på menneskerettane

Spesialrapportøren skal leggje fram sin rapport for FNs generalforsamling i oktober.

– Det er store globale utfordringar knytta til bruk av tortur. Det er det ingen tvil om. Samstudens ser vi at fleire og fleire land utviklar seg, seier Rachlew.

I Noreg har det vore fokus på manipulasjon og å få den mistenkte til å tilstå, ifølgje Rachlew. I mange andre land brukar ein også tortur når ein avhøyrer mistenkte.

– Tortur og manipulasjon er to ulike verkemiddel, men begge metodane blir brukt for å oppnå det samme føremålet; nemleg å få mistenkte til å tilstå. Tortur er jo sjølvsagt mykje verre, men målet er altså det samme.

– Vi må tilby eit alternativ som er effektivt. Vi meiner vi kan tilby det gjennom metodane vi har uvklinga. Meir og meir forsking stadfestar dette. Våre metodar byggjer på menneskerettane, men dei er også effektive.

Rachlew forklarer at i staden for å søkje stadfesting på hypotesane sine, så blir etterforskarane lært opp til å tenkje alternative hypotesar.

– Etterforskarane skal alltid stille spørsmålet: Kva om personen er uskuldig?

– Vi må leite etter uskuld. Men finn vi ikkje det, så styrkar jo det mistanken. Dessverre jobbar storparten av politistyrken i verda etter det motsette. Dei oppfatter at det er deira rolle å stadfeste mistanken, og få folk til å tilstå.

– No gjeld det å hjelpe så mange som mogleg, og eg meiner Noreg er moralsk forplikta til å ta leiinga.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger