NRK Meny
Normal

Noreg som brubyggjar

Noreg skal spele ei sentral rolle som brubyggjar i arbeidet for ein ny internasjonal klimaavtale ifølgje klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft (H). Avtalen skal etter planen vere klar i 2015. Sundtoft er optimist.

Noreg skal spele ei sentral rolle som brubyggjar i arbeidet for ein ny internasjonal avtale om reduksjon i utslepp av klimagassar. Det seier klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft (H). Avtalen skal etter planen vere klar i 2015. Sundtoft er optimist med tanke på å få avtalen på plass.

Tine Sundtoft om klimaavtale

FN prøvde iherdig i København i 2009. Barack Obama og ei rad andre stats- og regjeringssjefar var på plass. Men målet om ein juridisk bindande, global klimaavtale blei ikkje nådd.

No prøver FN igjen. Framfor klimakonferansen i Paris i 2015 er målet det same.

Førstehjelp for klimaet

– Per i dag har eg tru på ein avtale i Paris i 2015, seier Tine Sundtoft.

– Men vel så viktig – her og no – er at vi på veg fram mot den avtalen får gjort noko med klimautfordringane. Det er behov for "førstehjelp" for klimaet – vi må bl.a. sjå på dei kortliva klimadrivarane, som metan, sot og kjølegassar, som det går an å gjere noko med no, seier ho.

– Vi må ikkje berre sitje å vente på dei store prosessane og på avtalar som skal ta til å gjelde om sju år – vi må gjere noko konkret no. Viser vi at vi får til konkret handling, kan det vere lettare å få forståing for kva som er nødvendig når det gjeld dei store avtalene, legg ho til.

Handle og forhandle

– Som heilt fersk klima- og miljøvernminister har du naturleg nok store utfordringar framfor deg. Ser du dei internasjonale utfordringane som store og viktige samanlikna med det du skal gjere i norsk politikk?

– Ja, definitivt. Noreg er i ein unik posisjon. Vi er blitt eit rikt land på grunn av olje og gass. Den same oljen og gassen er ei miljøutfordring. Derfor kviler det eit ekstra stort ansvar på Noreg i arbeidet med å løyse klimautfordringane.

– Vi kan vere eit førebilete for andre ved å vise at vi får til noko – vi skal båre forhandle og handle, seier Tine Sundtoft.

Les meir: Semje om å forlengje Kyoto-avtalen
Les meir: NASA dokumenterer avskoging i Amazonas
Se video: Brasil lovar nye regnskogprosjekt

Byggje bru

– Kva rolle meiner du Noreg bør spele i arbeidet for ein ny, internasjonal klimaavtale? Kva er din ambisjon?

– Vi har fått ei brubyggjarrolle, og det har eg som mål å følgje opp vidare. Ambisjonen er at vi skal vere til stades i alle fora der viktige spørsmål blir diskutert. Vi har god kompetanse, og andre ser på oss som eit land med gode idear. Derfor blir vi lytta til. Dette skal vi byggje på.

På FNs klimakonferanse i Qatar i fjor blei det klart at Kyoto-avtalen skal vidareførast. Dette er pr. i dag den einaste avtalen som forpliktar landa til å redusere utslepp av klimagassar. Årets konferanse, som finn stad i Polen i november, vil i stor grad fokusere på den nye avtalen frå 2015.

Store hinder

– Kva blir dei største utfordringane på vegen fram mot ein avtale?

– Den største hindringa vil vere å få alle land med – og det å få ei felles forståing av korleis børa skal fordelast. Utfordringa er å med også dei landa som ikkje har hatt den same økonomiske utviklinga som vi har hatt – land som opplever det som urettferdig at også dei no skal måtte ta sin del av klimautfordringane. Men særleg USA har sagt tydeleg at alle må vere like bundne av ein avtale.

Forutan arbeidet med ein internasjonal klimaavtale, meiner Tine Sundtoft at spørsmålet om klimafinansiering er svært viktig. Det er etablert eit såkalla grønt fond, der målet er å få på plass 100 milliardar dollar i året til for at fattige land skal kunne tilpasse seg klimaendringane og redusere sine utslepp innan 2020.

Pengar på bordet

– Eg reiser allereie tysdag til København for å diskutere dette saman med kollegaer. Dette er eit viktig møte på vegen mot Warszawa-konferansen i november. Det er eit nyt fond, det er ein god ide, og Noreg sit i styret. Dette er ei viktig sak for oss, seier Sundtoft.

– Mange land slit med økonomien. Trur du desse pengane vil komme på bordet?

– Det blir ikkje enkelt, men eg er optimistisk med tanke på å få inn pengar i fondet i 2014.

Regnskog – god pengebruk

Den nye regjeringa vil vidareføre satsinga på å bevare regnskogen. Ansvaret for dette ligg no fullt og heilt i Miljøverndepartementet.

– Er dette ein god måte å bruke pengar på?

– Det er ein pengebruk som gir konkrete resultat. Vi vi legg vekt på at vi skal betale først når vi ser resultata, ikkje før. I tillegg søkjer vi samarbeid med andre gjevarland, bl.a. Tyskland. Det blir også viktig for oss i tida som kjem.

Olje og gass i Arktis

– Du nemnde at olje og gass er ei miljøutfordring. Korleis ser du på olje- og gassverksemd langt mot nord – frå eit miljøperspektiv?

– Dette er eit felt der ein må samordne ulike interesser, kanskje til dels motstridande interesser. Men miljøaspektet i Nordområda er viktig for denne regjeringa, seier Tine Sundtoft.

Ho vil ikkje gå nærare inn på dette temaet i denne omgang, men understrekar at det er viktig å styrkje beredskapen i nord. Sundtoft legg også vekt på at ein må sikre seg eit best mogeleg kunnskapsgrunnlag når det skal takast avgjerder i desse spørsmåla.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger