Hopp til innhold

Dette et du altfor lite av

Kosthaldet til nordmenn blir ikkje betre. Mellom anna et vi mindre og mindre fisk, viser ein ny kosthaldsrapport. Det kjenner Maria seg igjen i.

Maria Lund Saga står i forklede og kuttar opp søtpoteten

MINDRE FISK: Maria Lund Saga kunne vore betre til å eta fisk, seier ho. Slik er det for nordmenn flest, ifølgje rapporten til Helsedirektoratet.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

– Eg var flinkare til å ete fisk før, seier sjukepleiar Maria Lund Saga.

Ho kjem heim frå butikken med eit tøynett fullt av dagens middag. Søtpotet, eple, granateple, grønkål, fetaost og bacon.

Handlenettet til Maria Lund Saga.

Maria Lund Saga et veldig sunt, men seier at akkurat fisk kan ho bli betre til å ete.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK
Matlaging med Maria Lund Saga 5.desember, eit bilde av oppkutta søtpotetar og bakonpakke like ved

Dagens fangst består av mellom anna søtpotet, fetaost og bacon.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Kor ofte et du kjøt då?

– Bacon er ikkje kjøt, det er jo krydder. Det seier stefaren min, ler ho.

At det sjeldnare er fisk på menyen er også blitt normalen for nordmenn flest.

Matlaging med Maria Lund Saga 5.desember
Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Frå 2017 til 2023 skulle nordmenn helst ete 20 prosent meir fisk, sjømat, grov korn, grønsaker, frukt og bær, ifølgje dei nasjonale kosthaldsmåla.

Så langt har vi ikkje klart det, og utviklinga går feil veg, viser ein fersk kosthaldsrapport frå Helsedirektoratet.

– Vi er ikkje i nærleiken av dei måla vi sat oss i 2017, seier divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Linda Granlund.

Linda Granlund på Rema 1000

Divisjonsdirektør Linda Granlund ved Helsedirektoratet ser føre seg at om prisen på sunn mat som fisk går ned, vil fleire eta fisk.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Dette et du altfor lite av

Helsedirektoratet meiner vi et for lite fisk, sjømat, frukt og bær.

Sidan 2015 har forbruket vårt av fisk og sjømat gått ned 13 prosent, medan forbruket av frukt og bær har gått ned med 9 prosent.

Grønsaker er vi heller ikkje så glade i som vi burde vere, sjølv om vi et meir av det enn tidlegare, ifølgje Helsedirektoratet. Mellom 2012 og 2022 har forbruket auka 5 prosent, og i 2022 gjekk det litt ned. Altså er vi langt frå helsedirektoratet sitt mål om ein auke på 20 prosent innan 2023.

Matlaging med Maria Lund Saga, eit utsnittav kjøkkenbenken med frukt, salat, søtpotet på skjærefjøla.

Forbruket vårt av grønsaker, grove kornprodukt og kjøt har ikkje forandra seg så mykje sidan 2015.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Alt i alt har forbruket av grønsaker og grove kornprodukt forandra seg lite.

Det same gjeld kjøtforbruket vårt, som ifølgje Helsedirektoratet framleis er for høgt.

– Vi har snakka om kjøtet i mange år, og at forbruket bør ned. Spesielt raudt kjøt og tilarbeidde kjøtprodukt, fortel Granlund.

Ho skulle gjerne sett til at fleire bytte noko av det raude kjøtet med fisk og sjømat.

For å få folk til å gjere det, må Helsedirektoratet tenke nytt.

Middagsbordet til Maria Lund Saga med levande lys og tomme tallerknar

For å få fisk på middagsbordet, må prisane ned, skal ein tru divisjonsdirektøren i Helsedirektoratet.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Prisen er ein viktig faktor

– Dei fleste av oss veit kva som er sunt og ikkje. Helsedirektoratet må tenke nytt, og vi må gjere det enklare for forbrukarane å ta sunne val i ein hektisk kvardag, seier Granlund.

Granlund meiner eit ledd i dette er å gjere det billigare å ete sunt.

– Vi veit at det som påverkar matinntaket mest er pris og kva som er tilgjengeleg. Om vi reduserer prisen får vi ei endring i forbruket. Det er også Verdas helseorganisasjon (WHO) tydeleg på, seier Granlund.

Helsedirektoratet sine eigne undersøkingar viser at smak og pris er dei to faktorane ein legg mest vekt på når ein handlar mat. I 2023 legg 79 prosent mest vekt på prisen når dei handlar mat i butikkane.

– Det er difor ugunstig at konsumprisindeksen har auka betydeleg meir for fisk enn for kjøt, heiter det i rapporten.

Forskar Annechen Bahr Bugge ved Forbruksforskingsinstituttet ser fleire forklaringar på kvifor me et lite fisk.

Forskar Annechen Bahr Bugge ved fiskedisken på Rema 1000

Forskar Annechen Bahr Bugge seier alle tala for fisk og sjømat går ned. Det vil seia kor ofte folk et det, tilliten til at det er sunt eller miljøvennleg og kor godt det smaker.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

– Det er stadig færre som synest at fisk smaker godt. Folk føretrekker kjøt framfor fisk, og tilliten til fisk og sjømat er eit problem, seier Bugge.

Dessutan viser forskinga eit generasjonsskilje, kor folk under 50 år et mykje mindre fisk og sjømat enn dei som er eldre enn 50.

Er kosthaldsråda realistiske?

Matvarene som Saga valde seg kosta til saman 222,- kroner, noko ho tykte var ein grei pris.

– Fy flate, det blei godt. Dette er ein ny fast middag, seier Saga og forsyner seg med porsjon nummer tre.

Maria Lund Saga tenner stearinlysa på middagsbordet

Maria Lund Saga synest tende lys gjer middagsmåltidet nokre hakk hyggelegare.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Ho har vekse opp ein familie som et sunt og et som regel sunt.

Kva er du dårlegast til å få i deg av sunne matvarer?

– Fisk kanskje. Eg kunne nok fått i meg meir fiber òg.

Snart skal Helsedirektoratet utarbeide nye kosthaldsråd.

Spørsmålet er om dei skal sjå til dei nordiske kosthaldsråda for eit sunt og berekraftig kosthald.

Råda oppfordrar til eit hovudsakleg plantebasert kosthald med rikeleg inntak av fisk, avgrensa inntak av kjøt og å unngå prosessert mat.

mer mat - maria lund saga- salat
Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

– Eg trur ikkje det er realistisk å nå dei nordiske kostråda. Særleg viss ein skal prøva redusere kjøtforbruket kraftig, seier Bugge.

Ho meiner vi er nok så konservative når det gjeld matvanar.

– Kjøt har ein viktig posisjon på den norske middagstallerkenen, seier Bugge og legg til at mange nok er einige i Sandra Borch sitt utspel om at ordentlege middagar må innehalda kjøt.

Granlund frå Helsedirektoratet er heller ikkje ueinig i at kosthaldsråda kan vere urealistiske.

– Men så er jobben vår som myndigheiter å formidle råd baserte på den best tilgjengelege kunnskapen, sjølv om det er urealistisk, seier ho.

Maria Lund Saga smiler ved middagsbordet og er nøgd med dagens middag

Maria Lund Saga sin faste middag er steikte egg med fetaost i tortillalefse, og elles er ho veldig glad i posesuppe.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Maria Lund Saga seier at ho synest det krev ein del planlegging å lage gode rettar med fisk.

– Eg elskar sushi då, men føler ikkje heilt at det tel som fisk, seier ho.

– Tel sushi? I så fall et eg fisk éin gong i veka.

AKTUELT NÅ