Hopp til innhold

Nest høgaste tal på koronasmitta registrert på eitt døgn

Det var ved midnatt registrert 19.068 koronasmitta personar her i landet, viser førebelse tal. Døgnauken på 403 er den nest høgaste under pandemien.

Koronatesting på kommunal teststasjon i Asker

1,6 millionar koronatestar er gjennomførte i Noreg sidan pandemien trefte landet på ettervinteren 2020. Dette bildet er frå ein teststasjon i Asker.

Foto: Signe Karin Hotvedt / NRK

Dei siste to dagane er auken på 727 melde tilfelle, ifølgje tala frå det nasjonale meldesystemet for smittsame sjukdommar (MSIS).

Auken er den nest høgaste på eitt døgn så langt under pandemien. Berre døgnet fram til tysdag denne veka hadde ein høgare auke, med 433 nye tilfelle.

Høgare enn i mars

Dei tre siste døgna har alle tal som ligg over den tidlegare toppnoteringa frå 24. mars, då det vart registrert 313 nye tilfelle på eitt døgn.

For éi veke sidan var auken på eitt døgn 192 melde tilfelle.

I gjennomsnitt tek det eitt til to døgn frå eit prøvesvar er klart, til det vert registrert i MSIS. Tala kan dermed gi eit misvisande bilete av smittesituasjonen dei siste dagane, sidan det ikkje kjem fram når prøvene er tekne – berre når dei er registrerte.

49 pasientar er innlagde på sjukehus med covid-19-sjukdom. Det var onsdag registrert 280 døde som følgje av sjukdommen.

Det vart registrert 102 nye koronasmitta personar i Oslo det siste døgnet. 875 personar er smitta i Oslo dei siste 14 dagane.

Det vert testa langt fleire no enn i mars og april da koronapandemien førde til at mange barnehagar, skular og mykje blei nedstengd. FHI reknar med at smittetalla låg høgare enn det dei faktisk fekk registrert.

Også for null-kommunar

Dei nye nasjonale koronatiltaka frå regjeringa tredde i kraft onsdag, mellom anna med råd om å ikkje ha fleire enn fem gjestar, og dessutan ei oppmoding om å kutte ned på sosial omgang.

Bent Høie i Drammen, oktober 2020.

Helseminister Bent Høie ber om at også dei som bur i koronafrie kommunar følgjer reglane.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Onsdag oppmoda helseminister Bent Høie òg kommunar utan smitte til å følgje dei nye reglane.

– Eg forstår dei som synest det er rart å ikkje kunne ha fleire enn fem gjestar på middag i ein kommune der det ikkje har vore registrert eit einaste smittetilfelle på fleire månader, sa helseministeren.

– Men poenget er dette: Vi har hatt 150 små og store smitteutbrot sidan august. Vi veit ikkje kvar det neste kjem. Det kan starte i ein middag i ein kommune der det ikkje har vore registrert smitte på månadsvis, heldt han fram.

Les og:

AKTUELT NÅ