Hopp til innhold

NAV kan spionere heilt lovleg

NAV har fått tilgang til å krevje utlevering av data som er så sensitive at ikkje ein gong politiet har tilgang på det.

Nav kan spionere heilt lovleg

Inngangen til Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

For å få utlevert data om telefonsamtalane dine eller kva nettsider du har besøkt, må politiet søkje Post- og teletilsynet (PTT) om lov.

Men NAV har rett til å få dette utlevert utan å spørje nokon.

Avlsørt tilfeldig

I slutten av oktober vart PTT varsla om at ei NAV-kontor hadde prøvd å få tak i data frå mobiltelefonen til ein trygdemottakar. Dette hadde dei full rett til, ifølgje lova.

Då tilsynet undersøkte saka, fann dei ut at regjeringa har endra trygdelova, slik at PT no fryktar at teieplikta til teleoperatørane er sterkt redusert.

Informasjonsdirektør Elisabeth Aarsæther i Post- og teletilsynet

Informasjonsdirektør Elisabeth Aarsæther i Post- og teletilsynet slår alarm.

Foto: Svein Erik Dahl / Samfoto/PT

– Slik vi tolkar lovendringa, har NAV rett til å be teleoperatørane om direkte innsyn, utan å søkje oss om det. Dei har med andre ord fått ein rett ikkje ein gong politiet har. Vi meiner dette er veldig problematisk for personvernet, seier informasjonsdirketør Elisabeth Aarsæther i Post- og teletilsynet til Dagbladet.

Slår alarm

Nokre få instansar har høve til å søkje om innsyn på spesielle vilkår. Dette gjeld mellom anna for politiet.

Men det skjer berre i spesielle saker som for eksempel drap eller ran, at politiet får tilgang, opplyser PTT.

At NAV har den same retten, utan at dei treng å spørje om løyve, meiner PTT er så problematisk at dei slår alarm.

– Vi meiner dette er veldig problematisk for rettstryggleiken til dei som mottek NAV-ytingar, seier Aarsæther.

Håpar på feil

PTT har no sendt eit brev til Samferdsledepartementet der dei ber om å få avklart om det verkeleg er meininga at NAV skal ha direkte tilgang på sensitiv informasjon.

Informasjonssjef Ivar Torvik

Informasjonssjef Ivar Torvik i Samferdsledepartementet.

Foto: Samferdsledepartementet

Dei håpar det er ein glipp som er årsak til dette.

Informasjonssjef Ivar Torvik i departementet stadfestar overfor Dagbladet at dei er varsla om saka.

– Departementet har saka til behandling. Det er alt vi kan seie no, seier han.

NAV har ikkje ønskt å kommentere saka.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger