Hopp til innhold

Bruk av nasespray til vêrs etter pandemien – FHI seier det kan gjere vondt verre

Nordmenn kjøper reseptfri nasespray som aldri før. I fjor kjøpte vi over 8 millionar flasker. Mange er redde for å bli avhengige.

Tre kvinner foran Apotek1 på Majorstua

Farah, Narges og Susann trur mange er blitt vande med å bruke nasespray under pandemien.

Foto: Anton Lier / NRK

Salet av reseptfrie legemiddel mot tett nase og sår hals auka med 56 prosent i fjor, viser ferske tal frå Folkehelseinstituttet.

Etter ein nedgang i pandemiåret 2020, peikar pilene igjen bratt oppover.

Salet av medisin mot forkjøling er no 36 prosent høgare enn for fem år sidan. Og auken er størst for nasespray.

På Apotek 1 på Majorstua i Oslo har farmasøyt Kwame Boateng merka auka etterspurnad.

Farmasøyt Kwame Boateng

Farmasøyt Kwame Boateng på Apotek 1 på Majorstua i Oslo har registrert at fleire kjøper nasespray.

Foto: Anton Lier / NRK

Han trur den heng saman med at mange ikkje vart sjuke under pandemien fordi smitteverntiltaka beskytta folk mot forkjøling.

– Auken kan og ha samanheng med at det har vore mangel på hostemiddel ei stund. Då kan folk ha tydd til nasespray i staden for å lindre plagene, seier han.

– Du kan bli endå tettare

Mange brukarar har fortald NRK at dei har blitt «avhengige» av å bruke nasespray og at dei ikkje klarer å slutte.

Men det er ikkje riktig at sprayen gjer deg avhengig, ifølgje Mohammad Nouri Sharikabad i Folkehelseinstituttet (FHI).

– Det er ikkje snakk om avhengigheit i medisinsk forstand, men kanskje psykisk. Eg vil ikkje bruke ordet, seier Sharikabad. Han er avdelingsdirektør for legemiddelstatistikk i FHI.

Mohammad Nouri Sharikabad

Mohammad Nouri Sharikabad i FHI seier at feil bruk av nasespray kan forverre plagene.

Foto: Signe Karin Hotvedt / NRK

– Kan få motsett effekt

Han vil likevel åtvare mot overdriven bruk, det vil seie bruk utover sju til ti dagar.

– Feil bruk av nasespray kan skade slimhinna og gjere nasen endå tettare, seier Sharikabad.

Han forklarer det med den avsvellande verknaden i starten kan gje god hjelp, og at ein kan bli freista til å fortsette.

– Men då blir verknaden etter ei tid det motsette, åtvarar han.

Han strekar under at nasespray ikkje må brukast over lengre tid enn det står på pakninga.

– Det er viktig å følgje bruksrettleiinga. Slik spray skal ikkje brukast over lang tid, eller mot allergi eller betennelse i naseslimhinna, utan etter råd frå lege.

Oslo-jentene Farah, Narges og Susann er overraska over auken i salet av forkjølingsmedisin. Dei trur at mange kan ha blitt vande med å bruke nasespray under pandemien.

– Nasespray er jo avhengigheitsskapande, meiner Susann.

Ho trur at noko av det auka salet kan skuldast at fleire kan ha blitt avhengige, og at dei kan vere redde for å gå tomme.

Alle tre forsikrar om at det ikkje gjeld dei sjølve. – Vi er heldigvis sjeldan sjuke, seier Farah.

Nasespray-rekord

Nordmenn kjøpte i fjor 8,8 millionar flasker med nasespray. Bruken av slike middel har auka år for år.

Det siste året har salet av slimhinneavsvellande nasespray som Otrivin og Otrivin Comp auka med 16 prosent målte i dosar.

Stadig meir av salet skjer utanom apotek. For ti år sidan vart 2 av 3 flasker selde utanom apotek. No går 3 av 4 flasker over disk i matbutikkar og på bensinstasjonar.

Les meir Maja (19) er avhengig av nasespray

Maja Saur

Smertestillande aukar òg

Også salet av dei smertestillande legemidla paracetamol og ibuprofen auka i fjor. Reseptfri paracetamol auka med 16 prosent og ibuprofen med 7 prosent.

I alt kjøpte vi 12 millionar pakker med paracetamol, fordelt på fleire varemerke.

Auken har vore tydeleg i mange år, berre avbroten av ein nedgang i 2020. FHI forklarer nedgangen i det første pandemiåret med at folk heldt meir sosial avstand og andre smitteverntiltak og difor vart mindre sjuke.

Giovanni Bonura

Det beste tipset frå Giovanni Bonura mot tett nase er varm buljong eller vin.

Foto: Anton Lier / NRK

Giovanni Bonura som vi treff utanfor apoteket på Majorstua, har ikkje den største trua på forkjølingsmiddel, med mindre ein er skikkeleg dårleg.

– Eg trur det er best å ikkje ta noko, med mindre ein blir veldig sjuk. Mitt råd er i staden god, varm buljong eller litt vin, seier han med eit smil.

Les meir Slik «lurer» du den tette nesa di

Nese, illustrasjonsfoto

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger