Nakstad om ny virusvariant: Kan utkonkurrere delta-varianten

– Tyder på at den er meir smittsam enn delta-varianten, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad. FHI jobbar no med ein risikorapport av varianten.

Virus Outbreak South Africa New Variant

Myndigheitene i Sør-Afrika har kalla inn til hastemøte om den nye virusvarianten.

Foto: Denis Farrell / AP

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Den nye virusvarianten, som kallast B. 1.1.529, har ført til ein enorm smitteoppblomstring i Sør-Afrika.

Varianten har 32 mutasjonar, som er uvanleg høgt. Til samanlikning har delta-varianten to mutasjonar og beta-varianten tre.

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad seier at denne varianten er best kartlagt i Sør-Afrika. I Gauteng-provinsen, der Johannesburg ligg, har viruset spreidd seg raskt i klynger.

– Vi ser at den har overtatt totalt over to veker, som tyder på at den er meir smittsam enn delta-varianten.

Nakstad seier den kan bli den dominerande virusvarianten på sikt.

– Det betyr ikkje nødvendigvis at du blir meir sjuk eller at vaksinen ikkje verkar.

Espen Nakstad

I løpet av nokre veker vil vi få svar på om den nye varianten påverkar vaksineeffekten og kor sjuk ein blir, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Kan få konsekvensar for vaksineeffekt

Nakstad påpeiker at det spesielle er talet mutasjonar, der ti av dei påverkar bindingsstaden på piggproteinet på viruset. Jo større endringar på piggproteinet, jo meir bekymra blir ein for vaksineeffekten.

– Det kan bli vanskeleg for antistoff å feste seg, og derfor er ein bekymra for om vaksinen er like effektiv, seier Nakstad.

Med delta-varianten såg ein at vaksineeffekten blei noko påverka, men ikkje i like stor grad som frykta. Derfor vil det bli viktig med vidare studiar, meiner Nakstad.

I Sør-Afrika er 100 tilfelle blir knytt til den nye varianten, men det er frykta høge mørketal.

FILE PHOTO: COVID-19 vaccination in Houghton, Johannesburg

Rundt 40 prosent av befolkninga er fullvaksinert i Gauteng-provinsen.

Foto: Sumaya Hisham / Reuters

Viruset har ført til at Storbritannia forbyr innreise frå seks afrikanske land frå klokka 12 fredag. Fleire land følger etter, mellom anna Japan, Tyskland og Israel.

Er det aktuelt for Noreg å stenge grensene til enkelte land?

– Det som er viktig no er å følge veldig nøye med, slik vi gjorde førre gong vi fekk nye variantar, og ser om denne dukkar opp i Europa, svarar Nakstad.

WHO med hastemøte

Leiar av Verdas helseorganisasjon (WHO) si koronaforsking, Maria Van Kerkhove, seier det høge talet mutasjonar på den nye varianten kan verke inn på korleis viruset oppfører seg.

– Det vil ta nokre veker før vi forstår kva innverknad denne varianten har på moglege vaksinar, seier Van Kerkhove.

Smitteøkning i Sør-Afrika

Virolog Tulio de Oliveira seier den nye varianten gir grunn til bekymring.

Foto: Skjermbilde fra Twitter, tatt kl. 06.30 26.11.2021

Spesialutsending for koronasaker i WHO, David Nabarro, seier det er passande å vere bekymra for varianten no.

– Viruset ser ut som at det vil ha betre evne til å unngå forsvaret som vi har bygd opp som eit resultat av vaksinane vi har fått sidan starta av dette året, seier Nabarro til BBC.

I tillegg til Sør-Afrika, er viruset påvist i Israel, Botswana og Hongkong i Kina.

WHO seier dei følger nøye med på utviklinga. Fredag vil dei møte og avgjere om varianten skal kategoriserast som av «interesse» eller «bekymring».

Seksjonsleiar i FHI, Karoline Bragstad, stadfestar til NRK at dei no jobbar med ein risikorapport av varianten.

Bragstad seier det normalt skal ein del til før WHO vel å heve ein variant til «av bekymring».

– Viss dei trykker på alarmknappen no, vil det vere på bakgrunn av at den har så veldig mange endringar og at det kan sjå ut til at den spreier seg raskt i Sør-Afrika.

Ikkje bevist at den unngår vaksinen

Hovudbekymringa no er om denne varianten er i stand til å unngå vaksinen og immunitet frå tidlegare gjennomgått sjukdom, fortel Bragstad.

– Denne nye varianten har slått seg opp i eit område der det er låg vaksinasjonsdekning, så det er ikkje eit bevis på at den unngår vaksinen.

Fungerende seksjonsleder Karoline Bragstad ved FHI sier at det er viktig å vite om testene skal tas fra øvre eller nedre luftveier.

Seksjonsleiar i FHI, Karoline Bragstad, seier dei følger nøye med på varianten.

Foto: Ingvild Baltzersen Sund / NRK

– Samtidig har befolkninga hatt veldig mykje smitte tidlegare. Dei burde derfor ha ein god del smitte-indusert immunitet, seier ho vidare.

Bragstad trur WHO vil fråråde fly-nekt og heller gå inn for karantene og testing.

– Å isolere Sør-Afrika no på grunn av denne varianten vil på sikt kunne bidra til at land ikkje varslar om nye variantar.

Vil vurdere innreisestopp frå sørlege Afrika

Også i Noreg er det aukande smitte. Det siste døgnet er det registrert 2970 nye smittetilfelle, 544 fleire enn same dag førre veke.

Nakstad meiner det er avgjerande med betre etterleving av råda som er.

– Fleire må vaksinere seg med tredje dose, noko vi er godt i gang med. Folk må halde seg heime når dei er sjuke, vi må hoste i olbogekroken og halde avstand, seier han.

Pandemilab og sekvenseringslab på Ullevål

To månader etter gjenopninga opplever Noreg no ei ny smittebølge.

Foto: Heiko Junge / Heiko Junge

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier dei vurderer nasjonale tiltak, men vil ikkje konkludere om det kjem. Ho er bekymra over dei høge smittetala.

– Det fører til eit auka press på helsetenesta som også må handtere auka pasienttilstrøyming, som følge av RS-virus og andre luftvegsinfeksjonar.

Kjerkol seier dei ikkje har tatt stilling til om dei skal stoppe innreise frå sørlege land i Afrika, slik mellom anna Storbritannia har gjort.

– Det må vi vurdere. Vi fekk denne nyheita på morgonen, det er fagmyndigheiter som følger med på nye virusvariantar. Foreløpig har vi dei innreiserestriksjonane vi har, seier helseministeren i 08-tida fredag morgon.

Ingvild Kjerkol

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) varslar ein revidering av koronastrategien.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

Opposisjonen på Stortinget meiner det er på tide at regjeringa strammar inn reglane for innreise no. Kjell Ingolf Ropstad (KrF) seier til NTB at Noreg bør innføre karantene eller flystans frå land sør i Afrika.

Høgre meiner også regjeringa må vurdere ulike tiltak.

– Det må gjerast grep, men det må regjeringa finne ut av sjølv. Men ein kan ikkje sitte stille og sjå på denne situasjonen, seier justispolitisk talsperson Sveinung Stensland (H).

Tidobla smitte

Den nye virusvarianten blei først påvist i Botswana 11. november, ifølge The Guardian.

Sør-Afrika er det landet i Afrika som har blitt hardast ramma av covid-19. Totalt har nesten 3 millionar fått påvist viruset og over 89.000 har døydd som følge av det.

35 prosent av den vaksne befolkninga er fullvaksinert – noko som er langt meir enn snittet for kontinentet, som ligg på 6,6, ifølge AFP.

Smittetala i Sør-Afrika har auka frå rundt 100 ved starten av november, til 1200 siste døgn.

NRK har spurt Helse- og omsorgsdepartementet om dei vurderar å tiltak for reisande frå land sør i Afrika, men har førebels ikkje fått svar.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 08.12.2021
24 571
Smittede siste 7 dager
320
Innlagte
1 134
Døde
4 248 637
Vaksinerte

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger