Hopp til innhold

EU vil føreslå å stoppe flyreiser

Presidenten i EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen vil føreslå å stoppe flyreiser frå det sørlege Afrika etter den nye virusvarianten.

– Kommisjonen, i samarbeid med medlemslanda, vil føreslå å aktivere nødbremsa for å stoppe flyreiser frå dei sørlege afrikanske regionane på grunn av bekymring for den nye varianten, skriv von der Leyen i ei Twittermelding fredag.

Storbritannia, Tyskland, Italia, og fleire andre land har stoppa all flytrafikk frå land som Sør-Afrika, Namibia, Lesotho, Eswatini, Zimbabwe og Botswana i samband med varianten B. 1.1.529.

Von der Leyen and Michel address EU parliament in Strasbourg
Foto: CHRISTIAN HARTMANN / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no