Hopp til innhold

Mykje ungdomsfyll og bråk natt til 17. mai

Over heile landet har russ og ungdom trassa forbod og samla seg i store grupper ute natt til 17. mai. Politiet er kalla ut fleire stader etter meldingar om bråk.

Ungdom fester på Nordbytjernet ved Jessheim

Store mengder ungdom var samla på Nordbytjernet ved Jessheim i natt.

Foto: Remi Presttun

Tidleg på kvelden så det ut til å bli ein rolegare kveld med mindre ungdomsfyll enn vanleg, men utover natta tok bråket seg opp fleire stader.

Oslo-politiet opplyser til NTB at dei får inn meldingar om samlingar, men at det ikkje er så mykje dei kan gjere med det, og at det førebels ikkje er nokon alvorlege episodar knytte til russen.

– I Frognerparken er det anslagsvis mellom 500 og 1000 russ. Det er jo ikkje lov, men vi har ikkje kapasitet til å vere smittevernpoliti. Vi er der med patruljar og viser ansikt. Vi får òg inn meldingar om at russen samlar seg her og der rundt om i Oslo, men Frognerparken skil seg ut med at det er der det er flest, seier operasjonsleiar Line Skott.

To arresterte, to skadde

To menn i 20-åra er arresterte etter vald i Munkedamsveien i Oslo. To andre menn i 20-åra er sende til legevakt med hovudskadar.

Det var naboar som melde frå om slåstinga i ein leilegheit klokka 1.24 natt til søndag.

– Fire menn i 20-åra var innblanda. To av dei var slått med flaske og eit dørhandtak som var reve laus, seier operasjonsleiar Line Skott til NTB.

Laster Twitter-innhold

Vurderte å stengje park

I Harstad i Troms har det vore store samlingar i Folkeparken, med både russ og andre unge.

Norsk Folkehjelp er på staden og hjelper til i å passe på folkemengdene, medan politiet har brote opp slåsting. Til liks med Oslo-politiet viser dei ansikt på staden.

Det har komme til fleire meldingar og bortvisningar, medan overstadig rusa blir frakta heim til foreldre.

– Vi har mange hundre spreidde på fleire område. Vi har fjerna nokre uromoment, slik at vi kan halde oppe ei viss grad av lov og orden. Det er mange tilløp til slåsting. Det er nokre grupperingar som er i tottane på kvarandre, og det er ikkje russen som er problemet her, seier operasjonsleiar Karl Erik Thomassen.

– Vi vurderte ei stund å stengje av heile området, men det ville vore praktisk vanskeleg å gjennomføre med så mange hundre personar ute. Dessutan så har det fordelane sine å ha alle samla på éin stad, slik det er no, trass alt, seier Thomassen.

I løpet av natta er to unge menn bringa inn til politiarresten etter ordensforstyrring i Folkeparken.

Laster Twitter-innhold

Ba foreldre om hjelp

Politiet i Agder tilrådde allereie før midnatt foreldre i området til å ta kontakt med ungdommane sine for å sjekke kvar dei var.

Dei hadde då hatt ei hektisk oppkøyring til 17. mai, med utrykkingar til fyllefestar med hundrevis av ungdom i mellom anna Arendal og Kristiansand. Mange var svært fulle, dei fleste under 18 år.

I løpet av laurdagskvelden melde politiet i Agder at dei òg hadde patrulje på staden klokka 22 i Sørlandsparken, der rundt hundre bilar var samla til rånetreff.

– Vi får melding om fleire samlingar av ungdommar på ulike stader i Agder. Vi prøver å sende patruljar, men har problem med å følgje opp alt, melde politiet på Twitter.

Vi opplever at folk barkar i hop i større grad enn vanleg.

Operasjonsleiar Toralv Skårland i Sørvest politidistrikt

Julaftanvêr

Operasjonsleiar Toralv Skårland i Sørvest politidistrikt melder at dei har hatt ei rolegare natt enn natta før, til 16. mai.

Han tippar utandørsaktiviteten blir avgrensa av at det er surt og kaldt i Rogaland, og anslår vêret til å vere på nivå med vêr og vind rundt julaftan.

– Då blir det meir ordensforstyrringar på privatadresser enn normalt, og det medfører fleire utrykkingar enn normalt. Vi opplever at folk barkar i hop i større grad enn vanleg. Dette er jo tradisjonelt ei natt for fest. Mange har førebudd seg på det. Dei som har gått ut på byen, opplever då at utestader i kveld stengde 23.30. Mange synest kanskje det var tidleg å gå heim då og heldt fram andre stader, seier Skårland.

Ein skadd i slåsting i Bergen

Ein person vart kraftig forslått og er frakta i ambulanse til sjukehus i Bergen, melder Vest politidistrikt. Bråket skjedde på eit busstopp langs E39 på Vallaheiane. Dei mistenkte skal ha sprunge frå staden.

I Tromsø måtte politiet ta seg av ei overstadig rusa 15-årig jente. Ho var køyrd heim til mora, skriv Troms politidistrikt.

Roser russen

Øst politidistrikt var i natt i Rådhusparken i Lørenskog etter meldingar om støy. Russen fekk pålegg om å roe seg, rydde og forlate staden.

Då politiet kom tilbake, kunne dei fornøgd konstatere at pålegget hadde vorte fylgt.

Laster Twitter-innhold

I Trøndelag fekk politiet i natt rundt 50 meldingar om festbråk og støy, men utan at situasjonen spissa seg til. Politiet rosen russen, uten atterhald.

Laster Twitter-innhold

I ein tidlegare versjon av denne saka var det ved en feil brukt eit bilete av russ frå ei anna sak. Dette biletet er no fjerna.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger