Hopp til innhold

Michael Tetzschner refsar stortingspresidenten for Iran-utspel

Stortingspresidentens støtte til demonstrasjonane i Iran har vakt internasjonal merksemd. Michael Tetzschner (H) meiner Masud Gharahkhani (Ap) framstår som ein «overivrig representant frå Buskerud».

Michael Tetzschner

Høgre-politikar Michael Tetzschner meiner det er problematisk at Masud Gharahkhani uttaler seg om Iran i eigenskap av å vere stortingspresident.

Foto: Trygve Heide / NRK

Fredag blei den norske ambassadøren til Iran kalla inn på teppet av det iranske regimet. Det er andre gong på halvannan månad det skjer.

Ifølge det iranske nyheitsbyrået Fars var temaet på møtet utsegner stortingspresident Masud Gharahkhani kom med i eit intervju med eitt av opposisjonsmedia.

Mangeårig stortingsrepresentant for Høgre, Michael Tetzschner, forstår at Gharahkhani med sin iranske bakgrunn er engasjert i det som skjer i Iran. Men han meiner Gharahkhani ikkje kan uttale seg om dette i kraft av å vere stortingspresident.

– Han snakkar ikkje på vegner av Stortinget, sjølv om mange deler hans personlege syn på Iran og vi alle har eit felles verdigrunnlag.

Les også Iran protesterer på Stortingspresidentens tvitring

Masud Gharahkhani - Stortingspresident - Arendalsuka

Tetzschner har blant anna sete i Utanriks- og forsvarskomiteen og i Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget. Han viser til arbeidsfordelinga i politikken, der Stortinget vedtek utanrikspolitikken og regjeringa utøver.

– Det er ikkje plass for utanrikspolitiske utspel gjennom presidentskapen. Presidentskapen har ikkje fullmaktene til å sette i verk vedtaka i Stortinget, det er det regjeringa som skal gjere.

Kritisk til regimet

Det har vore fleire demonstrasjonar og sterke reaksjonar både i Iran og i andre land då 22 år gamle Mahsa Amini døydde i politiets varetekt.

Gharahkhani har ved fleire høve ytra seg kritisk det iranske regimet på sosiale medium.

Several thousand people express their solidarity with the protesters in Iran at a demonstration in Cologne, Germany.

Dødsfallet til 22 år gamle Mahsa Amini har utløyst demonstrasjonar fleire stader i verda. Her frå ein demonstrasjon i Tyskland.

Foto: Henning Kaiser / AP

I intervjuet som skal ha ført til at den norske ambassadøren på nytt måtte møte for det iranske utanriksdepartementet, tok stortingspresidenten til orde for regimeskifte i Iran.

– Eg står opp for menneskerettar og demokrati. og det eg sa i mitt intervju er at ein god leiar drep ikkje sitt eige folk. Ein god leiar slår ikkje sin søster og bror. og at Iran bør bygge på fridom og demokrati. Det er det unge menneske i gatene no kjempar for, sa Gharahkhani til NRK måndag.

Tidlegare har han også sendt videohelsing til demonstrantane i Iran.

Stortingspresidenten Masud Gharahkhani sender en hilsen på persisk til folket i Iran. Dette skjer i forbindelse med situasjonen i landet etter at 22 år gamle Mahsa Amini døde.

Stortingspresidenten Masud Gharahkhani sender ei helsing på persisk til folket i Iran. Dette skjer i forbindelse med situasjonen i landet etter at 22 år gamle Mahsa Amini døde.

– Engasjert

Som stortingspresident er Gharahkhani den øvste representanten for nasjonalforsamlinga. Det betyr blant anna at han skal opptre samlande og ikkje vere partipolitisk. Han er også friteken frå komitearbeid på Stortinget.

Tetzchner meiner Gharahkhani hadde stått friare til å kome med kritikk av Iran om han hadde vore meinig representant eller medlem av utanrikskomiteen.

– Då kunne han stilt spørsmål til utanriksleiinga om dei gjer nok og står på hardt nok, og på den måten fått fram dei verdiane vi står saman om i Noreg.

Les også 1000 demonstranter utenfor Utenriksdepartementet

Demonstranter på Karl Johan

Men Tetzchner vil ikkje gå så langt som å seie at stortingspresidenten har misforstått rolla si.

– Nei, eg vil heller seie at han er ein overivrig og engasjert representant frå Buskerud, som også må få delta i debatten. men då bør han gjere det på lik linje med andre representantar.

Gharahkhani hadde ikkje høve til å stille til intervju med NRK tysdag kveld.

Men i ei tekstmelding skriv han at han har respekt for Michael Tetzschners syn. I tillegg skriv han at rolla som stortingspresident alltid har blitt forma av dei som har rolla.

– Eg har eit sterkt engasjement for fridom, demokrati og menneskerettar. Difor har eg engasjert meg både i Ukraina og Iran, skriv Gharahkhani.

Les også Svensk politikar klipte av seg håret i EU-parlamentet

.

AKTUELT NÅ