Hopp til innhold

Svensk politikar klipte av seg håret i EU-parlamentet

EU-parlamentet diskuterte tysdag kveld demonstrasjonane i Iran. Under ein tale klipte svensk politikar av seg håret.

.

KLIPTE: Centerpartiet-politikaren Abir Al-Sahlani klipte av seg håret under ei tale i EU-parlamentet.

Foto: EU

Då demonstrasjonane i Iran vart diskutert i EU-parlamentet tysdag kveld, retta Centerpartiet-politikaren Abir Al-Sahlani hard kritikk mot utanrikssjefen i parlamentet.

På talarstolen snakka ho mellom anna om motet som iranske kvinner har vist under dei valdelege demonstrasjonane.

– Eit mot som ikkje har vorte møtt av deg, Josep Borrell, då du ikkje tok sjansen i FNs generalforsamling til å ta eit tydeleg standpunkt for kvinnene i Iran, sa ho og venda seg til utanrikssjefen i EU.

Deretter tok ho fram ei saks som ho hadde gøymt under papira sine, og klipte av seg håret.

– Inntil kvinnene i Iran er fri, kjem vi til å stå ved deira side, sa Al-Sahlani medan ho klipte.

Ein video fleire svenske medium har publisert viser at ho enda tala med å ta opp handa med hårlokkane i og seie:

– Kvinner, liv, fridom.

Les også Fire ting du bør vite om opptøyene i Iran

Demostrasjoner etter dødsfallet til Mahsa Amini i Teheran, Iran.

– Jævlig lei

Det har vore store demonstrasjonar over heile Iran sidan 22 år gamle Mahsa Amini døydde i varetekt hos iransk politi 16. september.

Amini vart arrestert av det såkalla moralpolitiet for «feil» bruk av hijab. I etterkant av dødsfallet har fleire kvinner brunne hijabar og klipt av seg håret i protest.

Dag etter dag går kvinner i Iran ut i gatene og roper at dei vil ha fridom, og dei blir møtt med vald, seier den svenske politikaren til avisa Aftonbladet.

Ho meiner at dette motet ikkje blir gjengjeldt.

– Eg er så jævlig lei av desse gamle mennenes mumling, spesielt når det kjem til kvinner sine retter. Eg gjorde det for å vise at stemma til dei iranske kvinnene blir høyrde heile vegen hit, seier Al-Sahlani.

Ifølge Al-Sahlani skal utanrikssjefen i parlamentet Josef Borrell ha reagert då ho klipte av seg håret.

– Han sat og gapte, bokstavleg talt, seier ho til Aftonbladet.

Iranske kvinner klipper av seg håret i protest.

– Ville gjere noko handfast.

Al-Sahlani seier til Aftonbladet at det er ein tradisjon at kvinner i Iran klipper av seg håret når dei er sinte.

Ho kjem frå nabolandet Irak, men fortel at ho sjølv barberte av seg håret som ung kvinne for å gjere opprør.

Då journalisten i Aftonbladet spør Al-Sahlani om korleis det var gjere det i EU-parlamentet, svarar ho:

– Det kjennest heilt riktig, eg trengde å gjere noko meir enn å berre seie ting. Eg ville gjere noko handfast.

Ho fekk reaksjonar på stuntet, og seier at mange kom bort til ho etterpå og gav ho ein klem.

– Mange kom bort og klemte meg. Det var tydleg at eg var veldig opprørt og frustrert, seier ho til den svenske avisa.

SISTE NYTT

Siste nytt