Hopp til innhold

Meling: – Me skal ikkje ta sigrane på forskot

Overraskande kortfatta og resultatet av eit politisk spel, meiner forsvarar Brynjar Meling om at politiet har bestemt å tvangsflytta mulla Krekar til eit asylmottak i den vesle trønderske bygda Kyrksæterøra. Han førebur seg likevel på ein krevjande runde i retten.

Mulla Krekar

Brynjar Meling (t.v.) er forsvarar for den tidlegare geriljaleiaren og kurdaren mulla Krekar som søndag slepp ut frå fengsel etter å ha sona ein dom for drapstrugslar.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Vedtak Krekar

Oslo politidistrikt sitt vedtak om meldeplikt og opphaldsstad for Krekar.

Foto: Oslo Politidistrikt

Det var gjennom media at Brynjar Meling tysdag fekk kjennskap til vedtaket frå Oslo politidistrikt om å flytta Krekar til Kyrksæterøra, halvannan time sørvest for Trondheim.

Onsdag har Meling fått lese gjennom vedtaket. Han er ikkje imponert.

– Det er overraskande kortfatta, overraskande lite drøftingar. Det ser eg på som ein klar indikasjon på at det einaste som ligg til grunn for avgjerda er instruksen, seier forsvararen til den 58 år gamle kurdaren.

– Håpar det finst dommarar som ikkje deltek i politisk spel

Søndag denne veka slepp Krekar ut frå Kongsvinger fengsel etter å ha sona ein dom på to år og ti månader for drapstrugslar mot statsminister Erna Solberg (H) og tre kurdarar.

Kyrksæterøra ligg inst i Hemnefjorden, halvannan times køyring frå Trondheim og har om lag 2500 innbyggjarar. Bygda blei vald som ny heimstad for Krekar basert på ei liste med krav frå PST, ifølgje Oslo-politiet.

Vidare heiter det at tvangsflytting og meldeplikt er naudsynt fordi mullaen representerer ein trugsel mot grunnleggande nasjonale interesser.

Krekar nektar å godta vedtaket om flytting og ønskjer sjølv å bu saman me kona og borna sine i Oslo. Forsvararen seier at dei no jobbar intenst med å førebu seg for å kunne bringa avgjerda inn for retten i løpet av «dagar eller veker».

Ifølgje forsvararen har Krekar låge forventningar om å vinna fram.

– Krekar har ikkje grunn til å ha stor tillit til norske styresmakter. Han har likevel eit håp om at det finst dommarar som ser hans side av saka og som ikkje vil vera ein del av slikt politisk spel.

Vil ikkje feira på forskot

Professor i privatrett Mads Andenæs sa i Dagsnytt 18 tysdag at det ville bli enkelt for Meling å få vedtaket omgjort i retten fordi «det er svært knapt og sakshandsaminga er ufatteleg dårleg utført».

Plankekøyring blir det likevel ikkje, meiner Meling

– Ein professor ar langt større sjølvtillit og tru på eigne ferdigheiter enn ein advokat. Eg skal ikkje ta nokon sigrar på forskot. Eg skal byggja opp ein godt fundamentert rettsleg argumentasjon, så får me håpa at retten følgjer den. Eg er spent på korleis motparten skal argumentera si side av saka, seier Krekar sin forsvarar til NRK.

AKTUELT NÅ