Hopp til innhold

Brynjar Meling: – Eg har blitt telefonavlytta av USA

Den profilerte forsvararen til mulla Krekar trur han vart telefonavlytta av amerikanske etterretning. Norske terroradvokatar seier dei er svært forsiktige når dei skal ha ømfintlege klientsamtalar.

Brynjar Meling og mulla Krekar

Advokat Brynjar Meling seier han vart telefonavlytta etter at han tipsa norske styresmakter om at amerikansk etterretning planlagte å hente mulla Krekar ut av landet.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Tysdag melde TV 2 at den profilerte advokaten John Christian Elden hevda at Facebook-kontoen hans har blitt overvaka av amerikanske styresmakter, etter at han kommuniserte med ein terrorsikta klient.

Innhaldet i kommunikasjonen skal ha ført til at advokaten ikkje fekk innreisevisum til USA.

Dette kan vise seg å ikkje vere eit unikt tilfelle. I dag fortel advokat Brynjar Meling til NRK.no at han hyra inn ekspertar til å vurdere kontakten han hadde med klienten mulla Krekar, etter å ha fatta mistanke om at nokon overvaka kommunikasjonen dei hadde. Han fekk mistankane stadfesta.

– Eg fekk ein førespurnad frå eit anerkjend tryggingsselskap som vert brukt inn mot denne typen avlytting. Det takka eg ja til, og gav dei opplysningane og tilgangane dei trengde. Etter ei veke fekk eg beskjed om at det var klare indikasjonar på at eg var avlytta.

Varsla om sensitive opplysningar

Medan John Christian Elden hevdar han vart overvaka på Facebook, så meiner Meling at nokon har telefonavlytta han.

– Det som vart undersøkt hos meg var telefon og e-post. Eg har aldri hatt noko jobbmessig kontakt på sosiale media, så eg har ingen samanliknbar historie. Det tryggingsselskapet fann klare indikasjonar på var telefonavlytting.

– Veit du kven som stod bak denne avlyttinga?

– Eg har ikkje nokon gong vore i tvil. Eg har aldri trudd at offisielle norske styresmakter vil setje i verk direkte ulovlege ting. For meg var det heile tida vore klart at dette var amerikansk etterretning.

Meling fortel at overvakinga skjedde i kjølvatnet av at han varsla norske styresmakter om informasjon han hadde fått. Denne informasjonen gjekk ut på at det var planlagt ein operasjon frå amerikansk etterretning om å hente Krekar ut av landet.

Følgjer med på Paltalk

Som ein del av den storstilte overvakingslekkasjen i USA er det hevda at ni internettselskap har samarbeida med NSA om utlevering av kommunikasjon. Dette gjeld også tenesta Paltalk, som mulla Krekar var brukar av i opptil åtte år, og som var sentral i bevisførselen mot han. Dette overraskar ikkje Meling.

– Nokon har jo funne noko på Krekar som dei meiner gir grunnlag på å reagere. Det er det som er vanskeleg med informasjon som har kome fram på ulovleg måte, at det er umogleg å bruke som bevis. Ein tvingar seg her inn i ei verd som ikkje toler lyset til offentlegheita.

Terroradvokatar ikkje overraska

NRK.no har også vore i kontakt med advokatane som jobba med den såkalla terrorplanleggingssaka, der tre nordmenn var tiltala for å planlegge eit terroråtak mot danske Jyllands-Posten. Saka vart etterforska i Storbritannia og i USA, i tillegg til av PST i Noreg.

René Ibsen representerte David Jakobsen, som vart frikjent for dei alvorlegaste punkta i saka. Han var svært nøye med måten samtalane gjekk føre seg på.

– Eg tok høgde for at kommunikasjonen kunne bli overvaka. Eg veit at amerikanarane var djupt inne i det, og trur nok dei kjende eit slags eigarforhold til denne saka. Dei spelte ei ganske stor rolle i kulissane.

Carl Konow Rieber-Mohn

Forsvarar Carl Konow Rieber-Mohn er ikkje overraska dersom amerikanske styresmakter overvakar norske advokatar.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX

Det same seier Carl Konow Rieber-Mohn, forsvararen til Mikael Davud, som vart dømd til 8 års fengsel.

– Eg er ikkje det minste overraska over at amerikanarane også overvakar nettrafikk mot norske advokatar som jobbar med terrormistenkte. Det ville nesten forundre meg dersom dei ikkje gjer det.

– Eg veit jo kva slags ressursar som vert lagt ned i å overvake ulike e-postadresser, og det kan vere nokså tilfeldig kvar ein begynner, fortel Rieber-Mohn.

Dei tre som var tiltala i terrorplanleggingssaka vart arresterte i juli 2010. Då fortalde dåverande PST-sjef Janne Kristiansen at mennene hadde kopling til saker som vart etterforska mellom anna i USA. Amerikanske styresmakter vurderte å søke om utlevering av dei mistenkte for å stille dei for ein domstol i USA.

Diskuterer ikkje detaljar på telefon

Korkje Ibsen eller Rieber-Mohn har kommunisert med klientane sine i ein anna setting enn ved ansikt til ansikt i fengsel eller i ein rettssal.

Arvid Sjødin

Arve Sjødin har vore forsvarar i to terror-relaterte saker dei siste åra. Han er ikkje bekymra for overvakinga.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Generelt så kjenner eg meg ukomfortabel med å diskutere detaljar over telefon. At klienten min var avlytta såg eg på som svært sannsynleg. Då ville jo også eg indirekte bli det, seier René Ibsen.

Advokat Arvid Sjødin meiner det bør vere tryggjande at amerikanarane har oversikt over personar som på nokon som helst måte er relatert til terrorisme, og viser til Elden-saka.

– Dersom amerikanarane har eit system der ein terrorist blir plukka ut, så må jo det gjere samfunnet tryggare. Poenget er ikkje at Elden er overvaka, men at han har vore i kontakt med ein person som var tiltalt for terrorisme. Med den gode kjennskapen Elden har til ambassaden får han heilt sikkert visumet igjen, seier Arve Sjødin.

AKTUELT NÅ