Hopp til innhold

«Slaktaren frå Teheran» er død: – Presidenten er ein «nobody»

Iran erklærer fem dagar sørgetid etter president Raisis død, men dødsfallet betyr lite for regimets framtid, meiner ekspertar.

Irans presietn Ebrahim Raisi

Irans president Ebrahim Raisi, til venstre, vart måndag stadfesta omkomen etter ei helikopterulukke.

Foto: Vahid Salemi / AP

President i Iran Ebrahim Raisi døydde i ein helikopterstyrt nordvest i landet søndag, skriv Irans visepresident på X.

Styresmaktene har erklært fem sørgedagar i Iran, for å markera dødsfallet.

Dødsfallet kjem ikkje til å ha ei praktisk betydning for Iran, trur professor ved Høgskulen Kristiania Sharam Alghasi.

Les også Irans president omkom i helikopterstyrt

Ebrahim raisi

Ein «nobody» i det politiske systemet

Alghasi meiner landet vil fortsette meir eller mindre som før, etter helikopterulukka.

– Presidenten i Iran er ein sånn «nobody» i det politiske apparatet i Iran, fortel Alghasi.

Han forklarer at det i Iran er dei religiøse leiarane som sit med den reelle makta i landet, og ikkje presidenten.

Det betyr at den religiøse leiaren ayatollah Ali Khamenei også er den øvste politiske leiaren i Iran.

Sharam Alghasi

Professor ved Høgskulen i Kristiania, Sharam Alghasi, trur ikkje dødsfallet til presidenten i Iran vil ha så mykje å seia for regimet.

Foto: Tonje Bergmo / NRK

– Det er paradoksalt at du har ein president som i realiteten har lite makt, samanlikna med mange andre politiske aktørar, seier Alghasi.

– Regimet har eit hardt grep rundt folket, seier spaltist og forfattar Mina Bai til NRK.

Ho seier det ikkje er stor forskjell frå kven som er president, fordi ideologien og regimet er det same.

Forventar ny konservativ leiar

I tråd med den iranske grunnlova, må det haldast nytt presidentval innan 50 dagar.

I mellomtida har øvste leiaren i Iran, ayatollah Ali Khamenei, utpeika visepresident Mohammad Mokhber til å utføra oppgåvene presidenten elles skulle ha gjort.

Sverre Lodgaard ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi) seier han ventar at Irans neste president blir like konservativ som Raisi var kjend for å vera.

Han tvilar på at dødsfallet til presidenten vil skapa uro eller kaos i iransk politikk.

Ayatollah Ali Khamenei, president i Iran Ebrahim Raisi og Muqtada al-Sadr

Eit bilete delt ut av Irans øvste leiar Ayatollah Ali Khamenei sitt kontor, viser den avdøde presidenten Ebrahim Raisi ilag med Ayatollah Ali Khamenei og militsleiar Muqtada al-Sadr under ein seremoni i 2019.

Foto: KHAMENEI.IR / AFP

– Han har stått på den same konservative linja som resten av leiarskapen i Iran. Ført ei hard linje overfor demonstrantane. Og også ført ei hard linje i atomforhandlingane med USA, seier Lodgaard til NRK.

Han legg til at Raisi har vore ein lojal mann til leiar Khamenei.

– Raisi har representert ein leiarskap som er konsolidert konservativt, seier Lodgaard til NRK.

Sverre Lodgaard

Sverre Lodgaard i Nupi trur den neste leiaren i Iran blir like konservativ som den avdøde presidenten.

Foto: Christian Breidlid

Heller ikkje Alghasi trur det blir store endringar etter dødsfallet.

– Me har vore vitne til ein prosess kor meir og meir konservative styre blir godkjende, mens det blir mindre opning for kanskje meir liberale, seier han.

«Slaktaren frå Teheran»

Den avdøde presidenten fekk tilnamnet «slaktaren frå Teheran» etter deltakinga si i avrettingane av dei politiske motstandarane av leiarskapen i 1988 etter revolusjonen.

Raisi spelte ei sentral rolle i den såkalla dødskommisjonen, som bestemte at fleire tusen iranske politiske fangar i fengsel skulle drepast.

Leiar Mahmood Amiry-Moghaddam i Iran Human Rights seier ryktet etter avrettingane på 1980-talet aldri sleppte taket for Raisi.

Støttedemonstrasjon for det iranske folk

– Forr oss, er i dag ein dag der me tenker på at Raisi burde ha blitt stilt for retten, fordi han er ein av dei få ein veit heilt sikkert har deltatt i alvorlege brotsverk, seier AMiry-Moghaddam i Iran Human Rights.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Elles har han vore kjent for den harde linja som leiarskapen generelt har ført overfor eiga befolkning og i internasjonal politikk. Det er vel rett å seia at forholdet mellom styrande og styrte i Iran er meir spent enn nokon gong sidan revolusjonen, seier Lodgaard i Nupi til NRK.

Les også Eksperter om iranske raketter mot Israel: Historisk angrep

Iran Mideast Tensions

Raisi var likevel ein favoritt til å ta over som religiøs leiar etter noverande Ali Khamenei.

Universitetslektor Mohammad M. Izadi ved UiO seier han ikkje har oppfatta Raisi som ein naturleg arvtakar for Khamenei, slik andre ekspertar har.

– Han var ikkje god til å halda talar for eksempel. Han verka ikkje som ein tung nok skikkelse til å kunna ta over eit så altomfattande verv som det å bli Irans øvste leiar.

Feirar dødsfallet i Iran

Alghasi ved Høgskulen Kristiania seier at folk er veldig misnøgde med det iranske regimet.

Ved førre val var deltakinga låg.

Det vitnar om at iranarane har mista håpet og trua på regimet, fortel han.

Journalist i Avisa Oslo, Sevda Barazesh seier det er viktig å hugsa på at bileta frå statlege iranske medium, ikkje nødvendigvis stemmer overeins med stemninga i landet.

Det hevdes at det er for å feire helikopterstyrten til Irans president Ebrahim Raisi.

Fyrverkeri i fleire byar i Iran skal vera for å feira helikopterstyrten til Irans president Ebrahim Raisi.

– Bileta statlege iranske TV-kanalar viser no, representerer ikkje eit riktig bilete av kva majoriteten av iranarar i Iran kjenner på.

Vidare fortel ho at ein på sosiale medium ser at folk feirar dødsfallet til presidenten. Det er ein klar indikasjon på korleis menneska i Iran ser på dette styret.

Sevda Barazesh, journalist i Avisa Oslo

Journalist i Avisa Oslo og forfattar Sevda Barazesh seier folk feirar dødsfallet til presidenten på sosiale medium.

Foto: Sevda Barazesh / Privat

Det har symbolsk verdi, meiner Barazesh.

– Relasjonen mellom folket og presteskapet blir gradvis svekka for kvart år som går. Som fleire har uttrykt på sosiale medium, kjennest Raisi sitt dødsfall som ei lette, spesielt med tanke på rolla hans i 1988, og for dei som har mista familiane sine under dei nylege demonstrasjonane.

Ei kvinne klipper av seg håret under ein protest mot Irans regime i New York i september 2022.

Ei kvinne klipper av seg håret under ein protest mot Irans regime, i New York i september 2022.

Foto: Stephanie Keith / Reuters

Dei siste åra har landet vore prega av store demonstrasjonar mot den religiøse leiinga og landets moralpoliti.

Les også Menneskerettsgruppe: Armita (16) i koma etter møte med Irans moralpoliti

Selfie av Armita Geravand (16) og skjermdump av overvåkningsvideo

Særleg har det vore store demonstrasjonar etter at Mahsa Amini døydde i varetekt hos moralpolitiet.

I etterkant av dette, valde fleire kvinner å klippa av seg håret i protest, for å visa støtte med kvinner i Iran.

AKTUELT NÅ