Hopp til innhold

MDG vil gi familiar 40.000 i straumstøtte

To vaksne og to barn ville fått 40.000 kroner i året med MDGs straumstøtte. Slik ville partiet unngått at familiar med høgast inntekt sat igjen med mest av straumstøtta.

Lan Marie Berg

VIL GI MEIR TIL FOLK SOM BRUKER LITE STRØM: Nestleiar Lan Marie Berg i MDG meiner folk bør få like mykje i straumstøtte same kor stort forbruket er.

Foto: William Jobling / NRK

– No har NRK endå ein gong stadfesta det me har sagt sidan ordninga vart innført: Dei med mest frå før får mest pengar gjennom Støres straumstøtte, seier MDGs stortingsrepresentant Lan Marie Berg.

Førre veke kunne NRK fortelja at dei som tener best, fekk mest i straumstøtte. Dess høgare straumforbruk, jo høgare inntekt.

Folk med høgare inntekt har også skrudd ned straumforbruket mindre enn folk med lågare inntekt etter støtta vart innførte, viser NRKs kartlegging.

I dag får nordmenn støtte basert på kor mange kilowattimar dei forbruker.

– Så lenge ein gir pengar til alle baserte på kor mykje straum folk bruker så blir det meir til dei med store hus og symjebasseng.

Les også Slik vart folk i Holmenkollen straumstøtte-vinnarar

Måne går ned over Oslo, fredag morgen.

Ber Stortinget krevja ei betre ordning

MDG meiner inntektene til staten frå straumsalet bør fordelast på ein annan måte. Dei vil gi 10.000 per nordmenn, uansett kor mykje straum som blir forbrukt, slik at alle har ei økonomisk gulrot ved å spara på straumen.

Det vil gi ein barnefamilie med to barn 40.000 kroner utbetalte i året.

– Dette vil gjera størst forskjell for dei som har lite pengar frå før og gjer at det blir lønnsamt å spara straum der ein kan, seier Berg.

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Stortinget skal behandla ei justering av straumstøtta tysdag.

Då vil Berg foreslå at regjeringa tek grep for å unngå at folk i rikare område i Noreg blir straumstøtte-vinnarar:

«Stortinget ber regjeringa komma tilbake til Stortinget med forslag til ein ny og meir sosialt rettferdig straumstøtteordning som er innretta slik at høginntektsgrupper ikkje får meir av midla til fellesskapet enn andre.»

– Då er det inga skam å snu, seier Berg.

Her kan du sjekka postnummeret ditt og sjå kor mykje naboane dine i snitt har fått i straumstøtte:

Vil stramme inn

Også Venstre ønsker endre på straumstøtteordninga. Dei vil justere ned kompensasjonsgraden frå 90 til 80 prosent, og auke innslagspunktet frå 70 til 73 øre.

– I Stortinget har vi påpeikt dei same problema NRK trekte fram, basert i høyringssvar frå ei rekke aktørar, seier Ola Elvestuen (V).

Ola Elvestuen Pressekonferanse om regjeringens tredje krisepakke

Ola Elvestuen sit i energi- og miljøkomiteen for Venstre.

Foto: Stian Lysberg Solum

I sommar endra regjeringa ordninga, slik at den dekker straumprisen time for time. Venstre ønsker å endre dette, slik at straumstøtta dekker ein månadleg straumpris.

Straumstøtta krympar over nyttår

Regjeringa og SV vart i helga samde om korleis statsbudsjettet for 2024 skal vera. Straumstøtta blir forlengd til å gjelda neste år.

Medan støtta i dag tek 90 prosent av rekninga over 70 øre, vil innslagspunktet auka til 73 øre etter 1. januar.

Forbrukarane må då betala 3,75 øre meir per kilowattime, inkludert meirverdiavgift, enn dei gjer i dag om prisen er så høg at straumstøtta slår inn.

Støre-regjeringa har tidlegare forsvart ordninga overfor NRK.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) på Kårstø i Rogaland

Energiminister Terje Aasland (Ap).

Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

– Det som er viktig er at me sørgjer for at me får ein korreksjon på prisen, når prisen er ekstremt høg. Derfor meiner eg at denne ordninga er veldig god og viktig, seier energiminister Terje Aasland (Ap).

Han har vist til at folk som slit økonomisk kan ha høgt straumforbruk, og vist til SSBs gjennomgang av straumstøtteordninga.

AKTUELT NÅ