Hopp til innhold

MDG-toppar ser bakover – vil ha niårig og nesten skjermfri skole

Tre MDG-toppar går saman for å skjerma barn frå skjermar, og halda dei igjen lenger i barnehagen. – Gi barna leiken tilbake, manar dei.

Ingrid Liland, Une Bastholm og Lan Marie Berg frå MDG på toppen av ei sklie.

Ingrid Liland, Une Bastholm og Lan Marie Berg frå MDG vil ha meir leik og mindre skjerm blant dei minste.

Foto: Tommy Iversen / NRK

Trass i travle dagar føre landsmøtet, så unner Lan Marie Berg seg ein leiketime no som temperaturane i Oslo gir ein smak av sommar.

– Dette må vera Oslo sin lykkelegaste kvadratmeter på ein fin vårdag, seier stortingsrepresentanten og nestleiaren frå toppen av eit leikestativ på frodige, vårgrøne Kirsebærlunden leikeplass på Tøyen i Oslo.

– Men så sit du og ser ned i mobilen, ler nestleiar-kollega Ingrid Liland.

Lan Marie Berg ler etter at kollega Ingrid Liland påpeikte at ho såg litt vel mykje ned på mobilen der dei sat og naut vårsola på toppen av eit leikestativ.

Lan Marie Berg ler etter at kollega Ingrid Liland påpeikte at ho såg litt vel mykje ned på mobilen der dei sat og naut vårsola på toppen av eit leikestativ.

Foto: Tommy Iversen / NRK

For sjølv i Miljøpartiet dei grøne må synet av grøne vårteikn ofte vika til fordel for skjermen og hans mange distraksjonar.

Skjerm er inn – skal ut

Og det gjeld i stor grad for dei yngste blant oss. Ifølge rapporten EU Kids Online 2020, så kjem norske barn ut på topp i skjermbruk – i snitt går det med nesten fire timar kvar dag.

– Ungar treng å vera på stadar som det her der dei får utfolda seg, og vera i fysisk aktivitet, seier Liland.

Ho, Berg og stortingsrepresentant Une Bastholm ser med stor bekymring på mange barn sin kvardag, som dei meiner har blitt meir einsformig og inaktiv etter kvart som skjermar i form av mobilar og nettbrett har blitt meir utbreidde.

Ingrid Liland, i eit ufokusert augeblikk, mellom partikollegaene Lan Marie Berg og Une Bastholm.

Ingrid Liland, i eit ufokusert augeblikk, mellom partikollegaene Lan Marie Berg og Une Bastholm.

Foto: Tommy Iversen / NRK

I fleire kommunar får barn ned i 5-årsalderen utdelt eit personleg nettbrett når dei byrjar på skolen.

– Mange av oss vaksne veit kor lett det er å mista konsentrasjonen, og halda konsentrasjonen over tid når det er skjerm inne i bildet. Den utviklinga trur eg er uheldig, seier Berg.

Det vil dei tre MDG-toppane gjera noko med. Dei ønskjer å gjera 1. til 4. klasse skjermfri, og avgrensa skjermbruken på eldre klassetrinn til ein betre forstår verdien og ulempene skjermtida har i skolen.

Lilly Hjelme Husøy skriver i en notatbok. Vi ser henne ovenfra. Hun har mørkt hår og bruker en blå blyant. På pulten ser vi også et nettbrett og et penalhus fullt av farger.

Går det som MDG-trioen vil, så skal det personlege nettbrettet her vekk frå pulten og inn i skapet.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Ballen rullar

I april sette regjeringa ned eit utval som nettopp skal samanfatta kunnskapsgrunnlaget og foreslå tiltak knytt til skjermbruken til barn og unge.

Vidare vil regjeringa løyve pengar som skal brukast på bøker i skulen.

Dette skal bidra til å motverke skjermbruk, så statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) under sin landsmøtetale førre veke.

– I ei ekstraordinær løyving no i mai, vil me gi skolane 120 millionar kroner i friske midlar til innkjøp av lærebøker, spesielt for dei minste barna på alle språk, også på samisk, sa Støre.

Men for dei tre MDG-arane er det altså føre-var-prinsippet som gjeld.

– Det handlar ikkje om å vera negativ til teknologi, men me må legga til rette for å læra barn fornuftig og kontrollert skjermbruk. I tillegg er det ein verdi i seg sjølv å gi barn fleire rom der skjermen ikkje er til stades, seier Bastholm.

– Og så må me ikkje gløyma andre, taktile måtar å læra på i eit teknologisk samfunn, som å lesa ei bok, sjå kvarandre i auga, og ta og gjera ting, legg ho til.

– Skapar skoletaparar

Nettopp læring gjennom leik er ein viktig del av resolusjonen trioen vil løfta på landsmøtet.

Dei vil gå bort frå seksårsreforma då den første store forskingsrapporten, utført ved Oslo Met i 2022, viser at det blir stadig mindre leik i norske skolar.

– Me må ta på alvor at det skapar skoletaparar tidleg, meiner Bastholm.

Planen for seksårsreforma då ho vart innført, var eit slags førskoleår med mykje leik. Men med kunnskapsløftet nokre år seinare kom det eit endå større fokus på læring.

Lan Marie Berg slynger seg ned frå leikestativet.

Lan Marie Berg slynger seg ned frå leikestativet.

Foto: Tommy Iversen / NRK

– I staden for ein mjuk overgang mellom barnehage og skole er realiteten mange stadar at ein blir møtt med skjerm og lekser frå første veke. Som forelder føler ein seg makteslaus når ein ser at ungen ikkje er klar, seier Bastholm.

Målet deira er difor å utsetta skolestart til det året barn fyller sju år. Då skal eit skoleår vika til fordel for eitt ekstra år i barnehage.

– Det vesentlege er at me får ein politikk som tar vare på barndomen til barn, seier Bastholm, som i likskap med kollegaene sine snart har barn i skolealder.

Håpet deira er at resolusjonen «Gi barna leiken tilbake», som først blir votert over på landsstyremøtet i juni, er ein del av norsk skolepolitikk til den tid.

Les også Stadig mindre lek i skolen – ved denne skolen går de mot strømmen

lek er læring på Mosby

AKTUELT NÅ