Hopp til innhold

Folk reiser til Syden i ferien: – Sol skulle vore på blå resept

Det står ikkje på utanlandsturar denne vinterferien. Reiseselskapa seier det er det mange fleire som har bestilt utanlandstur i år.

vinterferie-granca-stills-05-210224

GLER SEG: Heile familien Kummen skal samlast på Gran Canaria i vinterferien.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Ein hard vinter har kanskje fått mange til å revurdere planane i vinterferien.

På Gardermoen går mange av avgangane til Spania desse vekene.

vinterferie-granca-stills-07-210224

Aurora (8), Marthea (5) og Malin Sunde gler seg til to veker i sol og varme.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

– Vi skal bade, ete, sole oss og besøke oldemor, seier Aurora Sundet (9) som sit å ventar ved utgangen.

Ho og familien har fleire gonger vore på Gran Canaria.

Sjølv om økonomien har blitt litt strammare, blei det tur dit i år også.

– Det er klart vi merker det, men vi prioriterer å reise ned likevel. Sol skulle vore på blå resept, seier Malin Sundet.

Mange fleire vil ut og reise

Fleire av reiseselskapa NRK har snakka med fortel om auke i bestillingar denne vinterferien.

Ving fortel om 33 prosent auke i bestillingar første veka i januar til turar om vinteren. Og turane i vinterferien er heilt utseld.

Apollo seier at første veka i februar var det salsauke på 30 prosent mot same veke i fjor. Då blei siste vinterferie-turane riven vekk, etter rekordsal i januar.

vinterferie-granca-stills-04-210224

Ved utgangen på Gardermoen var mange klare for ein tur til varmare strøk.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

– Vi har sett at det er mange fleire som vil reise i år. Det er mange som prioriterer det, seier Anne Mørk-Løwengreen, kommunikasjonssjef i TUI Noreg.

Reiseselskapet TUI har 17 prosent fleire bestillingar for veke 8 i år samanlikna med i fjor. Og i veke 9 var det 18 prosent fleire bestilte reiser.

– Eg er jo ein av dei som har hoppa på der.

Mørk-Løwengreen er sjølv på vinterferie i Maspalomas på Gran Canaria.

– Vi har sett at vintervêret har vore kaldt. Då får ein enda meir lyst å reise vekk. Vi vil ikkje måke meir snø, og då vil eg til Gran Canaria, legg ho til.

Om ein ser på bestillingar til TUI som er gjort i veke 6 og 7 blei det gjort 43 prosent fleire enn på same tid i fjor.

Det kan altså sjå ut som at fleire nordmenn har kasta seg rundt for å reise til varmare strøk i vinterferien.

Tek seg råd til det

Ifølgje ei spørjeundersøking frå Hovedorganisasjonen Virke er det 1 av 5 nordmenn som planlegg å ta seg vinterferie i år.

4 av 10 av dei skal reise til utlandet. Då er Spania heilt klart favoritten.

Det er reiseselskapa NRK einig i.

– Vi ser at mange ønsker seg sol og varme i vinterferien. Mange reiser til Spania. Gran Canaria, Malaga og Alicante er på topp, seier Silje Glorvigen, kommunikasjonsrådgjevar i Norwegian.

silje-glorvigen-05-210224

Silje Glorvigen, kommunikasjonsrådgjevar i Norwegian.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Sjølv om fleire har bestilt i siste liten, så ser Norwegian også at mange er tidleg ute for å sikre seg billige billettar.

– Interessa for flybillettar er framleis stor. Vi ser at mange bestiller litt tidlegare enn før. Nokre bestiller eit år i førevegen, men dei fleste har bestilt rundt årsskifte, seier Glorvigen.

Det er tilfelle for Cathrin og Stig Kjetil Kummen frå Gjøvik. Dei skal også til Gran Canaria i vinterferien.

– Eg gler meg til å komme meg vekk frå snøen. På Gjøvik har det vore vinter sidan oktober.

vinterferie-granca-stills-05-210224

Cathrin og Stig Kjetil Kummen frå Gjøvik gler seg til å sleppe snøvêret.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

– Er ikkje det dyrt å reise på tur?

– Ja, det er heilt klart ei prioritering. Vi lev lenge på ei slik oppleving, seier ho.

– Også har vi vore litt lure sidan vi bestilte billettar for lenge sidan, skyt Stig Kjetil inn.

AKTUELT NÅ