Hopp til innhold

Mange er framleis hardt skadde

Tolv pasientar mottar framleis intensivbehandling ved Oslo universitetssjukehus etter terrorangrepa 22. juli. Fleire av dei hardast skadde er tenåringar frå Utøya-skytinga.

Skyting på Utøya

MANGE SKADDE: Helikopter og ambulansar i skytteltrafikk med hardt skadde personar frå Regjeringskvartalet og Utøya etter terrorangrepa mot Norge.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Det er nå totalt 20 pasientar innlagde ved Oslo universitetssjukehus avdeling Ullevål etter terrorangrepa i Regjeringskvartalet og på Utøya.

For tolv av desse er tilstanden så alvorleg at dei må ha intensivbehandling blir det opplyst frå sjukehuset. Fleire av dei hardast skadde er tenåringar som var på AUF sin sommarleir på Utøya.

Fleire av desse må gjennom mange operasjonar i tida framover.

Mange skadde for livet

Tal som NRK har samla inn frå sjukehusa og Oslo legevakt viser at 151 personar blei skadde. 77 menneske mista livet i terrorangrepet.

Av dei skadde var 62 frå Utøya, medan 89 blei skadde i bombeeksplosjonen på Regjeringskvartalet.

Sjukehusa går ikkje ut med informasjon om kjønn, alder, nasjonalitet eller tilstanden til pasientane. Men mykje tyder på at mange av offera har fått livslange skadar.

– Pasientane treng framleis mykje behandling og mange har behov for kirurgi, sa Tina Gaader, leiar for traumeavdelinga ved Ullevål sjukehus til NRK.no tidlegare denne veka.

Blei skotne fleire gonger

Dei fleste av offera på Utøya blei skotne fleire gonger. Sidan terroristen ville drepa flest mogleg brukte han fragmentert ammunisjon, som gjer ekstra store skadar.

Nevrokirurg Vidar Stenset var på jobb kvelden 22. juli:

– Eg har ikkje personleg erfaring frå krig, men eg assosierer dette med krigsskadar, seier kirurgen til NRK.no.

AKTUELT NÅ