58 år gamle Johanna Jostameling vart funnen drepen, truleg med kniv, i husværet sitt i sentrum av byen 24. oktober i år. Nettavisa
siterer rettsmedisinske kjelder på at ho kan ha vorte drepen 21. oktober. Det var altså i perioden då Makaveli Lindén var på flukt.Det er slått fast at Lindén var i Belgia før han reiste vidare til Frankrike, og at belgisk politi har assistert norsk politi i etterforskinga av saka.
Den drepne kvinna har tysk bakgrunn og har jobba som klesdesigner. Ho var einsleg, og venene karakteriserer henne som sosial. Ifølgje hln.be er det stole gjenstandar frå husværet hennar.
– Ikkje mistenkt
58 år gamle Johanna Jostameling vart drepen i Mechelen medan Makaveli Lindén var på flukt.
Foto: PrivatNele Poelmans ved påtalemakta i Mechelen stadfestar at svensken blir etterforska i samband med saka, men at han ikkje har status som mistenkt. Dei har enno ikkje avhøyrt han.
– Vi kan stadfeste at dette er eit spor vi etterforskar. Han har førebels ikkje status som mistenkt, og vi har ikkje hatt sjansen til å avhøyre han enno, seier Poelmans.
Mechelen ligg midt mellom hamnebyen Antwerpen og hovudstaden Brussel.
Heikki Bjørklund Paltto (24) vart
i husværet sitt på Majorstua i Oslo 19. oktober i år. Det vart raskt klart at det var snakk om drap. Etter nokre dagar vart , mistenkt for drapet.Heikki Bjørklund Paltto vart drepen i husværet sitt på Majorstua 19. oktober.
Foto: PrivatFørst til Uppsala
Han kom seg først til heimbyen Uppsala i Sverige, før han reiste vidare nedover i Europa. Det er ingenting som tyder på at Dijon var det endelege målet hans.
Det var
som gjorde det mogleg å følgje spora hans, slik at fransk politi kunne arrestere han på jernbanestasjonen i Dijon.
Politiet jobbar på åstaden for knivdrapet på Majorstua i Oslo 19. oktober.
Foto: Thomas Marthinsen / NRKNorske politifolk på veg ut frå politihuset i Dijon med beslag.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpixVentar på avklaring
Visepolitimeister Oliver Dupas i Dijon seier til NRK i kveld at belgisk politi arbeider for å slå fast om Lindén kan ha stått bak drapet i Mechelen.
– Eg veit svært lite om denne saka, men vi veit er at belgisk politi jobbar med å avklare om han skal få status som mistenkt. Belgisk politi har heller ikkje kravd han utlevert, seier han.
Han fortel at dei ikkje har informert svensken om at han blir etterforska av belgisk politi i samband med eit knivdrap i Mechelen.
– Eg veit at politiet i Belgia prøver å avklare om han skal få status som mistenkt, men han er ikkje mistenkt no, seier Oliver Dupas.
– Hjelpte til med opplysningar
Norsk politi har ikkje informert Lindén om at han blir etterforska for eit drap i Belgia, det må belgisk politi gjere, seier politiadvokat Christian Hatlo i Oslo politidistrikt.
– Vi er kjende med at dei jobbar med ei sak der, og vi har hjelpt dei med opplysningar. Spørsmål om kva status han har må nesten rettast til belgisk politi, seier Hatlo til NRK i kveld.
Hatlo meiner det er naturleg at politiet i Mechelen ser på deira sak, og at det også er gjort nokre beslag i Frankrike som det er naturleg å dele med belgisk politi.'
– Men der ventar vi på ein førespurnad frå Belgia. Vi veit at Belgia ikkje har kravd Lindén utlevert, men gjer dei det, så må vi finne ei løysing på det, seier Hatlo.
Forsvararen til Makaveli Lindén, Øystein Storrvik, seier at han ikkje har opplysningar om at klienten hans er kjent med at han er mistenkt eller under etterforsking for eit drap i Belgia. Han har elles ingen kommentar til det faktum at Lindén er under etterforsking i samband med eit knivdrap i Belgia.