Hopp til innhold

Lundestad: – Eg er lei meg for at eg vart kasta ut

Geir Lundestad seier til VG at han er lei seg for at han vart kasta ut av kontoret sitt på Nobelinstituttet, etter interne reaksjonar på boka han har skrive.

Geir Lundestad

Geir Lundestad seier til VG at han er lei seg for å ha blitt kasta ut frå kontora sine på Nobelinstituttet.

Foto: Gaute Zakariassen / NRK

Tysdag denne veka stadfesta Geir Lundestad at han måtte forlate Nobelinstituttet for godt etter 25 år. Fristen er sett til årsskiftet.

Til VG seier den tidlegare direktøren og sekretæren for Det Norske Nobelinstitutt at han er lei seg for det heile.

Geir Lundestads nye bok

I «Fredens sekretær» fortel Geir Lundestad om sine 25 år som sekretær for Nobelkomiteen.

Foto: Gaute Zakariassen / NRK

– Eg må seie at eg er lei meg. Eg skal skrive ei omfattande Nobel-bok til og må uansett opphalde meg mykje på Nobelinstituttet, fordi det er der mange av kjeldene er, så det er veldig dumt, seier han til avisa.

NRK har forsøkt å få tak i Lundestad i kveld utan å lukkast.

– Skulle ikkje bli ein «sjuande far i huset»

Avgjerda er tatt etter turbulensen den siste veka. Lundestad har ifølgje Nobelinstituttet brote teieplikta i boka si «Fredens sekretær», som gir eit unikt innblikk i det indre livet i komiteen.

Vidare fortel Lundestad til avisa at han har vore veldig klar på at han ikkje skulle eller skal verte ein sjuande far i huset etter at han gjekk av, og synest akkurat den biten har gått greitt.

– Men i det lyset går det vel an å sjå at nokre meiner det er greitt at eg ikkje lenger får disponere kontoret. Eg skjønar det perspektivet, fortel han til VG.

Jagland: – Løgn og ufine påstandar

Den tidlegare leiaren i Nobelkomiteen, Thorbjørn Jagland, er blant dei som får gjennomgå i boka. Blant anna hevdar Lundestad at Jagland ikkje skreiv talane sine sjølv. Og at han hinta til pressa om kven som ville få prisen i fjor.

I Aftenposten skriv Thorbjørn Jagland onsdag kveld at dette ikkje stemmer.

– Påstanden om at eg ikkje arbeidde med mine talar til Nobelseremoniane er løgn.

Han skriv vidare at dei som er rundt han kan stadfeste at han kvart år brukte timar, dagar og veker for å få talane best mogleg.

– Det er rett og slett ufint å påstå at eg ikkje arbeidde med mine eigne talar og slik indikere at det var sekretæren sitt utkast eg las opp.

– Påstanden om at eg hinta til pressa om kven som ville få prisen er ikkje berre ufin, den er injurierande. Forlaget kunne lett ha undersøkt fakta, skriv han.

Han meiner at eit av fleire bevis er at presse og mange ekspertar ikkje var i stand til å forklare kven Kailash Satyarthi var, straks prisen vart offentleggjort.

Geir Lundestad bestrider at han har begått karakterdrap på Torbjørn Jagland

Geir Lundestad meiner pressa og kritikarane berre har fokusert på dei negative karakteristikkane han gir av Thorbjørn Jagland.

Skal promotere boka

Komiteen bestemte seg for å kaste ut Lundestad måndag denne veka, etter eit møte.

– Eg vil ikkje seie noko meir om dette. Komiteen har lagt fram sitt syn og eg mitt, sa ein ordknapp Geir Lundestad til NRK i går, tysdag.

Han skal no reise land og strand rundt og promotere boka si. Konflikten har vi lagt bak oss, la Lundestad til.

Nobelinstituttet sin nye direktør Olav Njølstad svarte i går følgjande på NRK sitt spørsmål:

– Lundestad har hatt gratis kontor på Nobelinstituttet under arbeidet med dette bokprosjektet. Vi har snakka saman om denne ordninga i lys av komiteen si utsegn og blitt einige om at den vert avslutta ved årsskiftet. Eg kjem ikkje til å gi fleire kommentarar.

AKTUELT NÅ