Hopp til innhold

Listhaug har kjøpt seg sportsbil – No vil ho kutte avgiftene på drivstoff

Sylvi Listhaug og Frp vil dempe prisveksten på drivstoff. – Når ho kjøper ein fossildrive bil må ho også betale utgiftene det inneber, seier Venstres Ola Elvestuen.

Listhaug har kjøpt bil

CHEVROLET-EIGAR: Frp-leiar Sylvi Listhaug og ektemannen har gått til innkjøp av ein ti år gamal sportsbil.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Det brummar godt i motoren når Frp-leiar Sylvi Listhaug startar motoren på sin nyinnkjøpte Chevrolet Camaro ZL1.

– Det er 580 hestekrefter, smiler ho.

Den ti år gamle bilen går på bensin. Med dagens høge drivstoffprisar, ville det komme godt med for partileiaren dersom Frp rykande ferske landsmøtevedtak skulle få støtte i Stortinget:

Snarast avvikle særavgiftene på drivstoff og anleggsdiesel.

– Dei som er avhengige av drivstoff merkar prisane kraftig, seier Listhaug.

Listhaug har kjøpt bil

LIKAR BILAR: Sylvi Listhaug er vel nøgd med sin «nye» bil.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Vil ta frå staten og gi til folk

I tillegg går partiet inn for å halvere meirverdiavgifta for mat og ein makspris på 50 øre per kilowattime straum.

Altså gjere det billegare å kjøpe mat og bruke straum. Dagens ordning er at staten dekker 80 prosent av straumprisen over 70 øre per kilowattime.

– Det er forbi veldig mange no slit med å greie å få endane til å møtast. Både vanlege folk og næringslivet.

Frp peikar på at staten no får «enorme» ekstrainntekter frå høge straumprisar og olje- og gasseksport.

– Når staten flaumar over av pengar, vil vi at folk skal behalde litt meir sjølv slik at dei greier seg gjennom denne krisa, seier Listhaug.

Kutta gjeld i første omgang for 2022.

Venstre: – Kan ikkje gjennomførast

Venstres Ola Elvestuen gratulerer Listhaug med nykjøpt bil, men reagerer sterkt på at Frp vil kutte avgiftene.

Ola Elvestuen

KRITISK: Ola Elvestuen i Venstre er mot Frps avgiftskutt.

Foto: Peder Martin Bergholt / NRK

Når ho kjøper ein fossildrive bil må ho også betale utgiftene det inneber, understrekar Venstres energi- og miljøpolitiske talsperson.

Han meiner det blir heilt feil å avvikle avgifter på diesel og bensin for å demme opp mot prisauken, når Noreg har som mål å berre selje fornybare bilar i 2025.

Det er i alle fall ikkje noko framsteg i forslaget deira. Det kan ikkje gjennomførast.

I staden vil Elvestuen hjelpe dei som har økonomiske vanskar i møte med prisauken.

Han avviser at Frp ville fått gjennomslag for avgiftskutt i ei borgarleg regjering.

Det kan dei ikkje få. Vi har ei klimaavtale med EU og juridisk bindande forpliktingar vi har meldt inn til FN, seier Venstre-toppen.

Chevrolet Camaro ZL1. Årsmodell 2012.

IKKJE FORNYBAR: Listhaugs nykjøpte Chevrolet går på bensin.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Vil hjelpe bøndene

Målet til Frp med avgiftskutta er å sikre kjøpekrafta for folk, hindre inflasjon og gi betre oversikt over kva som kjem for bedriftene og landbruket.

– Landbruket må snarast bli kompensert for auka kostnadar på kunstgjødsel, drivstoff og kraftfor for å unngå at jord blir liggjande brakk og dyr slaktast, uttalar landsmøtet også i vedtaket sitt.

– Er dette god klimapolitikk?

– Det er ingen som køyrer meir bil om dei får litt billegare drivstoff. Ein køyrer bil når ein må, det er det vi ønsker gi folk høve til.

– Kva blir prislappen?

– Ut året på desse avgiftene og straum snakkar vi cirka 20 milliardar kroner. Vi har ikkje fått rekninga på kva det vil koste for næringslivet, seier Listhaug.

AKTUELT NÅ