Hopp til innhold

Likestillingsombodet: Ap-leiinga må definere seksuell trakassering

Likestillingsombodet meiner leiinga i Trøndelag Ap må vere tydeleg på kva dei reknar som seksuell trakassering om dei skal lykkast med å løyse problema i fylkeslaget.

Hanne Inger Bjurstrøm

PEIKER PÅ LOVA: Likestillings- og diskrimineringsombod, Hanne Bjurstrøm, understrekar at leiinga i Trøndelag Arbeidarparti er lovplikta til å førebyggje seksuell trakassering og skape ein god varslingskultur.

Foto: Kim Saatvedt

– Leiinga må vere heilt tydeleg på kva dei meiner er seksuell trakassering, seier likestilling- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm.

Etter at Trond Giske i førre veke vart innstilt som ny leiar i Trøndelag Ap, stod fleire partimedlem fram og kritiserte det dei meiner er ein ukultur i organisasjonen. Det heile enda med at innstillinga av Giske vart vraka av valkomiteen. Ingvild Kjerkol vart i staden valt til ny leiar. Ho lova å rydde opp.

Kjerkol var måndag gjest i Politisk kvarter på NRK. Ho svarte følgjande på spørsmål om kvifor eit oppgjer rundt ukulturen i Trøndelag Ap tok så lang tid:

– Den enkle forklaringar vel at det var no Trond Giske vart innstilt til eit tillitsverv. Det har han ikkje vore tidlegare. Det var no det vart viktig for dei som hadde opplevingar og historier å fortelje kva dei hadde opplevd. Og det var no det store oppgjeret kom frå AUF.

Ingvild Kjerkol er valgt til ny leder for Trøndelag Ap

NY LEIAR: Ingvild Kjerkol vart ny leiar i Trøndelag Ap etter kampvotering på årsmøtet.

Foto: Bilder fra Trøndelag Ap / NRK

Ifølgje likestillingsombodet er det i historier om seksuell trakassering ofte store skilnadar i korleis folk ser på det som har skjedd.

– Nokon opplev dette som harmlaust, medan personen som vert utsett for det derimot ofte opplev det som veldig grovt, seier ho.

Det er derfor svært viktig med tydelege retningslinjer om leiinga i Trøndelag Ap skal førebyggje seksuell trakassering, og byggje ein betre varslingskultur, fortel Bjurstrøm.

– Leiinga må vere heilt tydeleg på kva dei meiner er seksuell trakassering og at det er ei uønskt åtferd. Og det må bli sendt eit klart signal nedover i heile organisasjonen. Det er viktig for at ein skal lykkast, seier Bjurstrøm.

– Ein typisk stad med mykje risiko

– Politiske organisasjonar er ein typisk stad med mykje risiko for seksuell trakassering, Dette må ein vere klar over og drive bevisst førebygging av, seier Bjurstrøm.

Årsaka til det, er at ein i politiske organisasjonar ofte er gamle og unge saman, møter kvarandre på kveldstid og drikk alkohol saman, fortel ombodet.

– Ein må kartlegge risiko, seier ho.

– Her har det vore eit kulturproblem

– Det er klart når eg høyrer alt som har skjedd i Trøndelag Ap, at det har vore eit kulturproblem, seier Bjurstrøm.

Ho understrekar at vi har ei likestillingslov med føresegn om kva ein arbeidsgjevar, og i dette tilfelle ein organisasjon, har plikt til å gjere.

– Dei er pliktige i å jobbe med førebygging av seksuell trakassering, og dei må lage ein kultur som gjer det enkelt å varsle, seier Bjurstrøm.

HØYR TALEN: Sofie Rosten Løvdahl tok eit oppgjer med seksuell trakassering, på talarstolen under årsmøtet i Trøndelag Ap.

Meiner intern varsling gjev mindre påkjenning

Seksuell trakassering har gått føre seg, sa Sofie Løvdahl på talarstolen under helgas fylkesårsmøte i Trøndelag Arbeidarparti.

– Seksuell trakassering er ikkje noko som skjer i ei fjern Oslo-boble. Det går føre seg her, og det har gått føre seg lenge, sa Løvdahl medan ho heva peikefingeren.

– Det har skjedd fordi våre fremste partimedlemmar har latt det skje. Det har skjedd systematisk.

Dei siste dagane hadde det storma rundt fylkeslaget. Fleire aksepterte ikkje at Trond Giske vart innstilt som ny fylkesleiar, sidan han tidlegare har brote partiet sine retningslinjer for seksuell trakassering.

Trond Giske. Bildet er tatt i forbindelse med årsmøte i Trøndelag Ap, 29.08.20

TREKKER SEG: Trond Giske, under årsmøtet i Trøndelag Ap. Før møtet skreiv Giske på Facebook at han ikkje ville stille opp i eit eventuelt benkeforslag om leiarvervet i Trøndelag Ap. Giske trakk seg også som stortingskandidat til neste val.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Fleire partimedlemmar nytta redaksjonelle- og sosiale medium for å fortelje om eigne opplevingar i organisasjonen.

Likestilling og diskrimineringsombodet meiner nyheitsmedium er ein siste utveg. Og at ein i ein organisasjon med god varslingskultur, skal sleppe å nytte seg av desse kanalane for å bli høyrd.

– I ein god og trygg kultur så er det ikkje medium ein skal varsle gjennom, seier Bjurstrøm.

Ho grunngjev det med at det er ei mindre påkjenning for den som varslar, om saka vert løyst internt.

AKTUELT NÅ