Hopp til innhold

Lei av meiningsmålingar? Det var verre i 2013

Trudde du at det har vore ekstra mange meiningsmålingar i norske nyheitsmedium i denne valkampen? Det var faktisk mykje meir målingsstoff før stortingsvalet for fire år sidan.

Fra partilederdebatten i Arendal kulturhus under Arendalsuka.

PARTILEDERNE: Bjørnar Moxnes (Rødt), Une Bastholm (MDG), Audun Lysbakken (SV), Trygve Slagsvold Vedum (Sp), Jonas Gahr Støre (Ap), Erna Solberg (Høyre), Siv Jensen (Frp), Knut Arild Hareide (Krf) og Trine Skei Grande (Venstre) under valgkampens første partilederdebatt i Arendal.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Dette går fram av ei undersøking Retriever har gjort for NRK. Retriever er eit selskap som overvakar alt norske aviser, nettstader, radio- og TV-stasjonar og andre nyheitsmedium publiserer.

Analysesjef Guro Lindebjerg i Retriever fortel at omgrepa «meiningsmåling» og «partibarometer» vart brukte rundt 4000 fleire gongar i valkampen i 2013 enn i valkampen i 2017.

– Det kan hende at det faktum at Arbeidarpartiet har gått tilbake på målingane har gitt ei kjensle av at målingar har prega dekninga av valet. At dei store overskriftene og bruken av sterke omgrep som «krisemåling» og «skandalemåling» har skapt eit inntrykk av at denne typen omtale har dominert, seier Lindebjerg.

Ho trur at det er rett og slett er vinklingane og ordbruken som har vore ulik i år, og ikkje talet på oppslag.

Ho ser heller ikkje bort frå at mangelen på store valsaker har fått omtalen av meiningsmålingar til å stå fram som meir intens enn tidlegvare.

Omtalane aukar i august

Likevel er tendensen klar. Volumet på meiningsmålingssaker er i realiteten betydeleg mindre i år.

– Ser vi på utviklinga i omtale per veke, ser vi at volumet aukar frå og med starten av august både i 2013 og i år. Vi ser likevel at auken er mykje kraftigare i 2013 enn i år. I år har vi ein jamn auke fram til 8. september, seier Guro Lindebjerg til NRK.

Retriever har henta ut tal frå 1. juli begge åra og fram til siste fredag før valet. I 2013 var det 6. september og i år 8. september.

Færre målingar, meir spenning

Nettsida Poll of polls jobbar med å samle tal frå alle meiningsmålingar og sette dei saman til eit truleg valresultat.

Johan Giertsen, jussprofessor og ein av initiativtakarane bak nettsida, fortel at det har vore ein nedgang i tal på meiningsmålingar i år, men spenninga kring valet gjer at fleire har ein kjensle av at det har vore mykje målingsstoff.

– I år har målingane hatt mange sider, og ein av dei er sperregrensa som fleire parti slåst om å kome over eller unngå å kome under.

Johan Giertsen

Johan Giertsen meiner årets meiningsmålingar har vore meir spennande enn i 2013.

Foto: NRK Brennpunkt

Spektakulær Ap-nedgang

Giertsen trur også dei store variasjonane i målingane har gjort at fleire følger ekstra med.

– Måling X har hatt borgarleg fleirtal, mens måling Y har hatt raudgrønt fleirtal. Det har skapt meir interesse. Ein anna ting er Arbeidarpartiets nedgang. Det er spektakulært.

Giertsen trur dei spennande målingane også gjer at også partia sjølv bruker meir tid på å studere målingane.

– I denne valkampen er det små marginar, og partia finn kjelda til kunnskap i målingane.

AKTUELT NÅ