Hopp til innhold

Svensk minister langar ut mot skule-Kristin

Den svenske skuleministeren meiner «fruktstunder» og heildagsskule er bom.

Sveriges utdanningsminister Jan Björklund på Venstres landsmøte

Sveriges utdanningsminister Jan Björklund på Venstres landsmøte lørdag.

Foto: Schjetne, Steinar / Scanpix

Kristin Halvorsen

Kristin Halvorsen (SV).

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Venstres landsmøte i Trondheim vart arena for ein uvanleg norsk-svensk skulestrid laurdag.

SV-leiar og Kristin Halvorsen har ved fleire høve peika på at det no går betre med den norske skulen i dei internasjonale PISA-undersøkingane. Og at det går betre enn i Sverige.

Seinast på SVs landsmøte førre helg kritiserte ho den svenske utdanningsministeren Jan Björklund. Ho meiner den svenske regjeringa eksperimenterer med skulen.

Svar på tiltale

I dag fekk ho svar på tiltale då Björklund frå det svenske Folkpartiet var gjestetalar på søsterpartiet Venstres landsmøte i Trondheim.

– Så seier ho at resultata i den norske skulen er blitt betre i PISA-undersøkinga i 2009. Som om det er hennar forteneste! Det var jo det borgarlege Kunnskapsløftet i 2004 som løfta resultata i norsk skule, sa han til stor applaus frå Venstres landsmøtesal.

Les: Klar framgang for norsk skole

– Sanninga er at dersom Kunnskapsløftet skal bli forvalta godt i den norske skulen, og gje betre resultat på lang sikt, så må ein fullføre dette med ein kunnskapspolitikk. Då er det ikkje nye «fruktstunder» og ein statlig dirigert heildagsskule som er svaret, sa han frå talarstolen.

Kristin Halvorsen reagerer på kritikken.

– Dette heng ikkje på greip. Det er oppsiktsvekkande forskjellar i utviklinga i svensk og norsk skule dei seinare åra. I Sverige er det større forskjellar mellom skulane og større forskjellar internt i skulane. Det skuldast privatiseringseksperiment i den svenske skulen. Det har gitt dårlegare resultat, mens vi har hatt framgang, seier Halvorsen til NRK.

– Uvanleg angrep

Den norske raud-grøne regjeringa har innført skulefrukt-ordning og fysisk aktivitet og har varsla ytterlegare utvida skuledag på barnetrinnet.

Det er slett ikkje daglegdags kost at politikarar blandar seg i den innanrikspolitiske debatten i andre land.

Björklund er også vise-statsminister i Sverige.

– Det er uvanleg å gå til angrep på statsrådar i andre land. Det er heilt greit for meg, men då svarar eg også, seier han til NRK.

AKTUELT NÅ