Hopp til innhold

Lagar skuleapp for syriske flyktningebarn

Regjeringa lyser no ut ei internasjonal konkurranse for å utvikle ein spelbasert mobilapp for syriske flyktningbarn.

Syriske barn på flukt nær Aleppo

SKAL LÆRE: Ein ny konkurranse der målet er å utvikle ein spelbasert mobilapp, skal lære syriske barn på flukt til å lese.

Foto: AMMAR ABDULLAH / Reuters

– Vi ønskjer å nå dei syriske barna som står utan skuletilbod med eit utradisjonelt alternativ til leseboka, seier utanriksminister Børge Brende (H).

Etter snart fem år med krig, har nærare tre millionar barn og unge frå Syria mista moglegheita til å gå på skule.

15 millionar til prosjektet

Fleire veit ikkje kvar dei skal bu elle vere, og dermed får dei ikkje skulegang og kjem etter i undervisninga.

Men mange av dei har tilgang til mobilar. Målet med den nye appen er at den

Utenriksminister Børge Brende

BRUKAR MILLIONAR: Utanriksminister Børge Brende (H) ønskjer at fleire barn skal lære å lese, trass i at dei er på flukt.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

skal hjelpe syriske barn å lære å lese, uavhengig av kvar dei oppheld seg, fortel NTB.

Til saman 15 millionar kroner er øyremerkte til utviklinga av ein eller fleire appar, fortel utanriksdepartementet i ei pressemelding fredag.

Det er også sett av midlar til forsking på effekten av appane. Dei skal testast av syriske brukarar først.

Kjem til jul

Ein eller to av dei beste spela skal etter det veljast ut for ei internasjonal lansering på slutten av året.

– Å lære å lese er grunnleggjande for all læring i framtida. Vi må nå dei unge syrarane med læring der dei er, anten dei er på flukt eller bur i eit område der skular er øydelagde, og det ikkje er lærarar att, seier Brende.

Han ønskjer å få med dei beste spelmiljøa i verda for å utvikle nye spel som både gjev meistring og læring.

Spelet er meiner å vere eit supplement til formell utdanning, og inngår i regjeringa si globale utdanningssatsing, står det i pressemeldinga.

Fristen for å sende inn bidrag til konkurransen er 1. april.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger