Hopp til innhold

Lærarane om heimeskulevedtaket: – Vi i skulen kjenner dette best

Regjeringa sitt vedtak om å tillate meir digital heimeundervisning har ført til bekymringsrynker og åtvaringar. Men lærarane si største fagforeining meiner kritikarane ikkje kjenner skulekvardagen så godt som dei som står i det dagleg.

Stoltenbergutvalget.

SKOA PÅ: – Vi kjenner skulekvardagen godt, seier leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Det har vore ei utfordrande tid for dei 180.000 medlemmene hans i norske skular og barnehagar. Ingen av dei meiner nok at undervisning på skjerm til eit tjuetal trøtte tenåringar heime på rommet er ein idealsituasjon.

Likevel: Utdanningsforbundet støttar heilhjarta opp om regjeringa sitt vedtak om å tillate meir heimeundervisning også når det er lågare smittetrykk.

Forventar respekt

– Eg har ikkje høyrt om nokon som kjenner skulekvardagen godt som ikkje er einige i dette, seier Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet. Han har trua på at vedtaket vil bli brukt til å gje norske ungdommar betre og meir undervisning.

– Dei som er satt til å forvalte dette, rektorar og lærarar, har jo elevens rettar i tankane, og no har dei fått det lokale handlingsrommet som det er klokt å ha. I tillegg skal dei melde frå når dei innfører heimeundervisning, argumenterer Handal.

Kristine Vedvik Henriksen på hjemmekontor under koronapandemien.

DIGITALT: Kristine Vedvik Henriksen ved Sandefjord vgs får digital undervisning.

Foto: Privat

Handal trur faren for misbruk av ordninga er liten og peikar på at alternativet til digital heimeundervisning i realiteten ofte vil vere dårlegare. Til dømes lærarlause timar eller ukjent og ukvalifisert vikar.

– Men stemmer som Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet, Barneombodet har ytra sterk bekymring for kva som kan bli konsekvensen av vedtaket om å tillate meir heimeundervisning. Forstår ikkje dei dette då?

– Eg respekterer deira faglege syn, og eg forventar å få respekt for vårt. Vi som er i skulen og kjenner dei praktiske utfordringane ved skulekvardagen veldig godt ser at det ikkje alltid er mogleg å oppretthalde alle tilbod.

– Så dei som peikar på farane veit ikkje kva dei snakkar om?

– Eg tenker nok at det er lærarane og skuleleigarane som best kjenner den praktiske skulekvardagen og dei utfordringane dei byr på.

Statsråd Melby meiner ein fordel er at lærarar i karantene vil kunne gjennomføre digital undervisning når skulen er på gult nivå.

Handal peikar i tillegg på at ordninga kan gjere at ein unngår dobbeltarbeid.

– På gult nivå vil for eksempel elevar på ungdomsskulen og vidaregåande i mange fag ikkje kunne vere i same rom fordi dei tilhøyrer ulike klassar. Istadenfor at læraren spring frå rom til rom, vil vi no kunne gje digital undevisning lovleg.

Betre tilbod på raudt enn på gult

Ennio Martinuzzi er fagleg og pedagogisk leiar for vidaregåande-elevar som går på kunst, design og arktitektur-programmet på Rosenvilde vidaregåande skule i Bærum. Han underviser for årets russekull og dei som byrja på vidaregåande dette skuleåret.

Dei siste månadane har det meste av skulekvardagen på Rosenvilde vore på «raudt nivå». Det betyr at ikkje alle elevane er på skulen samtidig. Altså er mange heime med digital heimeskule mens andre elevar er på skulen i grupper som er mindre enn vanlege klasser.

Ennio Martinuzzi er lærar på Rosenvilde vgs i Bærum. Mykje av undervisninga skjer heimefrå.

PÅ SKULEN: Undervisning heimefrå er blitt vanleg for lærar Ennio Martinuzzi.

Foto: Privat

Ved gult nivå skal derimot alle elevar møte fysisk på skulen.

– Eg meiner vi klarer å gje eit betre tilbod på raudt nivå enn gult, fortel han til NRK frå heimekontoret.

– Eg får følgd opp den enkelte elev betre digitalt, eg får gitt meir djupnelæing. Og eg opplever at elevane kjenner seg tryggare. Det er færre både på skulen og i kollektivtrafikken på veg til og frå skulen, det er lettare å halde avstand.

– Så då er det også lurt at regjeringa tillet heimeundervisning på gult nivå?

– Det er både riktig og fornuftig. Det er faktisk helsevern i praksis. Både for elevar og lærarar.

Martinuzzi seier han kjenner seg provosert av korleis representantar for helsestyresmaktene og barneombodet brukar sårbare barn og unge som argument i debatten om heimeskule.

– Det finst enkeltelevar med utfordringar, dei hjelper vi. Men når ein høyrer debatten skulle ein jo nesten tru at alle elevar har problem med vald, rus eller spisevegring. Slik er det jo ikkje, sukkar læraren som trur at dei fleste elevane var fornøgde då skulen hans gjekk frå gult til raudt nivå.

– Dei pusta letta ut. Det vart lettare å halde meteren.

Men også skulefagleg ekspertise har peika på farane ved å tillate meir heimeundervisning. Utdanningsdirektoratet gjekk i eit høyringssvar mot regelendringa og skreiv at «en ytterligere adgang til å gi opplæring hjemme vil også bidra til å skape enda mindre forutsigbarhet for elevene, som allerede må tåle stadige endringer i hverdagen».

Dobbeltkommunikasjon

Ordførar Truls Wickholm (Ap) på Nesodden er ein av dei som meiner det blir fleire ulemper med den nye ordninga.

– Vi jobbar med å trygge folk på at gult nivå er trygt og hindrar smittespreiing på skulane. Når regjeringa opnar for heimeundervisning på gult nivå skaper det berre forvirring, det er dobbeltkommunikasjon frå regjeringa.

Regelendringa frå regjeringa seier også at skulane må melde frå til statsforvtaltaren (tidlegare fylkesmannen) når dei tek i bruk heimeundervisning på gult nivå.

Wickholm meiner den nye ordninga er byråkratiserande.

– Det er ikkje til hjelp og det er ei utvatning av omgrepa raudt og gult nivå.

Kristin Schultz leder i Elevorganisasjonen sentralt

GREIT: Kristin Schultz trur på oppmjuking.

Elevane gir derimot eit stykke på veg støtte til kunnskapsministeren og lærarane.

– Vi har forståing for at blir ei viss oppmjuking av desse reglane, seier leiar Kristin Schultz i Elevorganisasjonen.

– Det har vore eksempel på at klasser blir delte fordi nokre må vere heime og andre vere på skulen, og så har begge partar fått dårlegare undervisning. Då kan det vere betre med godt gjennomført digitalt opplegg.

Men ho åtvarar mot at verkemiddelet blir brukt for mykje.

– Det er ekstremt viktig at denne endringa no blir praktisert til elevane sitt beste.

AKTUELT NÅ